Mord på Kilen av Lene Lauritsen Kjølner

Privatetterforskar Olivia Henriksen får ei trusselsak på pulten sin frå sjølvaste ordføraren. Når varaordføraren vert funnen drept, byrjar Olivia å sjå ein samanheng. Ei stor politisk sak om fastlandsforbindelse er eit bakteppe i bok nr 6 i serien om Oliva Henriksen.

  • Norsk tittel: Mord på Kilen
  • Forfattar: Lene Lauritsen Kjølner
  • Sjanger: Krimroman
  • Antall sider: 266
  • Utgivelsesår: 2019
  • Utgiver: Fagervik Forlag

Lene Lauritsen Kjølner ( Født 1962) er skribent og forfattar. Ho debuterte som forfattar med novella «Armer og Bein» i 2013. I 2014 kom den fyrste av til no sju bøker (2020) om privatetterforskar Olivia Henriksen. Med «Høyt henger de» vann ho Nytt blod-prisen for beste krimdebut. Ho har også gitt ut ei rekkje noveller.

Ein fuglekikkar oppdagar eit lik i fuglereservatet på Kilen. Liket visar seg å vera ingen ringare enn varaordfører Kjell Andersen. Samtidig har Olivia fått ein trusselsak på pulten sin. Samanhengen mellom liket og trusselsaken visar seg fort å ha ein samanheng. Når ordføraren mottar ein død trost i ei skoeske på trappa i heimen sin, byrjar saka for alvor å utvikla seg. Olivia går inn med liv og lyst for å løysa saken.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Mord på Kilen».

Gustav Falk er ein ivrig fuglekikkar, og er ofte i fuglereservatet i Kilen. Ein dag han studerar terrenget med kikkerten, oppdagar han noko uvanleg i vatnet. Han ror ut og sjekker kva det kan vera. Til hans store forskrekkelse er det ein død varaordførar som står rett opp og ned i vatnet.
Ordførar Roger Stiansen har tatt kontakt med privatetterforskar Olivia for å få hjelp i ein trusselsak. På trappa utforbi heimen hans finn han ein eske med ein død svarttrost oppi. Nakken er brekt. På den medfølgande lappen står det at sånn går det med slike innpåslitne fjols som delegerer. Bakgrunnen for alt dette kan ha med den store saken om fastlandsforbindelsen, og tunnel eller bro diskusjonen. Det er full krangel, og mange hissige lesarinnlegg og mektige personar som har sitt å seie i saka. Når ledaren for Ornitologisk forening får ein halvråtten torsk i postkassa, og Olivia blir oppringt frå eit hemmeleg nummer, der alt ho høyrar er ein person som speler «Bro, bro brille» på blokkfløyta, tar saken nye høydar. Olivia og kjæraste/politimann Torstein får ei vanskeleg sak å bryna seg på.

Dette er den sjette boka i serien om privatetterforskar Olivia Henriksen. Denne boka handlar for det meste om politikk. For og mot fastlandsforbindelse og eventuell tunnel eller bru-debatt. Til tidar kunne det bli litt for mykje politikk for min del.

Språket er like lett som duggdråpar på eit grasstrå. Den er humoristisk med sleivspark oppover i det politiske system. Kjølner har klart å skapa ein eigenart i bøkene sine. Det er noko lett og muntert over heile romanen. Ein følar nesten ein bør sitja ute i solveggen med noko kaldt oppi eit glas medan ein les.

«Jenta som sto foran meg hadde det mest fantastiske monobryn jeg noen gang hadde sett. Og jeg hadde sett noen, for eksmannen min, Erik, og jeg hadde reist rundt på landsbygda i Øst-Europa for noen år tilbake. Og der, det lover jeg dere, så jeg mer barter og bryn på kvinner enn det fantes måker på de vestfoldske strendene.»

Der ein er vant med å lesa i krimbøker om folk som får drapstruslar i form av ein avkappa finger, ein murstein gjennom vindauga eller bli overfalt av maskerte menn, har Kjølner ein litt anna og lettare variant. Ein død fugl i ei skoeska, ein halvråtten torsk i postkassa og blokkfløytespeling over telefon. No kan da riktignok vera frykteleg irriterande å høyra på ei falsk blokkfløyta, men det er likevel skrevet med ein munterhet og eit språk som gjer at eg berre må lesa vidare med eit smil om munnen.

Plottet og djupna på sjølve historia er ikkje på noko Agatha Christie-nivå, men det er heller ikkje målet eller poenget til forfattaren. Ho skriv lett og ledig med ein herlig ironi, og ein hovedperson i Olivia Henriksen som alltid ser da positiva i ting.

All politikksnakket trakk litt ned for min del, men eg vil likevel varmt anbefala denne boka vidare. Ei lett og ledig krimbok, veldig annleis frå det ein vanlegvis forbind med krim.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s