Lyst mørke av Geir Jacobsen

Me fylgjer ein 12-årings kamp i sitt forsøk på å lima seg sjølv og familien saman igjen, etter at faren døyr berre 34 år gamal.

  • Norsk tittel: Lyst mørke
  • Forfattar: Geir Jacobsen
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 300
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Publica

Geir Jacobsen (Født 1976) bur i Trondheim. «Lyst mørke» som kom ut i 2021 er hans fyrste roman.

Året er 1986. Verda står i spenn. Ein familie vert ramma av ein tragedie som snur tilværelsen opp ned. Gjennom våren og sommeren fylgjer me ein tolvårings forsøk på å lime seg sjølv og familien saman igjen. Fortid og nåtid blandes saman med skjøre draumar, i eit famlande forsøk på å finne vegen vidare. Lyst mørke er ein gripande og sår historie om barndom, familie, venskap, savn og kjærleik.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Lyst mørke».

Dette er ein roman som handlar om sorga etter at nokon nære har gått bort. Men like masse handlar da om minnene. Minner som vert trekt fram ved bursdagar, ved middagsbordet, på ferieturer eller ved å berre lukke augene og drøyme seg tilbake til den tida då den trygge hånda til faren låg på skuldra til 12-åringen. Dette er med andre ord ei bok der bearbeiding av sorg er i fokus.

«Jeg-personen» i boka er 12 år gamal. Ved å fylgje denne personen, får me eit fantastisk bilete på sorga og måten denne personen ser på dei vaksne på. Eg fant dette heilt naturleg og realistisk, og trudde på kvart einaste ord. Geir Jacobsen har gjort eit strålande stykke arbeid med denne boka. Med tanke på at dette er hans fyrste roman, så har me forhåpentligvis masse i vente.

«Jeg var åtte desperate år som ville raskest mulig ut i den danske sommeren, men da mamma falt sammen i pappa sine myke hender, ble jeg plutselig mange år eldre. Jeg kjente varmen bre seg langt nede i magen, og i et evig og kort øyeblikk tenkte jeg at det er ingenting å grue seg til – å være voksen kan være ganske fint, det også.»

Faren er berre 34 år gamal, og er på sitt siste frå sjukesenga. Tilbake står 12-åringen saman med mor og ei søster. Me får hjerteskjærende skildringar, men samtidig skriv forfattar på ein slik måte at det blir vakkert og ein kan dra på smilebåndet oppi all sorga. Vidare fylgjer me med på sorgprosessen, på alle dei tilbakevendende minnene og mange av dei oppslukande historiene faren hadde å by på. Lystløgner av rang, alle visste det, men dei ville likevel tru det var sant medan dei satt lydhøre og høyrte på den eine ville røverhistoria etter den andre.

I enkelte av kapitla følte eg at da kanskje fløyt litt vél avgårde med historiene. Ikkje alt var like viktig for handlinga i boka. Men som heilhet så dannar ein seg eit bilete av livet på 80-talet med desse historiene.

På ein måte var det ei litt «tung» bok å lesa, i den forstand at da er masse sorg inne i biletet. Men på ein anna måte er dette kanskje den beste romanen eg har lest på lang lang tid. For sjølv om bakteppet er død og sorg, så sitter ein og smiler med seg sjølv veldig ofte. Språket er enkelt og genialt. Gje boka til ein 12-åring og vedkommande kan lett lese boka og få like masse utbytte av den, som ein vaksen person.

«For det første er det ingenting å skamme seg over at man er trist og lei seg. Tvert imot. Det er lov å være lei seg, så mye og ofte som man vil. For det andre kan sorg oppleves veldig forskjellig. Det er veldig mange måter å være lei seg på, og alle er den riktige.»

12-åringen i boka elsker fotball, og særskilt Diego Maradona. Året er 1986, og det er fotball-VM i Mexico. Eit VM som skal spilles uten at faren er til stades. Klarar vener som Børge og Even å vege opp for saknet av faren? Klarar 12-åringen å glede seg over at Maradona storspeler i kamp etter kamp?

Ein del fotballsnakk er det, mest navn på spillere rundt VM i 1986. Men om du ikkje liker fotball, så ikkje la deg avskrekke frå å lesa boka. Dette fell naturleg inn i historia og teksten. Forfattar tar oss óg med inn i musikkens verden. Ei lita runddans på kva som var på topp i denne tidsalderen. Med andre ord vert det ei lita mimrestund for oss som var til stede på 80-talet. Og nettopp da å skildra tidsperioden har Jacobsen klart på ein meisterleg måte. Panini-samlekort, lukter og sanseinntrykk av å koma inn i ein kiosk med småpenger som brenn i lomma, den store tunge DBS-sykkelen… Det er så masse som vekker gode minner hos meg som lesar.

Det er mange historier i historien. Me blir ofte tatt med tilbake til den tida då faren levde, og dei var ein komplett familie. Alt frå ferieturer til den tida då faren jobba på eit sirkus. Alt dette blandes skjørt saman, og gjer dette til ein stor leseopplevelse. Gjennom desse historiene kjem me tettare på kor sårt dette saknet er etter ein person som har betydd så masse i eit liv, og korleis familien skritt for skritt klarar å møte kvardagen att.

I «Lyst mørke» finn ein sorg, sakn, vemod, minner, smil, humor, lyspunkt, mørke stunder, håp, glede, venskap, familie, 80-talet og alt da ein barndom har å by på. Dette er skrevet på ein slik lett og naturleg måte, noko som gjer boka særs leservennlig, og formidlar strålande forteljarkunst. Bok-Noreg trengte ei slik bok. No er den her.

Boka er skrevet for vaksne, sett gjennom augene til ein 12-åring, og er ei bok totalt fri for banneord og sterk kost. Slutten på boka får ein verkeleg til å sperre opp augene, og gjere til at «Lyst mørke» er ei bok ein vil hugse i lang tid. Anbefales på det varmeste.

TERNINGKAST: 5+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s