Sebastian og Isabelle høyrar om eit tvillingpar som forsvann sporlaust for 11 år sidan. Dei vil prøva å finna ut av kva som skjedde med dei. På sin jakt kjem dei over ei hule i fjellet. Denne hula fører dei til ei heilt ny verd mange lysår unna, og plutseleg er dei i livsfare. Dette er ei ungdomsbok.
- Norsk tittel: Sebastian&Isabelle – Den tredje portal
- Forfattar: Pål-Erik Winther
- Sjanger: Ungdomsroman (Science-Fiction)
- Antall sider: 400
- Utgivelsesår: 2019
- Utgiver: Liv Forlag
Pål-Erik Winther (Født i 1973) er IT-konsulent, og er bosatt i Lysefjorden. I 2016 kom han ut med sin første bok, «Storbynetter», som er ein fantasyroman. I 2019 kom han ut med «Sebastian&Isabelle – Den tredje portal».

14 år gamle Sebastian skal tilbringa heile sommaren på gården hos sine besteforeldre, som bur på ei øy. Det startar som ein heilt vanleg sommerferie, bading og avslappande dagar i solskin. Isabelle bur på øya, og ein gryande forelskelse er i emning. Dei to får høyra ei historie om eit tvillingpar som forsvann sporlaust for 11 år sida. Sebastian slit med å sove om nettene, og kikker ofte ut vindauga. Der ser han flakkande lys inni skogen, og ein framand mann traskar inne på eigedomen. Isabelle og Sebastian trur at dette kan ha samanheng med tvillingparet som forsvann. Dei går inn i skogen og oppdagar ei hule. Denne hula skal føra dei inn i ei ny farefull verd der liv vil stå på spill.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Sebastian&Isabelle – Den tredje portal».
Dette er fyrste sommaren utan faren til Sebastian. Han forsvann etter at bilen vart funnen på botn i eit tjern. Sorga heng tungt over Sebastian og mora, men på eit vis klamrar dei seg til det daglegdagse og får dagane til å gå. Sebastian skal vera hos mormor og morfar heile sommaren. Men morfar er ikkje den han ein gong var. Han sit berre i stolen sin i stova, kikkar ut mot skogen og reagerar sjeldan på noko som helst. Men ein dag når Sebastian og Isabelle er hos han, kviknar augene til, og med raspande stemma seier han at han må heim. Om natta ser Sebastian ein person gå inne på eigedomen til besteforeldra, og han ser flakkande lys i den tette skogen, som ligg like ved gården.
Dei går inn i «spøkelseshuset», der familien med tvillingene bodde. Alt er intakt, som om alle berre er fordufta i lause lufta. Plutseleg høyrer dei skritt i etasjen over, og dei løper vettskremte ut. Han og Isabelle byrjar å utforska skogen, og dei finn ei hula som Sebastian meiner at han og morfaren var i når han var liten. Merkverdige lydar er å høyra innefrå hula, og dei skal snart finna ut at dette er starten på eit fantastisk eventyr, som vil utsetja dei for livsfare.
«Tanken på at han aldri mer skulle være den morfaren han hadde vokst opp med, som hadde lært han så mye, fortalt så mye, lyttet så mye, fikk magen hans til å vrenge seg i sorg. Dette er alt som er igjen, tenkte han. En skygge av den han engang var.»
Dette er fyrst og fremst ei bok for ungdom. Når det gjeld sjangar, vil eg plassera den i science-fiction sjangaren. Forfattaren tar oss blant anna med til ei anna verd fleire lysår frå vår eiga planet. Men innholdet er likevel stort sett gjenkjenneleg frå vår eiga verd.
Mange unge har nok fantasert om å finna ei hula eller inngong der dei tråkker inn i ei heilt ny verd, litt som klesskapet i Narnia. Historia er spanande og interessant, der me les om ein usikker og litt pysete gut i Sebastian, som veks utover i boka. Eg vil tru det er mange som kan kjenne seg igjen i denne karakteren, noko som gjer boka meir lesbar, sjølv om den er på 400 sider.
Dette er ei bok eg i utgongspunktet ville gitt terningkast 4, grunnen er at det er ein del skrivefeil i boka, (som eg reknar med vil bli retta opp i ved ei eventuell andre utgave) og frykteleg mange «klappe på skulderen» -setningar. Her kunne forfattaren med fordel ha variert meir. Det er også enkelte ting som eg sat å undra litt over kva forfattar tenkte då han skreiv boka. Når dette er sagt, er denne boka hovedsakleg berekna på ungdom, og dei har ikkje dei same kritiske augo som eg har. I denne alderen er det viktigaste å vekka leselyst og få fram dei indre bileta medan ein les. Og det er her bokas største styrke kjem til sin rett. Den er passeleg skummel og veldig spanande. Som lesar vart eg dratt rett inn i det store universet til Pål-Erik Winther.
Savn, sorg, kjærleik, heltemot og action er nokre av ingrediensane som blir servert i «Sebastian&Isabelle – Den tredje portal». Eg veit at det kanskje ikkje er det enklaste å få ein ungdom til å byrja på ei bok på 400 sider, men når vedkommende fyrst er begynt, trur eg denne boka vil vera i tankane i lang tid. Da blir den hvertfall hos meg. Tenebraene blir eit ord eg vil huska lenge. Me treng fleire slike bøker!
TERNINGKAST: 5