Å løfte og bli løftet av Bjørk Matheasdatter

Gjennom kloke og nære skildringar, får du mange gode råd om korleis du kan gjera kvardagen og livet betre for deg sjølv og dei rundt deg.

  • Norsk tittel: Å løfte og bli løftet
  • Forfattar: Bjørk Matheasdatter
  • Sjanger: Sakprosa, Selvutvikling
  • Antall sider: 304
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Gyldendal

Bjørk Matheasdatter (Født 1964) er parterapeut, pedagog og foredragshaldar, og er også fast spaltist i Dagbladet Magasinet. I nesten 20 år har ho formidla kunnskap om kjærleik gjennom kurs og foredrag. I 2017 gav ho ut boka «Å elske og bli elsket». «Å løfte og bli løftet» er hennes andre bok.

Gjennom inspirerande og tankevekkande tekstar får du i denne boka smarte grep og tips om å behalda og ta vare på den gnisten alle er født med, enten du er på jobb, eller du er saman med kjæreste, familie eller vener. Forfattar skriv om å løfta fram dei gode, gylne øyeblikka i kvardagens utfordringar, om motivasjon og valgmuligheter, om sorger og gleder, om relasjonar og kjærleik. For kva gir gnist, og kva tar frå deg gnisten? Korleis kan me løfta oss sjølve og andre opp og fram? Lisa Aisato står for illustrasjonane.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Å løfte og bli løftet».

Eg har alltid vert litt skeptisk til slike bøker som skal formidle kunnskap om kjærleik, samhold og få deg til å bli eit betre menneske. Eg har lest eit par slike bøker tidlegare, og egentleg berre lagt dei fint ifrå meg utan å oppnå noko som helst. Skiller denne boka seg ut frå mengden?

Svaret er definitivt eit stort ja. Heile boka er tvers gjennom eit solid stykke arbeid. Frå det flotte omslaget, gjennom litt tjukke og stive ark, til dei fantastiske illustrasjonane av Lisa Aisato, og det enkle og virkningsfulle språket til forfattar Bjørk Matheasdatter.

«Det er ikke sant at du må ha det bra for å ha noe å gi. Du har det sjelden så dårlig at du ikke kan få det litt bedre av å være noe for andre.»

For da er nettopp språket og vinklinga på spørsmåla som gjer denne boka lett å lesa. Og når den er lettlest, så er det også enkelt å ta til seg innholdet i teksten. Boka traff meg. Enkelt og greit.

Forfattar nyttar observasjonar frå sitt yrke som parterapeut, og hendingar frå sitt eiga liv til å skapa eit nært og personleg bilete som alle kan relatera seg med. For i ein travel kvardag kan ein fort sjå seg litt blind på ting, og gløyma da som er viktig. Då er det veldig godt å kunne stoppe opp litt, og få nokon til å opne augene for deg. Dette har forfattar gjort med dette praktverket av ei bok.

Boka er eit oppslagsverk. Den er delt inn i 10 kapitler med underkapitler. I teksten har forfattar nytta dikt og sitater frå andre for å skapa ei enkelt og godt heilhetsbilete for å få fram bodskapa i sine kapitler. Kvart kapittel har ein illustrasjon, og desse illustrasjonane er ein fryd for auga. Ein kjenner att bileta til Lisa Aisato med ein gong, og gir denne boka den lille prikken over i’en. Her treng ein ikkje lesa boka frå perm til perm, sjølv om eg varmt kan anbefala da.

Denne type bøker kan fort bli ein liten skjennepreken og ein moralsk peikefinger vert løfta. Men ikkje her. Språket er fagleg, men skrevet på ein folkeleg måte. Eg vart særs positivt overraska over lettheten og da dagligdagse i teksten. Her kan ein relatere seg til det som skrives og skildres.

Sjølv om ikkje alle kapitla kanskje er eit spesifikt «problem» i livet ditt, så kjem forfattar med mange kloke og gode råd som ein kan ta med seg vidare inn i kvardagen. For forfattar Bjørk Matheasdatter reflekterer over dei viktige tinga i livet, nemlig dei menneskelege. Etter å ha lest denne boka skjønar eg at det skal veldig lite til for å skapa ein fin kvardag for deg sjølv, og dei rundt deg. Sjeldan har eg lært så masse på så få sider.

«Å løfte og bli løftet» er ei bok som passar for alle voksne. Uavhengig av din livssituasjon så vil denne boka gi deg som lesar mange gode råd og aha-opplevingar som du kan ta med deg inn i din kvardag i møte med menneska rundt deg, og gjera dagen betre. Eg tar av meg hatten for Bjørk Matheasdatter, som med sitt lette språk har klart å formidla vanskelege temaer på ein veldig enkel og god måte. Dette er ei bok veldig mange vil få stor glede av.

TERNINGKAST: 6

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s