Antatt Skyldig av Kjell Arvid Nilssen

Mor og to små barn vert funnen drept. I trappa ligg ein ung narkoman død inni ei bjørnedrakt, med ein blodig kniv mellom bjørnelabbene. Politietterforskar Stig Motland får ein enkel jobb med å ferdigstilla rapporten. Eller?

  • Norsk tittel: Antatt Skyldig
  • Forfattar: Kjell Arvid Nilssen
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 295
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Liv Forlag

Kjell Arvid Nilssen (Født 1955) er oppvokst i Sørreisa i Troms, men har budd i Tønsberg i ei årrekkje. Han debuterte som forfattar med «Kjærlighet og død på boreriggen Oil Finder» i 2007. I 2009 gav han ut «Venninepakten». «Antatt Skyldig» er hans debutroman innan kategorien klassisk krim.

I ein stor villa utanfor Stavanger ligg ei knivstukket kvinne på stovegolvet. I trappa opp til andre etasje er liket av ein ung narkoman, iført eit bjørnekostyme, med ein blodig kniv mellom bjørnelabbane. Bak ei lukka dør ligg det to døde barn, nokre få meter frå der narkomanen vert funnen. Den uerfarne politietterforskaren Stig Motland får saka i fanget. Oppgåva er enkel i og med at han berre skal ferdigstilla ein rapport som skildra det auga såg. Alle var enige om at ein rusa person hadde trengt seg inn i heimen, mens mannen i huset var vekke. Her skal han ha drept ei mor og hennes to små døtre, før han har satt ein overdose på seg sjølv. Stig Motland slit med å sove om natta. For kva om ikkje alt var som det såg ut som?

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlaget Liv Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Antatt Skyldig».

Da er ein spennande start på boka, sjølv om da ikkje skjer all verden heilt i starten. Ein finn fort ut at det er mange koplingar mellom dei forskjellige personane, noko som gjer heile plottet meir interessant. Og nettopp plottet er intrikat og meget bra.

Språket er lett og boka innheld mange små kapitler. Spenningsnivået er godt, og persongalleriet variert. Som lesar kjem me raskt inn i handlinga.
Eg syntes spenningskurven var litt varierande utover i boka, men starten og slutten er ein fornøyelse å lesa.

«Ute i hallen sto en forsteinet Stig Morland. Han så opp på den brede trappa som førte opp til loftsetasjen. Halvveis oppe, på et av trinnene, lå en dukke med store, mørke krøller. Selv om den manglet en arm, kunne det ikke forklare blodflekkene på dukkeklærne.»

Persongalleriet er som nevnt variert. Hovedpersonen, etterforsker Stig Motland, er ein usikker person som stadig tar seg sjølv i å gjera nokre småfeil. Men han veks utover i romanen, og framstår meir ansvarleg etterkvart. Eg hadde veldig sansen for Leo. Ein person som stiller «moffa» mange gode og nokre mindre gode spørsmål. Ein herleg karakter.

Hendelsesforløpet er ikkje tidfesta i år, men med dato og måned. Handlinga foregår i og rundt Stavangerområdet. Eg følte likevel at skildringane av plasser og miljø var såpass vage, at det forsåvidt kunne vert kvar som helst i landet. Her kunne kanskje forfattar brukt litt tid på å gjenskape dei spesifikke stadane til det gjenkjennelege.

Eg likte veldig godt måten Kjell Arvid Nilssen har brukt teksten på «bjørnen sover» i historia. Ein får litt frysninger av å lesa om dette, og ein føler det er tatt ut av ein skrekkfilm. Veldig bra.

Dette er ei bok der det er klassisk etterforskning, ein dæsj med action, og ein god del psykologi utan at det vert kjedeleg, for menneskesinnet kan vera lunefullt. Fortida til personer speler ein stor rolle og nokre har hemmeligheter som sakte men sikkert kjem opp til overflata i sånne a-ha opplevingar. Når eg følte eg hadde ein formeining om hendelsesforløpet, så knuste forfattaren min teori. Som igjen gjer at eg som lesar føler at Nilssen har gjort ein god jobb med si historie.

«Antatt skyldig» var ein gledeleg overraskelse. Kjell Arvid Nilssen viser med denne romanen at sjølv om ein er ein relativt ukjent forfattar, og gjev ut boka på eit mindre forlag, så kan kvaliteten på innholdet likevel vera særdeles solid. Dette er krim på høgt nivå.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s