Min reise i tid og rom 2 av Reidun Haavik

Forfattar Reidun Haavik skildrar opplevelsar og erfaringar frå sitt rikholdige liv i denne boka, spedd på med fotografier og mange flotte malerier.

  • Norsk tittel: Min reise i tid og rom 2
  • Forfattar: Reidun Haavik
  • Sjanger: Sjølvbiografi, Livsstil
  • Antall sider: 325
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Reidun Haavik

Reidun Haavik bur på ei lita øy vest for Bergen. Ho maler sjelemalerier og utfører thaimassasjer. I 2012 debuterte ho som forfattar med boka «Min reise i tid og rom». I 2021 kom oppfylgjaren «Min reise i tid og rom 2».

Frå baksida av boka: «Jeg skildrer litt av mine møter med det uforklarlige i denne boka. Møter med småfolk, naturvesener, alver og lysfenomen på så mange vis. Mange fascinerende fotografier du ikke har sett maken til. Noen historier fra møter med mennesker som har opplevd mine «alternativ/naturlige» behandlinger. Jeg forteller også fra mitt eget liv i møte med allergi og matintoleranse, sykdom og sosiale media.»

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Min reise i tid og rom 2».

Fyrst og fremst er denne boka på mange måter ein sjølvbiografi. Me vert godt kjent med Reidun Haavik gjennom hennes historier, malerier, dikt og tanker. Ho er innom mange forskjellige temaer, noko som kanskje gjer at denne boka kan vere interessant for fleire.

I hovedsak så handlar boka om helse, energier, møter med det uforklarlige, minner frå eit tidlegare liv og sosiale medier. Men også ein god del på det personlege plan, der ho skildrar sjukdom, overgrep, konflikter og å finna seg sjølv.

Haavik deler sine erfaringer om det uforklarlige. Ho har me ein god del fotografier som ho sjølv har tatt. Ikkje alle bileta er like klåre, då dei fleste er tatt i skumring og i mørket. Så får da vere opp til kvar enkelt lesar å trekke konklusjoner ut frå desse bileta. Haavik skildrar uansett kvart bilete slik ho oppfattar det, noko som gjer det oversikteleg og godt organisert.

Temaer går om ein annen. I da eina øyeblikket skriv ho om energier og magnetfelt rundt seg, og i det neste skriv ho om falske Instagramkontoer. Så ho er både høgt og lågt. På éin måte litt forvirrande, på ein anna måte er det befriande. Noke kan vere litt tungt å forstå for dei som ikkje er heilt inne i det alternative, og då kan det vere greit å avlaste litt med å lese om meir daglegdagse ting.

Forfattar skriv masse rundt sitt eiga liv, om dietter etter slankeoperasjon, om helseplager, men også om fleire konflikter ho har vert borti i samband med f.eks sosiale medier og fjernhealing. Me finn fort ut at denne dama ikkje går rundt grauten i desse situasjonane. Ho brukar óg ein god del plass på å få fram kor viktig da er å lytte til eigen kropp, og å ha kjærleik og aksept til seg sjølv, uavhengig av kva alle rundt deg tenker og meiner.

«Uansett så er det viktigste for meg å leve her og nå. Leve mitt liv på min måte. I trygghet om at det er godt nok å være meg. At jeg er meg på alle de måter som er meg. Både i den fysiske kroppen og som sjel i den mentale og fysiske reisen som jo livet er.»

Det er mange eigne malerier med i boka. Desse er verkeleg eit blikkfang. Ein del sjelebileter, som logisk nok er meir «abstrakte» en andre, men likevel veldig flotte. Da er tittel på nesten alle maleriene, og eg håper at Haavik har utstillingar på maleria sine, for dei fortjener verkeleg å koma opp på vegger rundt om i stuene til folk.

Ho starta å skrive på denne boka i 2014, og har ferdigstilt den i 2020. Språket er bra, enkelte skrivefeil er det, men ein forstår bodskapet på ein lettfatteleg måte. Nokre ting passar betre for dei som kjenner ho frå før, og vil nok skjøna meir av innhold og relasjoner enn da eg gjorde.

Ein finn fleire oppskrifter gjennom boka. Frå fast smeltbar ost av kokosmelk, til blant anna krydderlefser, heimelaga leverpostei og forfattarens eigen oppskrift på fuktighetskrem. Så spranget er stort og innholdet er rikt.

Denne boka passar nok utvilsomt best for dei som kjenner forfattaren frå før av. Dei vil ha meir utbytte av boka, enn ein ukjent vil ha. Men det står masse interessant i den, og er absolutt verdt ein kikk viss du er interessert i det alternative. Her finn du ein del om celleminner, minner frå tidlegare levde liv, energifelt, meditering, aura, fjernhealing, thaimassasje, åndelege hjelpere, sjeleliv m.m. Ho har også med rytmen i kroppen, det såkalte organuret som er brukt i kinesisk medisin. Dette fant eg meget interresant, og er ikkje i tvil om at det ligg ein god del sanning i denne informasjonen. Eg må understreke at det ho har skrevet om, er basert på eigne erfaringar, og er ikkje ei bok om å lære teknikker og framgangsmåter for å verta ein healer eller medium.

Det er ein del sjølvskrevne dikt med i boka. Dette er dikt som fortel ein historie, eit sakn og inneheld mange kloke ord og visdom. Ingen tvil om at Haavik er ein multikunstner og ein fargeklatt.

Boka er skrevet med innlevelse og sjel, og forfattar byr masse på seg sjølv. Den har eit rikt og variert innhold med mange flotte malerier. Eg vil anbefale den til dei som kjenner eller vil bli kjent med forfattar Reidun Haavik. Den kan óg vera interessant for dei som er inni, eller er nysgjerrig på, det alternative.

TERNINGKAST: 4

En kommentar om “Min reise i tid og rom 2 av Reidun Haavik

  1. Reidun Haavik 12/04/2021 kl. 16:54

    Takker for en flott tilbake melding og en ærlig vurdering av boken min.

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s