Mellom 1976 og 1986 herja ein voldtektsforbrytar og seriemordar i USA. Dette er den sanne historia om «The Golden State Killer», der forfattar Michelle McNamara’s besettelse for å finna denne gjerningsmannen har blitt til bok. Ein av dei mest omtalte True Crime bøkene på markedet.
- Norsk tittel: Jeg blir borte i mørket
- Original tittel: I’ll be gone in the dark. One woman’s obsessive search for the Golden State Killer
- Forfattar: Michelle McNamara
- Sjanger: Krim
- Antall sider: 346
- Utgivelsesår: 2019
- Utgiver: Forlaget Press
Michelle McNamara (Født i 1970) var journalist, bloggar og forfattar. Ho skreiv ei rekkje artiklar i Los Angeles Magazine om han som ho døypte «Golden State morderen». Ho vart besatt av å finna ut kven som stod bak desse grusomme ugjerningane. Ho døydde i 2016, medan ho skreiv på denne boka.

Dette er den sanne historia om den ukjente voldteksmannen og seriemordaren som herja California i perioden mellom 1976 og 1986. For Michelle McNamara vart dette ein besettelse tre tiår seinare. Ho har, saman med andre ivrige krimentusiastar, lagt ned fleire tusen timar i å undersøkja og etterforska kven som stod bak over 50 voldteker, minst 10 drap og over 120 innbrudd. Denne boka skildrar mange av dei grufulle handlingane, og hennar arbeid mot å finna vedkommande som stod bak. Dette er ei av dei mest omtalte True Crime bøkene på markedet.
Dette er eit leseeksemplar av «Jeg blir borte i mørket» frå Forlaget Press. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet mine egne subjektive tankar om boka.
På midten av 70-talet starta ein over 10 år lang jakt på ein voldtektsforbrytar og seriemordar. Ein kald og uredd mann rekognoserte husa og nabolaga før han slo til. Det starta med overfall på einslege kvinner nattestid på ofrane sitt eiga soverom. Han bandt dei fast og voldtok dei, før han kunne gå rundt å luske i huset og setja seg til å eta. Etterkvart overfalt han par, der samboeren/kona vart trua til å binda fast mannen, før han legg skåler og kopper på ryggen hans. Det såkalte «skåltrikset». Viss det kom ein lyd eller falt av ryggen trua han med å drepa alle i huset. Så førte han kvinna inn i eit anna rom og voldtok ho, før han forsvant like sporlaust som han kom. Politiet står langt ifrå utan spor, men dei anar ikkje kven denne skamlause og brutale overfallsmannen er. Sjølv etter over 50 voldtekter og 10 drap, finn dei ikkje rette vedkommande. Michelle McNamara var gift med Patton Oswald. Mannen som mange her i Noreg kjenner igjen frå tida i «Seinfeld» og «Kongen av Queens», og har spelt i ei rekkje filmer. Når forfattaren var i 14-års alderen vart ei dame drept i nabolaget. Dette vart starten på true crime hobbyen hennar, som etterkvart vart ein besettelse. Her får me inngåande kjennskap til mange av sakene, og om det intensive og særdeles detaljrike arbeidet som ligg bak når ein forsøkjer å løysa slike saker.
«Ting de hører: hunder som bjeffer. Tunge skritt i grusgangen. Noen som skjærer gjennom myggnettingen i vinduet. Et dunk mot luftkondisjoneringsanlegget. Fikling med skyvedøren i glass. Skraping på siden av huset. Et rop om hjelp. Tumulter. Pistolskudd. Et langt skrik fra en kvinne.
Ingen ringer politiet.»
At Michelle var besatt av desse sakene er det ingen tvil om. Ho hadde fleire tusen dokument på PC’en då ho døydde. Det er ein enorm detaljrikdom i boka, frå enkelte av ofra sine bakgrunner, politiarbeidet og til den innsatsen ho sjølv har lagt ned i dette. Me blir tatt med til nokre av åsteda når forfattar og ein kriminalteknikar kjører rundt og diskuterar seg imellom tenkt framgongsmåte sett frå «Golden State morderen» sitt ståsted. Dette fant eg veldig interessant.
På sitt beste får eg som lesar gåsehud av beskrivelsane og den panikken som rådde. F.eks i Sacramento spredde frykten seg såpass mykje at i løpet av 24 timer vart sheriffkontoret oppringt 6169 gongar. Me les om augnevitnar som har blitt voldtatt og drapstrua. Om skilsmisser grunna etterverknader, om etterforskara som lar ekteskap seila sin eigen sjø, og heller konsentrere seg om å stoppa overfallsmannen. Sjølv 20-30 år etter kvernar dette i hovudet på dei.
Michelle McNamara døydde brått i 2016. Ho var då godt i gang med denne boka. Billy Jensen, Paul Haynes og forfattaren sin ektemann, Parton Oswalt har fullført boka, med god hjelp frå forfattarens eigne notatar og eit hav av etterforskningsmaterial som ho etterlot seg.
«Jeg blir borte i mørket» lider under dette i mine auge. Innholdet er meget godt, men framstillinga av innholdet står ikkje i stil. Det vart litt rotete og uorganisert. Der forfattar sjølv har skrevet, blir me dratt inn i verkelegheita og side etter side blir lest i rekordfart. Men så vert det oppstykka av det som redaktøren har putta inn.
Denne boka blei gitt ut i 2018, og kort tid etter vart ein mann arrestert, mistenkt for ugjerningane. Politiet uttalte at denne boka ikkje hadde noko med arrestasjonen å gjera, men arrestasjonen hjalp uten tvil på oppmerksomheita og salget av boka, og HBO har planlagt ein TV-serie basert på denne saken.
Likar du true crime bøker, og kan tåla litt uorganisert hopping att og fram, vil eg anbefala deg å lesa denne boka. Til tider eit strålande språk og gode skildringar av ugjerningar og den intense jakta på å finna gjerningsmannen.
TERNINGKAST: 4