Ein antologi med 43 forskjellige bidragsytere, der tema er relasjoner.
- Norsk tittel: Linje
- Forfatter: 43 forskjellige forfattere
- Sjanger: Antologi, Roman, Poesi
- Antall sider: 224
- Utgivelsesår: 2023
- Utgiver: CreAlea Forlag

Temaet i antologien er relasjoner. Relasjoner handler blant annet om kjærlighet, tillit, hat, åpenhet, toleranse, slektskap, tilhørighet og likeverd. I denne boken skildres gode og mindre gode relasjoner, og leseren kan kjenne på viktigheten av nære, gode linjer mellom mennesker, samt hvor sårbare vi mennesker er når linjen blir brutt.
Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå CreAlea Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Linje».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein antologi med 43 forskjellige forfattere. Her finn ein noveller og dikt som har relasjoner som tema.
Ein antologi er ein tekstsamling med fleire litterære tekster samlet frå forskjellige forfattere. Det er også personer som debuterer som forfatter i denne boka, og personer som får sine tekster publisert for fyrste gong.
Spennvidda blant forfattere er stor. Her finn ein debutanter som f.eks 10 år gamle Arwin Lionel Skogan Askø, og ein finn rutinerte ringrever som Aslaug Tidemann og Svanhild Fosback. Men også ein mann som Geir Jacobsen er å finne her. Han fekk tildelt Årets Ulest for 2021 med boka «Lyst Mørke». Denne gongen bidrar han med poesi på øverste hylle.
I og med at spennvidda er så stor, så varierer også tekstene ein del. Nokre er sånn midt på treet, medan andre treff deg skikkelig. Nokre er artige, medan andre er triste, på grensa til melankolske. Det handler om levde liv, om kjærleik som oppstår og om kjærleik som falmer. Det handler om vald og forsømmelse, og det handler om samhold og vennskap. Det som er så fascinerende er at ein ikkje aner kva som venter deg på neste side.
Det er ei lita introduksjon av kvar forfatter som fortel kven vedkommande er, og om hen har utgitt tekster/bøker tidlegare. Dette er ein veldig fin tilnærming til forfatter, og ein legg lista for det som kjem deretter.
Det er både bokmål og nynorsk tekster i boka, med ein stor overvekt av bokmål. Eg liker utførelsen og den ukronologiske rekkefølgen. Dette skaper ei lita spenning for kvart nytt bidrag ein kjem til.
Nokre har små bidrag, medan andre har lengre tekster. Men det er nødvendigvis ikkje at dei lengste novellene/tekstene har meir innhald enn eit dikt på tre-fire linjer. Dette er f.eks Elisabeth Marie Lohne-Antonsen eit godt bilete på. Hennes bidrag består av få linjer, men likevel favner det om det meste i grunn.
Her
Bidraget til Elisabeth Marie Lohne-Antonsen.
og nå
innsikt med utsikt
og alt det imellom
Eg var så heldig at eg fekk moglegheit til å lese juleantologien «Sammen», som vart utgitt av samme forlag, og eg kjenner att ein god del forfatternamn frå den utgivelsen. Så det er veldig kjekt å sjå at forfattere er med videre. Det er også artig å sjå at nokre veksler mellom dikt og noveller. Dette viser eit stort mangfald i forfatterstemmene, og dei utvider sin horisont ved å tørre å utgi sine bidrag gjennom ein antologi.
Forfatterne har fått relasjon som tema, og har skrevet sin tekst etter det. Om linjer mellom mennesker og om kva som skjer når desse vert brutt. Dei har løyst dette på vidt forskjellige måter, og ein er innom gammel kjærleik som ikkje døyr, vold, familie, graviditet, overgrep, rus, sorg og død, men og glede og humor. Som ein då ser vert det store forskjeller i innhald, og ein vert sparka hit og dit i følelsesregisteret.
Begge de to menneskene jeg satte høyest i verden, brukte uttrykk og skjellsord som festet seg i barnesinnet. Det var som en orkan, hvor alt var ute av kontroll. Det endte med en hånd som klasket hardt i et kinn og det ble stille. Lenge.
Frå teksten «Mors hånd» av Frank Brekke Otterbeck Larsen.
Det er eit klart overtall av kvinnelege bidragsytere. Om det er tilfeldig eller ikkje aner eg ikkje, men dette gjenspeiles ofte gjennom ein kvinnelig protagonist i tekstene. Så er det jo slik at det kanskje er lettere å fortelje ei historie med følelser gjennom ei kvinne enn det er med ein mannlig karakter… Men det er overraskende mange bidrag som har kvinnelege hovedkarakterer. Litt variasjon hadde ikkje gjort noko.
Å forklare ein historie gjennom korte tekster som ei novelle er, er ingen enkel oppgåve. Dette krever sjølvkontroll og det å skrive konkret utan å begi seg ut på lange avhandlinger er eit must. Dette har dei aller aller fleste klart med stor bravur, og ein ser at det er mange rutinerte forfattere der ute, men også talentfulle forfattere som dessverre ikkje har fått den oppmerksomheten dei fortjener.
De hadde begge seilt uten kompass og kjørt i fjellveggen, karret seg tilbake og startet på nytt. Nå hadde de lagt skuta opp mot vinden. En gang i løpet av kvelden berørte han hånden hennes. Så trakk han den til seg igjen, det gjorde for vondt.
Frå teksten «Saudade» av Aslaug Tidemann.
Det blir kanskje litt feil å dra frem enkeltpersoner i ein så god antologi, men eg synes at debutanten Haugar Nordli skilte seg ut med sin tekst. Eigentleg eit bidrag med særs lite innhald, men likevel med ein punchline som setter teksten i eit heilt nytt lys. Det er dette ein antologi handler om; ukjente som står frem, tekster som kan få ny tyding ved riktig bruk av èin setning, og ikkje minst ei stor spennvidde i innhald og alder hos forfatterne. Når alt dette er til stades, som det er her, så er dette ei bok som treff leseren midt i hjarterota.
Diktene er vidt forskjellige, og innehar personlege stemmer. Eg liker å sjå kor forskjellig personer har oppfattet og skrevet om relasjoner. Det er eit tema som alle har eit forhold til, og som kan være både positivt og negativt ladet. Dette ser ein nok kanskje ekstra igjen i diktene. Nokre er svevende og meir til ettertanke, medan andre er konkrete og rett på sak.
Eg må få berømme CreAlea Forlag, med Lisette Askø i spissen for å gi ut antologier og samle mange forfattere mellom to permer. Det er nok ingen lett oppgåve å velje bidrag, men resultatet er hvertfall noko både forlag og bidragsytere skal være stolte av. Det er også ei vindu ut til leserne for forfatterne, og eg håper mange nytter denne muligheten til å lese boka.
«Linje» er ein strålende antologi om relasjoner. Med stor spennvidde i alder på bidragsyterne og i innhald, er dette ei bok som favner eit bredt spekter av lesere. Viss du aldri har lest ein antologi før, så er dette ein meget god stad å byrja. Dette var bunnsolid levert og eg storkoste meg.
TERNINGKAST: 5
Så kjekk omtale, og eg er glad for å få være med i denne antologien. Ser fram til å lese boka. Takk til forlaget!
LikerLiker