Galgedans av Tor-Håkon Gabriel Håvardsen

Theodor og Margareth Ness får eit barn som skal vise seg å ikkje vera som alle andre. Jenny bit barn til blods allereie i barnehagen. Ho visar stor interesser for død og fordervelse, og byrjar med dyremishandling. Etterkvart utviklar dette seg, og mareritta i Viktoriahavn har så vidt starta. Dette er ein brutal grøsser, som ikkje er å anbefala for sarte sjeler.

  • Norsk tittel: Galgedans
  • Forfattar: Tor-Håkon Gabriel Håvardsen
  • Sjanger: Krim (Grøsser/Skrekk)
  • Antall sider: 527
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Panta Forlag

Tor-Håkon Gabriel Håvardsen (Født 1986) er tidlegare punkrocker og låtskrivar i det norske metalbandet Quiritatio. No jobber han som begravelsesagent og forfattar. Han kom ut med ungdomsromanen «Sannheten om Ivo Tilos Pelargonia» i 2017. I 2019 gav han ut «En seksti under», og «Galgedans» i 2020.

Theodor Ness er ein rolig og munter begravelsesagent. Forholdet til kona Margareth er på bristepunktet, og då paret får ein baby er det Jenny som får all omsorg og kjærleik frå faren. Men Jenny er ikkje som andre barn. Ho passar ikkje inn nokon plass, og er stort sett for seg sjølv. På rommet hennar er det eit vesen med raspande stemme som snakkar til Jenny. Inni ho veks eit mørke så stort at ho blir uttrykkslaus og får mangel på empati. Jenny er blitt 12 år då dette mørket får sitt frie utløp. Dette er starten på eit langt mareritt i byen Viktoriahavn.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlaget Panta. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Galgedans».

Margareth er lei av mannen sin. Ho formeleg hatar Theodor. Ting ho før fant sjarmerande, kan ho ikkje utstå lenger. Fysisk kontakt er direkte fråstøytande og eksisterar ikkje. Theodor på sin side er fornøyd med familielivet. Jo visst, det var kanskje betre før, men han brukar store delar av fritida saman med dottera. Som begravelsesagent er det travelt i Viktoriahavn. Mange personer døyr under ein influensapandemi og Theodor er mykje på jobb, noko som sjølvsagt Margareth også irriterar seg over. Til tross for alt dette, held dei saman, sjølv om Margareth planlegg utroskap i sitt stille sinn. Dei finn fort ut at Jenny ikkje er som andre barn. Allereie i barnehagen byrjar ho å bita andre barn til blods. Ho er ein inneslutta og kald person. Ho har eit kullsvart blikk som er fullt av hat, noko som gjer at barn og voksne blir redd Jenny. Da hjelpar heller ikkje på at Margareth slår si eiga dotter når det måtte passe seg. Etterkvart må alt dette hatet ut av kroppen til Jenny, og då startar mareritta for byen, og for familien Ness. Samtidig kjem to politimenn på sporet av kven som kan stå bak alle ugjerningane. Ein intens jakt er i gong.

«Theodor var ikke lenger oppmerksom på kulden i rommet. Han kjente heller ikke det kjølige blodet som sivet ut av hoggene i den døde kroppen og trakk inn i stoffet på buksen hans. Han hørte ikke barna som lekte utenfor. Han hørte bare sin egen desperate hvisking, strømmen av unnskyldninger til den døde mannen på gulvet.»

Kor masse kan ein far feie under eit teppe for å skåne dottera si? Skal me følgja denne boka, vil eg påstå at teppeseljarar har ei særdeles lys tid i møte. Dette er ein far som har ein bunnlaus kjærleik til sitt einaste barn. Da fascinerande med da heile er den indre dialogen faren har med seg sjølv. Han kjemper ein intern kamp, der den onde stemma når fram, men samtidig visar han sin godhet overfor dottera.

Eg kom ut av tellinga i antall drap. Dette er noko av det særaste eg har lest på lang, lang tid. Eg kjem ikkje på ei einaste bok å samanlikna den med i norsk litteratur. Og berre for å få sagt det med ein gong; dette er IKKJE ei bok for sarte sjelar. Her får me skildringar av bestialske drap med og utan innvollar, dyremishandling på da grovaste, og ei jente som blir seksuelt misbrukt av medelevar og psykolog. Fleire gongar måtte eg ta pause frå lesinga, rett og slett for å tenkja på litt andre og meir lystigare ting, for denne boka er bekmørk. Det er rein og skjær ondskap frå start til slutt.

Eg synes boka og antall drap kunne vert korta litt ned. Den er så intens og har så mange skremande skildringar at eg leste siste del av boka på autopilot. Det vart rett og slett nok for min del.

Fyrste del av boka fryda eg meg over Margareth. Måten ho hata mannen sin så intenst var rett og slett fantastisk artig. Ein strålande karakter av Håvardsen. Når det gjeld Theodor, så kjem forfattaren sin jobbakgrunn til sin rett. Å vera ein begravelsesagent er nok eit psykisk tøft yrke, så litt galgenhumor må nok til for å få dagane til å gå rundt, noko som også kjem fram i boka.

Håvardsen skriv strålande. Oppbygging av setningar og skildringar er stort forfattarskap. Intens spenning, grufulle drap, galgenhumor, og ein særs hengiven far er nokre av ingrediensane i denne brutale boka frå Tor-Håkon Gabriel Håvardsen.

Er du glad i å lesa bøker om mange drap og inngåande skildringar? Eller har tenkt å setja deg ned med ein god grøsser eller skrekkbok? Då anbefalar eg at du les «Galgedans», som er den fyrste boka i ein planlagt trilogi om mordene i Viktoriahavn.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s