Cast-off av Jean-Louis Adorsen

Dette er ei novellesamling innan krimsjangaren. Heile 17 noveller som forfattar har skrevet mellom 1968 og 2020 er å finne i «Cast-off».

  • Norsk tittel: Cast-off
  • Forfattar: Jean-Louis Adorsen
  • Sjanger: Roman, Noveller
  • Antall sider: 289
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: adorsen.no

Jean-Louis Adorsen er født i Frankrike i 1949. Flytta til Noreg i 1954. Har jobba som setter, typograf, systemkonsulent og IT-konsulent. Han byrja tidleg å skriva noveller, og fekk den fyrste på trykk allereie i 1968. I 2017 kom han ut med sin fyrste bok, «Høstmørket». «Engelen Gabriel» vart utgjeven i 2019.

«Cast-off» er ei novellesamling på fjorten noveller, to vekebladromaner og ei Twitter-novelle på 23 ord. Nokre av novellene har aldri før vert publisert, medan andre er premierte og har vert på trykk i diverse aviser og vekeblad. Den eldste novella er frå 1968, medan den nyeste er skrevet i august 2020, like før denne boka gikk i trykken. Sytten kriminelle forteljingar ligg å ventar på deg.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Cast-off».

Jean-Louis Adorsen er eit heilt nytt navn for min del, men eg rekner med fleire kjenn att navnet frå noveller i vekeblad opp gjennom åra. Han har også i dei seinare år kommet ut med to bøker.

Det er to lange og femten korte noveller. Sjølv om det er stor spennvidde når novellene er skrevet, er temaene like dagsaktuelle den dag i dag. Det er mørke temaer forfattar har med i sine historier, alt frå makabre drap, til incest, familievold og barneporno. Innholdet kan til tidar dermed vere litt røft. Men det skapar uansett provokasjon og følelsar hos lesar å lesa om samfunnsengasjerande og tabubelagte temaer.

Adorsen har gode miljø og personskildringar i sine noveller. Språket er lett og ein vert dratt inn i historiene med ein gong. Personleg likte eg best dei to lengste novellene. For det er noko med da å bli kjent med ein karakter undervegs. Det er ikkje alltid like lett i løpet av få sider.

«En sur eim slo mot henne idet hun kom inn i hallen, en lukt hun først ikke kunne plassere, men som minnet om fyrverkeri, og som hun antok måtte være av krutt. En enslig damesko lå midt på golvet i hallen. Det var noe så uhyggelig ved den uryddige måten den lå der på at det grøsset i henne.»

Kvaliteten på novellene er meget bra, sjølv om eg syntes nokre var betre enn andre. Artig er det óg å lesa fakta om novellene i boka. Ei novelle fann Adorsen att etter 28 år på ein gamal Amiga-diskett.

Det er ingen rekkefølge på novellene, så nye og gamle utgivelsar er om ein annen, utan at eg klarte å skilja nivået på den. Dermed viser forfattar at dette er noko han har hatt i blodet frå unge dagar av. Ved kvar novelle er det oppført om og når dei er utgitt før.

Adorsen har gjort alt med boka på eiga hånd. Til og med layout, omslag og brekking av bok. Dette er imponerende.

Til å vere kriminalnoveller inneheld desse historiene eit vidt spekter av temaer, men likevel har alle eit veldig bra spenningsnivå. Denne er veldig fin å lese i når ein ikkje har tid til å lesa ei heil bok. Så er du glad i krimnoveller eller korte historiar, kan eg anbefala denne boka.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar