Stella lever i eit voldeleg samboerskap med Aleksander. Når sonen deira blir henta av barnevernet, må ho ta vanskelege og skjebnesvangre valg som vil få store konsekvenser for familien. Dette er bok nr 2 i Kodal-trilogien.
(mer…)-
Spindelvevet av Stig Ellingsen og Simen Ingemundsen
Ei tidlegare verdskjent modell flyttar tilbake til Randaberg med tenåringsdottera si. Der ventar ein person på å endeleg få tatt sin hevn på Camilla Tungenes. Fyrstekriminalbetjent Bjørn Brenner får saken på bordet. Den blir langt meir omfattande enn han fyrst hadde rekna med.
(mer…) -
Galgedans av Tor-Håkon Gabriel Håvardsen
Theodor og Margareth Ness får eit barn som skal vise seg å ikkje vera som alle andre. Jenny bit barn til blods allereie i barnehagen. Ho visar stor interesser for død og fordervelse, og byrjar med dyremishandling. Etterkvart utviklar dette seg, og mareritta i Viktoriahavn har så vidt starta. Dette er ein brutal grøsser, som ikkje er å anbefala for sarte sjeler.
(mer…) -
Hundedager av Trine-Lise Rygh
Tess må reise tilbake til dei vonde minnene frå barndommen når moren havnar på sjukehus. Når ho er komt til heimtraktane igjen, få ho ansvaret for hunden til moren, og oppdag ei lita jente som kanskje lid samme skjebne som ho gjorde. Kan ho redda vesle Ida? Ei sterk bok om omsorgssvikt.
(mer…) -
Jeg blir borte i mørket av Michelle McNamara
Mellom 1976 og 1986 herja ein voldtektsforbrytar og seriemordar i USA. Dette er den sanne historia om «The Golden State Killer», der forfattar Michelle McNamara’s besettelse for å finna denne gjerningsmannen har blitt til bok. Ein av dei mest omtalte True Crime bøkene på markedet.
(mer…) -
Hvorfor spurte de ikke Evensen? Av Lene Lauritsen Kjølner
Ein lokalpolitikar vert funnen død i sjøkanten ved Ankerholmens seilerforening. Olivia er privatetterforskar av yrke, og får denne saka i fanget av ein klient som vil reinvaske seg. Ho blir dratt inn i miljøpolitikk, kyniske forretningsmenn og tvilsomme affærer. Dette er bok nr 2 i serien om privatetterforskar Olivia Henriksen.
(mer…) -
Skyggebarn av Eli Therese Gran
Denne boka handlar om jakta på eiga identitet når ein vert adoptert. Kva skjer med eit menneske når grunnlaget for identiteten vert brått tatt frå deg som barn? Dette er historia til Eli Therese Gran som vart adoptert frå Sør-Korea i 1969.
(mer…) -
Farfars skrin av Tone B. Bergflødt
Forfattaren skriv om sin eiga farfar som var NS-medlem under den 2.verdskrig. Me fylgjer Tone B. Bergflødt sin jakt på sanninga om kvifor han tok desse valga, og kva han vart dømt for. Men også ei jakt på å få livet sitt tilbake som etterkommar av eit NS-medlem.
(mer…) -
Lille Linerle av Myriam H. Bjerkli
Sju år gamle Mari forsvinn frå stranda ved huset der ho bur. Tilbake ligg ei raud lue. Politiet konkluderar med at Mari drukna. Men Mari lever. Ho lever og bur under grufulle forhold.
(mer…)
Dette er ein røff og sterk krimroman, og er den fyrste boka i Kodal-trilogien.