Tess må reise tilbake til dei vonde minnene frå barndommen når moren havnar på sjukehus. Når ho er komt til heimtraktane igjen, få ho ansvaret for hunden til moren, og oppdag ei lita jente som kanskje lid samme skjebne som ho gjorde. Kan ho redda vesle Ida? Ei sterk bok om omsorgssvikt.
- Norsk tittel: Hundedager
- Forfattar: Trine-Lise Rygh
- Sjanger: Roman
- Antall sider: 158
- Utgivelsesår: 2020
- Utgiver: Vigmostad&Bjørke
Trine-Lise Rygh (Født 1974) er fra Bærum. Ho har ein bachelor i litteraturformidling, og har skrevet ei rekkje artiklar. Ho debuterar som forfatter med romanen «Hundedager».

Tess får ein telefon frå ein nabo av moren om at ho har havna på sjukehus. Det har gått 10 år sidan dei såg kvarandre sist. Men sidan Tess må ta seg av hunden til moren medan ho ligg på sjukehus, set ho seg motvilleg i bilen og kjøyrer over fjellet. Dette blir ei reise tilbake til vonde minner frå barndommen, der fysisk og psykisk terror var ein del av kvardagen. Ho treff på nabodama, som har ei 2 år gammel dotter, Ida. Tess ser seg sjølv i Ida frå fyrste augeblink. Er Ida utsatt for same omsorgssvikt som ho sjølv vart utsatt for?
Denne boka er eit leseeksemplar frå forlaget Vigmostad&Bjørke. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Hundedager».
Moren til Tess, Alice, vert funnen nederst i sin eiga hage av ein nabo. Der ligg ho kun iført undertøy og tøflar, med ein pengerull i neven. Ho vert frakta til sjukehus, med uavklart situasjon. Det har alltid vert berre Tess og moren, ingen andre familiemedlemmer. Ein dag bestemte Tess og bestevennina Eivor seg for å flytta over fjellet. Kontakten med moren vart brutt for 10 år sidan. Nabo til moren, Mariann, ring og fortel at Tess må komma og ta seg av hunden til Alice. Ho har ikkje lyst å reise frå kjæreste eller jobben ho har i dyrebutikken. Men ein rask helgetur bør vera nok til å ordna opp i ting. Ved leiligheita til moren treff ho på Mariann og Ida. Tess ser raskt at Ida kan vera utsatt for det samme som ho vart utsatt for som barn. Tida i leiligheita til moren blir ikkje som Tess hadde sett for seg. Ho likar verken hund eller barn, men no må ho ta ansvar for ein hund, og prøva å finna ut korleis Ida har det i heimen sin. Samtidig må ho kjempa mot indre demoner og minner som kjem opp til overflata igjen.
«Mens jeg, som levde tett på henne dag ut og dag inn, også måtte leve med at lungene mine sakte fyltes av den svarte angsten og desperasjonen som pipla ut av henne, som gradvis forpesta hele leiligheten vår, som til slutt kjentes som min egen angst, min egen desperasjon, min egen smerte.»
Mange barn lider av ein eller anna form for omsorgssvikt. Enten det er alkoholisme, vold, psykisk mishandling eller total mangel på omsorg, er det ikkje slik eit barn skal vokse opp. Som barn skal du ikkje ha bekymringar, dei kjem tidsnok seinare i livet. Trine-Lise Rygh skriv ei veldig sterk debutroman om omsorgssvikt.
Folk velger som oftast å sjå da dei vil sjå, og lar vera å bry seg eller blanda seg inn i andres saker. Tess er ein av dei som følar ho må gripa inn, for ho har vert i ein liknande situasjon sjølv. Her finn me mange sterke betrakningar om det å ha levd under fryktelege forhold, og det å leve med posttraumatisk stress så mange år etter.
Tess er ein person som hatar mor si, men som har minnene som sin identitet. Ho må gjennom ein selvransakelse for å finna ut om ho er ein betre utgåve av mora. Det er ei bok med ein del sterke og røffe skildringar, der du som lesar vil sitja igjen med sterke bilete på netthinna. Språket er lett og flytande, og setningane er ordkunst av høg klasse.
Boka er på kun 158 sider, så denne slukte eg på ei kveldsstund. «Hundedager» er ei fantastisk bok. Den er rå, brutal, provoserande, melankolsk og skrevet med ein slik sårbarhet at alle som les vil bli følelsesmessig berørt. Denne vil eg varmt anbefala vidare. Boka har lanseringsdato 17. August 2020.
TERNINGKAST: 6