Gotisk Menora av G. Felling

Bli med på ei spennande skattejakt med to nordiske forteljarstemmer i denne historiske thrilleren som spenn seg over nesten 2000 år.

  • Norsk tittel: Gotisk Menora
  • Forfattar: Geir Felling
  • Sjanger: Roman, Historie
  • Antall sider: 846
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Prego Mobile

Geir Felling (Født 1963) er forlegger i forlaget Prego Mobile AS, og har stor interesse for den europeiske folkevandringa som foregjekk i år 300-800 etter Kristus. Felling er utdanna tekstforfattar, kunstner og psykoterapeut. Han debuterte som forfattar i 2010 med boka «Fra romer til ridder – de europeiske folkevandringene 300-800 e.Kr».

Nokre desemberdagar i 2010, i ein kjeller i svenske Karlstad blir romanens hovedperson og forteljarstemme innviet i løysinga på eit av verdas store skattemysterium. Kvar tok egentlig goterkongen Alariks Roma-skatt vegen? Men boka handlar ikkje berre om ein 2000 år lang skattejakt, den handlar óg om eit dypdykk inn i folkevandringshistoria med religiøse symboler, psykologi, plagiering og falske agendaer. Her brettes det ut ei mulig løysing på eit uløyst mysterium av historiske og religiøse dimensjoner. Lesaren inviteres med på ei reise i verdenshistorien gjennom stemma til to unge nordiske historikere, der ingenting er utelatt i denne historiske romanen.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Gotisk Menora».

Boka startar med at forfattar har fått eit manus frå ein avdødd journalistvenn som må holdast anonym, då spora etter dei gjenværende ville vert for åpenlyst. Felling skal så ha bearbeida dette manuset til det eksemplaret som no er blitt gitt ut. Er dette sant, eller reint oppspinn? Ikkje veit eg, men allereie her byrjar konspirasjonsteoriane å svirra i mitt hovud. Så dette var ei spennande innleiing på boka.

Dei fyrste kapitla vart litt overveldande for min del. Det er så masse historie, personer og stedsnavn at eg falt ut, og såg egentlig litt mørkt på dei resterande 800 sidene i boka. Når forfattar har gjort seg ferdig med foranledninga til sjølve forteljinga, tar boka seg kraftig opp for min del. Og måten Felling har gjort dette på, fortjener all mulig ros. For forteljarstemma, eller rettare sagt forteljarastemmene, sidan dei er to, fortel denne historia til meg som les boka. Eg kan formeleg føla at dei sit i dette rommet og legg ut om denne reisa gjennom 2000 år.

Eg tok nokre stikkprøvar i forhold til historiske personar og hendingar som er omtalt, og alt eg sjekka stemte med verkelegheita. Det er eit massivt arbeid som ligg til grunn for denne boka, der det må vere brukt tusenvis av timar på research. Eg er rett og slett berre mektig imponert. For ein som elsker historie, særskilt frå denne peroden, må dette vere den ultimate boka å lesa.

«Foruten selve konfluensen og «laksetrappene» som følger Busento, blir Ponte Alarico og renessansekirken på motsatt bredd behørig fanget opp. Likeens deres landsmenn en gang – hine dagers Himmler og Gneiss – så er også disse fredfulle tyskerne anno 2011, på leting. Akkurat som meg selv. Solbrente og på søken etter manifestasjon.»

Det er ei særs unik bok. Ein murstein på godt over 800 sider. Det er ein enorm kunnskap som ligg til grunn for denne reisa i verdshistoria, som er heilt utanom det vanlege. Og sjølv om eg ikkje hang med på alt av innhold, har denne boka vekka mi interesse for goternes opphav, vestgoterhøvdingen Alarik, og det som skjedde i åra 300 til 800 e. Kr.

Det er ein del sitater frå andre bøker, og dei er gjerne på engelsk. Det er også ein del engelske setningar og ord gjennom boka. Det er riktignok ikkje noko innvikla og vanskelege ord og uttrykk, så alle med ein basiskunnskap i engelsk vil forstå innholdet veldig greit. Litt verre var det da det kom nokre få italienske setningar, men også her skjønar ein bodskapet.

Handlinga forankres i 500-tallets Europa, sør i Italia i 1937, og byene New York, Roma og Istanbul i våre dagar. Eg må seie eg falt for personane «Nonno» og «Nonna» som omhandlar samtalar i 1937. Dette er to særs engasjerte eldre italienske personer, med eit temperament og lidenskap for å fortelja. Herlege skildringar rett og slett. Forfattar kjem inn på religioner og religiøse symboler, som det ofte gjer i denne type bøker. Dette er noko som har engasjert og vert mystifisert verda over i alle år, så også i denne boka. Psykologi og menneskers tankeganger er også eit viktig element i denne boka. Her kjem forfattaren sin bakgrunn som psykoterapeut til sin rett.

No likar eg egentlig ikkje å samanlikne bøker, då eg meiner at alle bøker har kvart sitt liv og sjel, men ein kjem nok ikkje utanom Da Vinci-koden av Dan Brown. Berre at denne norske «versjonen» er langt meir omfattande og detaljert i sin historie.

Eg har skjønt at boka kan bli filmatisert. Og det bør den definitivt bli. Den bør også formidlast utover Noregs grenser, da den har så masse fantastiske historiske opplysningar å komma med. Spesielt i Italia bør denne vera høgaktuell.

Eg må ærleg innrømma at eg skjøna ikkje alt i denne historiske romanen. Men den vart etterkvart særs spennande og engasjerande. Den eine forteljarstemma, svenske Staffan Ericsson, er jo ein karakter for seg sjølv. Kvardagsleg og varierer med å vera engasjert og vera meir likegyldig, men ein følar det sterke ynskjet om å få fortalt denne historien riktig, og ikkje hoppe over detaljene. I USA har han fått navnet «Scandinavian Jones», der han sit inne med revolusjonerande viten om ein forsvunnet og særs historisk skatt.

«Gotisk Menora» er ein sjeldan skatt til alle som har interesse for historie og/eller religion. Til denne gruppa vil eg anbefala denne boka på det sterkeste. For ein som berre er glad i å lesa bøker, kan den til tider vere litt krevjande å lesa. Men når ein fyrst kjem inn i denne verda til Felling, ligg det ei veldig godt komponert bok, med ei spennande historie som engasjerar. «Qui vivra verra» («Den som overlever vil få se»)

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s