Forlist sjel av Svanhild Fosback

Arendal vert sett på hovudet i denne spennende krimdebuten til forfattar Svanhild Fosback.

  • Norsk tittel: Forlist sjel
  • Forfattar: Svanhild Fosback
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 282
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Gaveca Forlag

Svanhild Fosback er frå Arendal. Ho har bachelorgrad i sykepleie, og har gått på Forfatterskolen. Fosback har tidlegare skrevet dikt og noveller som er utgitt i fleire antologier, og ho har vert redaktør og medforfattar i antologien «Drøm» som vart utgitt i 2018. «Forlist sjel» (2020) er hennes debut som krimforfattar.

Ein forretningsmann vert funnen drept ved fyret Lille Torungen i Arendal av den psykisk ustabile Linn.
Frida Feseth, som er programleder i tv-serien «På villspor», er på veg til hytta på Sørlandet. Dotter hennes er turnuslege ved Sørlandet Sykehus, og bur der for tida.
Barndomsvennen Silas Ormekjenn etterforskar drapssaken, og Frida involveres på grunn av ein tidlegare sak ho har jobbet med gjennom sitt tv-program. Vart feil mann dømt den gong?
Samtidig brenn det under føttene til unge Magnus når eit nytt likfunn ryster sørlandsbyen.
Frida nøster tråder på utradisjonelt vis, og ein grusom overgrepssak i ein religiøs sekt avdekkes. Til slutt sit Frida med løysinga, men er den korrekt?

Denne boka er eit leseeksemplar frå Gaveca Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Forlist sjel».

Dette er ein krimroman med eit truverdig plott. Deler av sjølve etterforskinga er meir oppdikta og mindre reelt. Dette er ingen tradisjonell politikrim, då me fyrst og fremst fylgjer ein programleders jakt på å løysa diverse saker, riktignok i samarbeid med ein etterforskar.

Me kjem under huda på nokre av karakterane i boka. Særskilt den psykisk ustabile Linn Knudsen Bye er godt skildra. Og her har forfattar gjort ein meget god jobb. Allereie frå fyrste møte i boka, merkar eg som lesar at her er det noko riv ruskande galt. Og me får etterkvart oppgjeve årsak til tilstanden til Linn. Det er rystende lesning, men også ein potensielt realistisk karakter og bakgrunn.

«Linn skjønte at alt var over. Hun hadde ikke flere krefter igjen. Hadde ikke håp. Visste at djevlene kom til å føre henne rett ned i helvete! Hun sparket og spyttet i et siste desperat forsøk på å komme seg løs, men klørne holdt henne fast. Hun skled bakover, og hodet smalt i båtripa for andre gang denne dagen. Hendene til et av monstrene festet seg rundt nakken som en kvelerslange. Hun kjente lukten fra ånden hans.»

«Jeg-personen» i boka er tv-programleiaren Frida Feseth, ei dame i 50-åra, som ikkje lar seg skue på håret. Ho brukar litt utradisjonelle metodar for å prøva å nøsta opp i sakene ho etterkvart kjem over. Av og til vert det nok urealistisk, men dette er som nevnt ingen politikrim, og då slepp ein langt billigare frå det.

Kvart kapittel i starten av boka omhandlar ein person. Etterkvart vert personane tilknytta kvarandre, og da går meir i eit. Kapitla er relativt lange, men har ein spennende cliffhanger, som gjer at ein ikkje får lagt boka frå seg på ein tilfredsstillende måte for kvelden. Her har Fosback verkeleg gjort jobben sin til fulle.

Det vert mange lause trådar etterkvart. Eg mista oversikten eit stykke uti, men heldigvis så «oppsummerer» forfattar gjennom karakterene undervegs, slik at ein kan henga seg på igjen om ein fell litt utav det. Dette var eit godt trekk av Fosback, og gjorde leseopplevelsen min langt betre.

Når det var litt dødperioder i boka, følte eg det vart litt mange unødvendige detaljer og skildringer rundt personar og omgivnadane. Her ville eg helst hatt fortgong i handlinga igjen.

Ein god del navn er det, men eg vart litt overraska over at enkelte, og som i utgongspunktet eg såg på som nøkkelpersonar, meir eller mindre blir fadet ut av historia før dei plutseleg dukker opp seinare. Her hadde eg gjerne sett at forfattar holdt desse personane «varme», og inkludert dei meir i romanen.

Det er ein del sterke og dagsaktuelle temaer i boka. Som f.eks menneskesmugling, pedofili, religiøse sekter og psykiske lidelser. Eg vart oppgitt, irritert, sint, og fekk stor medkjensle medan eg les denne boka. Bevisst eller ubevisst, denne boka sett følelsar i sving hos lesaren.

Forfattar er også innom lengda på fengselsdommer. Kor urettferdig da er at offeret får «livstidsdom» i form av fysiske og psykiske reaksjonar, medan den skyldige er «fri» og har sonet ferdig på nokre får år.

Plottet og språket er godt. Sluttpartiet vart for meg den beste delen av boka. Her var det tempo og ein forstod bodskapet til forfattaren på ein langt betre måte. Alle lause tråder vert til ei rett og fin linje, og utelater ingen store spørsmålsteikn når siste side er lest.

Ein spennande krimdebut frå Svanhild Fosback. Her er Arendalområdet godt skildra, og lokalkjente vil kjenna att plassar og bygningar i romanen. Boka er innom mange dagsaktuelle temaer, og speler på følelsesregisteret til lesaren. Ei bok eg kan anbefale vidare.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s