Ryktet går av Lesley Kara

Joanna får høyra eit rykte utanfor skuleporten, og ho sprer da vidare. Da skulle ho aldri gjort. No er det ingen vei tilbake, og plutseleg føler verken ho eller hennes 6 år gamle son seg trygge lenger.

  • Norsk tittel: Ryktet går
  • Original tittel: The Rumour
  • Forfattar: Lesley Kara
  • Sjanger: Spenning
  • Antall sider: 359
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Panta Forlag

Lesley Kara er født i Chelmsford i Storbritannia. Ho bur i Frinton-on-Sea på kysten i Nord-Essex. Ho har vert elev ved Faber Academys romanforfattarkurs. «The Rumour» var hennes debutroman (oversatt til norsk i 2020) og vart gitt ut i 2018, og «Who did you tell» i 2019. Denne boka er foreløpig ikkje oversatt til norsk.

Ved skuleporten går det eit rykte om at ein barnemordar med ein ny identitet har flytta til den litle byen Finstead. På 60-talet var Sally McGowan berre 10 år gamal då ho knivstakk og drepte den 5 år gamle Robbie Harris. Det finnes ingen bileter av ho etter at ho slapp ut av fengsel. Joanna er åleinemor, og bidrar sterkt til at ryktet går om at denne barnemorderen er blant dei. Eit lite rykte som skal visa seg å få store konsekvensar. Kven er denne barnemordaren som no angiveleg går fritt blant dei?

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Ryktet går».

Joanna Critchley er i midten av 30-åra og har åleineomsorga for sin seks år gamle son, Alfie. Ved skuleporten får ho høyra eit rykte om at ein tidlegare barnemordar skal ha fått ny identitet og flytta til byen dei bur i. Mora til ein elev har høyrt da av nokon som kjenner nokon som har ein eksmann som var politimann. Denne politimannen har ein kompis som jobbar med eit vitnebeskyttelsesprogram. Joanne har Alfie saman med Michael Lewis. Dei bur ikkje saman, men er gode vener. Michael er frilansjournalist, og byrjar å grave i saken. Han får tak i noko informasjon og fortel dette til Joanna. Joanna på sin side fortel om desse nye ryktene til damene i ein lesesirkel ho deltar i, i håp om å koma nærare dei, og få barna til å leika med kvarandre, då Alfie er mykje åleina på skulen. Ryktet sprer seg som ild i tørt gress, og Joanna innser at ho har starta noko ho ikkje klarar å stoppa. Ein butikkeigar blir fort utpeikt som Sally McGowan, og folk byrjar å verta truande. Når Joanna får ein følgjar på twitter som kjem med truande twittermeldingar, og ho finn eit manipulert klassebilete på oppslagstavla på skulen som visar sonen med ein kniv i brystet og blodet som renn, skjønar ho at dette er blitt personleg. Joanna byrjar å mistenke alle ho ser. Kven er denne kvinna?

«Ryktet går» omhandlar kva eit i utgangspunktet uskyldig rykte kan føra til i ein liten by som Finstead. Eit lite rykte som raskt veks seg stort, takka vera at folk heile tida kastar bensin på bålet. Små ord eller ein liten bemerkning er nok til å starta noko som kan vera med på å øydeleggja for så mange. Ein finn fort ut at når eit rykte fyrst har byrja å rulla, så klarar ikkje den som starta da å holda kontrollen over det.

«Rykter er som frø, spres med vinden. Ingen vet hvor de havner, men de havner et sted. Legger seg i kriker og kroker, røttene slår rot. Frøene spirer. Det er det samme om de er sanne eller usanne. Jo flere ganger de blir uttalt, desto raskere og kraftigere vokser de. Som bønnestengler som vaier i vinden.»

Forfattaren er veldig dyktig på å holda på spenninga. Som lesar vart eg fort dratt inn i universet til Lesley Kara. Ho skriv truverdig og godt. Eg skifta litt vél ofte på kven denne barnemordaren kunne vera, viss det i det heile tatt var ein barnemorder i byen. For som sagt, det var berre eit rykte….

Slutten vart kanskje litt vél dramatisk i forhold til resten av boka, og i så måte passa ikkje heilt inn med den oppbyggjande forteljinga. Men eg trudde på plottet og historia til Kara. Eg fann den veldig interessant og spennande. Det er ein god del tvister, noko som gjer at spenninga held seg boka gjennom. Så viss du liker psykologiske spenningsbøker, bør du definitivt sjekke ut denne.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s