Lommeboka i hverdag og krise av Arman Vestad & Guro Sollien Eriksrud

Boka inneheld enkle og konkrete tips både til deg som er i en vanskelig økonomisk situasjon, og deg som vil ha meir ut av pengene dine. Dette er ei meget lettlest og oversikteleg bok om økonomi.

  • Norsk tittel: Lommeboka i hverdag og krise
  • Forfattar: Arman Vestad & Guro Sollien Eriksrud
  • Sjanger: Livsstil og helse
  • Antall sider: 163
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Kort Sagt Forlag

Arman Vestad har jobba med gjeld og kvardagsøkonomi i NAV lokalt og nasjonalt i 15 år, og driver idag sin eiga virksomhet der han blant anna samarbeider med bedrifter for å forebygge økonomiske problem. Han held óg kurs og foredrag.
Guro Sollien Eriksrud starta eit tilbud for straffedømte om økonomisk rådgivning i regi av Oslo Røde Kors. I 2016 kom ho ut med boka «Gjeldsarbeid». No held ho foredrag og kurs, og har fleire bokprosjekter på gang.

Økonomi er ikkje berre penger og tall. Det ligg masse følelsar og vaner bak kvardagsøkonomien. Mange vegrar seg for å ta eit skikkelig tak i sitt eget pengeforbruk, gjerne fordi at forståelsen eller evnen til å setja seg inn i materien er for tung og kjedeleg. Mange har aldri fått konkret kunnskap om økonomi anna enn da dei plukkar opp på vegen. Resultatet av dette kan bli at ein møter voksenlivet eller krisetider utan å vere forberedt. I denne boka får du enkle og gode tips som gjer at du står sterkare viss du kjem i økonomiske problem. Her får du konkrete råd og trinn for trinn korleis du kan spara store beløp med enkle grep. Denne boka er til deg som ynskjer eller må håndtera økonomien annerledes. Den er også til deg som ynskjer å hjelpe og inspirera andre.

Denne boka er eit leseeksemplar på e-bok frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Lommeboka i hverdag og krise».

Eg lurte litt på kva eg hadde sagt ja til, når eg vart kontakta av forfattar angående denne boka. Lese og anmelde ei bok om økonomi? Sjeldan har mine bange anelsar slått meir feil. Denne boka er særs lettfatteleg og så oversikteleg at det er ein fryd.

Boka er delt inn i 3 hoveddeler med tilhøyrande kapitlar. Fyrste del handlar mest om følelsar rundt det å havne i eit økonomisk uføre. Andre del handlar om oppskrifter og da å få opp auga for korleis ein kan løysa problema, og tredje delen består av gjennomføring med råd og teknikker av det ein har satt seg føre.

«De fleste av oss vil én eller flere ganger i løpet av livet rammes av krevende situasjoner som kan påvirke oss økonomisk. Da må vi ta grep straks. Det beste er om vi forebygger at disse situasjonene fører til økonomiske problemer, og det får du mange tips til i denne boka.»

Dette er ei bok med masse bilete og luftige sider, og den er fullstendig blotta for side opp og ned med tekst og tall. Dette gjer den meget lesarvenleg om eit stort og normalt sett tungt tema. Nesten som den kunne vert laga som ein powerpoint presentasjon. Boka er på berre 163 sider, men dei to forfattarane har fått med alt det essensielle i problematikken. Det er imponerande å skriva ei slik bok utan tunge utgreiinger og masse innvikla fagord, men likevel nå fram med budskapet.

Forfattarane stiller mange gode spørsmål som lesar kan reflektera over. Det vart ein del a-ha opplevelsar medan eg las. Sidan boka er så oversikteleg er det heller ikkje nødvendig å lesa den frå perm til perm, men ein kan lett finna fram til det ein lurar mest på. Likevel er det så mange gode tips og råd på vegen, at eg sterkt anbefalar folk å lesa heile boka.

Etter kvart kapittel er det ein veldig fin oppsummering som tar for seg det viktigaste med veldig få ord. Dette er intet annet enn genialt. Boka er innom dei aller viktigaste temaene, som f.eks kvardagsøkonomien, ferieturer, forsikringar, kreditt, lån, matvanar og masse meir. Alt er lettfatteleg ført ned utan noko form for moralpreken. Syns også det er veldig bra at dei vier mange sider på det psykiske rundt det å havne i økonomisk uføre.

Boka gjer deg meir bevisst på valga dine og hvilke valg som kan vera det mest gunstige for deg i den livssituasjonen du befinn deg i. Her er det ikkje masse kjedelege tall og grafer å forholde seg til. Nokre få eksempler er det, men igjen er det veldig enkelt forklart.

Det vies også eit heilt kapittel til dei som vert permittert. I desse koronatider er det dessverre mange som har kommet og fortsatt kan komme i denne situasjonen. Her vil du få gode råd og ein får opp augene for enkelte feller du kan gå i, viss du ikkje er oppmerksom nok.

Hovedmålet med boka er å finna ut kor det lekker fra lommeboka, identifisera dei største hulla, og kva ein bør gjera for å snu det. Mange gode tips om kvar ein kan få hjelp og kven ein kan kontakta. Eg leste denne som ei e-bok, og her kunne eg klikke på enkelte ord i teksten som var linka til nettsider. Dette oppsummerar egentlig berre enkelheten og den lettfattelege informasjonen denne boka byr på.

Treng du hjelp med økonomien din, og vil ha ei bok der hvermannsen i gata også kan forstå innholdet? Da er denne boka absolutt noko for deg. Den er rett og slett eit must å ha i husholdningen. Eit oppslagsverk av beste sort. Eg tar av meg hatten og bøyer meg i støvet for eit fremragende stykke arbeid av Arman Vestad Og Guro Sollien Eriksrud.

TERNINGKAST: 6

Legg igjen en kommentar