Tause ofre av Anette Moe

Journalist Fredrikke Sandøy flyttar inn i ein bygård i Kristiansand sentrum. Hvilke hemmeligheter skjuler menneska som bur tett innpå deg? Fredrikke prøvar å finne svar på ei historie som nokon på død og liv vil holda hemmeleg.

  • Norsk tittel: Tause ofre
  • Forfattar: Anette Moe
  • Sjanger: Krim (Samtidsroman)
  • Antall sider: 307
  • Utgivelsesår: 2016
  • Utgiver: Liv Forlag

Anette Moe (Født 1982) arbeidar som sosionom og har ein vidareutdannelse i human resources. Debuterte som krimforfattar i 2009 med boka «Dødssynd». Så gav ho ut «Skjebnens harde hånd» i 2011, og « Tause ofre» i 2016. Ho har også gitt ut ei rekkje barnebøker.

Fredrikke Sandøy er ein journalist som treng forandring i livet sitt. Ho velger å flytta frå barndomsheimen sin, til ein leilighet i ein bygård i Kristiansand sentrum. Dei nye naboane er lite snakkesalige, og prøver å unngå Fredrikke. Etterkvart finn ho ut at nokon har noke å skjule. Journalisten i ho våkner, og ho gjer da ho kan for å komme til bunns i saken. Kor godt kjenner naboane kvarandre egentleg?

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Tause ofre.»

Mor til Fredrikke døydde av kreft. Fredrikke treng å komme seg vidare og selg barndomsheimen og flyttar til ein leilighet i ein bygård. Her får ho nye naboer. Mehmet og Emine Kale bur i den eine leiligheten, saman med dottera Fatma på 15 år. Fatma må godta reglane faren set for ho, samtidig vil ho vera ei populær jente blant sin norske venninegjeng. Den siste tida har ho endra atferd og er blitt meir rebelsk, noko foreldra ikkje anar korleis dei skal håndtera. Dette blir det konflikter av, og Mehmet skammer seg over dottera si, og bruker fysiske avstraffelser i form av å fike til ho. Emine på si side føler med dottera, men må stå ved mannens side uansett om ho er enig eller ikkje. Sigurd Vollen er 50 år og bur saman med mor si Halldis, som har passert 75 år. Sigurd er drittlei maset og kommanderinga til moren. Oppveksten hans har vert prega av særs lite kjærleik frå moren. Han tenker ofte på å leggja ei pute over ansiktet hennes, men hatar seg sjølv for å vera ein motlaus og føyeleg person. Sigurd er vaktmester i bygården, og får med seg det meste av det som skjer der. Ida Riis, ei alkoholisert ensleg mor, bur saman med den 5 år gamle dottera, Tiril. Ida er flink til å skjule sine alkoholproblem ovenfor andre, og prøver å overbevisa seg sjølv med at ho har kontroll på drikkinga. Men ho skal fort finne ut at det har ho ikkje. I etasjen over Fredrikke står leiligheten til Fru Jacobsen tom. Ho er på ein sjukeheim. Når Fredrikke byrjar å høyra steg og lydar frå den tomme leiligheten om natta, besøkar ho gamle Fru Jacobsen. Dette blir starten på ei opprulling av ein mørk hemmelighet nokon i denne bygården går og bærer på.

«Ute begynte dagen å gry. Mørket trakk seg sakte tilbake som et sceneforheng, og publikum var klare for en ny akt. En ny dag kunne starte. En dag uten Karen. Det begynte å snø. Svære filler dalte ned mot bakken, dekket over den skitne snøen og gjorde verden ren igjen.»

Kor godt kjenner me egentlig våre naboar? Dette er utgangspunktet i denne romanen. Forfattaren er innom mange dagsaktuelle temaer med denne boka. Ei alkoholisert mor som ikkje kan vedkjenne egne drikkeproblem, og lar dette gå ut over si eiga dotter. Moe skriv om da å vera innflyttar i ein bygård og kor vanskeleg det er å bli kjent med naboar. Ho skriv óg om ein familie frå ein anna kultur og religion som skal finne sin plass i samfunnet. Det er også andre sentrale temaer i boka, som eg ikkje kan skrive om, utan å øydelegga plottet.

Det er mange ting som foregår innenfor husets fire vegger, samtidig som ein opprettheld ein god fasade utad. Her får me eit innsyn i kva som kan foregå i ein bygård utan at naboar har den minste anelse. Det Anette Moe skriv om er så realistisk at det er nok tilfelle i mange heimar rundt om. På godt og vondt.

Eg stiller meg litt undrande til at den kjem i kategorien spenning/krim. Det er fyrst i den siste delen av boka at noko kan minnast om ei krimbok. Ja, det ligg eit lag av mystikk og spaning boka gjennom, men fyrst og fremst er dette ein samtidsroman. Ein veldig god samtidsroman.

Eg likte denne boka veldig godt. Her treff me forskjellige individer som er særs godt beskrevet. Me får servert mange skjebner som vil sitja igjen hos lesaren etter at «Tause ofre» er lest ferdig. Eg er imponert over språket og skildringane i denne romanen. Boka er eit litterært meisterverk om eit bygårdsmiljø.

TERNINGKAST: 5+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s