Magdalenahuset av Rita Aslesen

Revidert utgåve av den fyrste boka i serien om etterforsker Renate Minde.

  • Norsk tittel: Magdalenahuset
  • Forfatter: Rita Aslesen
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 171
  • Utgivelsesår: 2025
  • Utgiver: Forlaget Nytekst

Rita Aslesen er forfatter, tekstforfatter, skribent og forlegger. Ho debuterte med krimromanen «Magdalenahuset» i 2018, og fylgde opp med «Av jord skal du igjen oppstå» i 2025.

I den søvnige sørlandsbyen Mandal skal det arrangeres jubileum på det vakre godset Risøbank. Lord Salvesens oldebarn, engelske Malina Fraser, er hedersgjest. Hun har lovet å avsløre en familiehemmelighet, men alle er ikke like begeistret for dette. Samtidig får etterforsker Renate Minde i bergenspolitiet en mystisk telefon fra sin gamle tante Magdalena, som bor i Mandal. Den tidligere misjonæren høres skremt ut og ber niesen komme hjem. Hun har noe på hjertet som ikke kan fortelles over telefonen.

Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Magdalenahuset».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein krimroman og er fyrste bok i serien om etterforsker Renate Minde. Boka vart utgitt fyrste gong i 2018 på forlaget Publica. Eg har lest opplag 2, der forfattar har gjort si eiga revidert versjon, og blitt nyutgitt på Forlaget Nytekst.

Renate Minde jobber i bergenspolitiet, er i 40-årene og er nyskilt. Ein dag får ho ein telefon frå ei gamal tante som bur i Mandal. Tanta virker opprørt og ho får beskjed om å reise med ein gong. Minde reiser umiddelbart og finn tanta i ein forfatning som fører til at Minde blir værende for å undersøke nærmere kva denne tanta har vert utsatt for.

Med den spede lysstrålen foran seg gikk hun motvillig mot vedskjulet. Det overrasket henne at det fortsatt var noe igjen av det, skjulet hadde vært i dårlig stand så lenge hun kunne huske. Hun stoppet opp like ved den vindskjeve bygningen, lot lysstrålen feie over døråpningen. Synet foran henne fikk hjertet opp i halsen.

Prologen tar oss tilbake til 1940, medan historia foregår i 2017. Ein skjønner dermed raskt at dette har forgreininger tilbake til andre verdskrig, utan at forfattar nødvendigvis avslører kva i sin prolog.

Historia inneheld fleire familiehemmeligheter og personer som har fått ferten på enkelte av desse. Det er ein kapp om tida, der me også fylgjer ein eventuell gjerningsperson innimellom.

Miljøskildringene er gode og nesten på grensa til det poetiske. Aslesen skildrer Mandal som om det er henta ut frå eit postkort.

Som et gyllent, fulmodent bær hang månen over Norges sydligste by. En sky gled forbi. Sjøens krusninger glitret i lyset. Månen hadde tidsnød, for snart kom daggryet og jagde den til andre verdensdeler.

Renate Minde er etterforsker i bergenspolitiet, men har nå tatt ut ferie for å være med tanta si i Mandal. Når ting oppstår der nede så vekker det etterforskeren i ho, sjølv om ho strengt tatt har ferie. Aslesen har skrevet om ei usikker og litt redd etterforsker som nødvendigvis ikkje ser sammenhenger som ho burde sett. Det tyder på ein uerfaren etterforsker som lærer på sin veg. Eg liker at forfatter har skapt ein litt uvøren karakter som har eit stort forbedringspotensiale i kommende bøker.

Hovedkarakteren er på eit dårleg stadium i livet sitt. Ho går gjennom ein tung skilsmisse, er utan fast bopel og føler seg einsam, sveket og forlatt. Innimellom renn det litt over for ho, og viser det menneskelige og sårbare i karakteren.

Selvmedlidenheten slo inn over henne som en tsunami. Hun, som alltid hadde hatt full kontroll på livet sitt. Nå satt hun her redusert til et tårevrak, nyskilt, uten fast bopel og med et akutt behov for en klem.

Plottet er solid sjølv om føringer vert lagt undervegs. Det er ein fengende historie der ein får stadig nye situasjoner og ein fin utvikling i historia. Ein og anna «stopp» vert det likevel når f.eks skildring av matlaging og kva ein har til middag dukker opp i teksten.

Ein del unødvendig lange kapitler er det, og her kunne forfatter med fordel lagt inn fleire kapitler. Det er ein del gode cliffhangere som berre er skilt med eit avsnitt, og ein undrer seg over at det ikkje var slutten på eit kapittel. Aslesen kjører klisjeen «noe hun ikke klarte å fange opp/sette fingeren på» litt for ofte i mine auge. Dette er etterkvart blitt eit oppbrukt verkemiddel i krimsjangeren.

Aslesen har ei god og folkelig fortellerstemme og ein sympatisk hovedkarakter som ikkje finn på alt mogleg tull og tøys. Eg liker også dei små detaljene forfatter legg ned for å auke realismen. Som f.eks at dato og dag i 2017 stemmer med kva dag den faktisk falt på i virkeligheten. Slike detaljer tenker ein nødvendigvis ikkje på medan ein les, men viss/når ein sjekker opp i det, og det faktisk stemmer, så er dette absolutt ein ekstra kred til forfatter.

«Magdalenahuset» er ein krimroman som speler på medmenneskelighet og mystikk rundt familiehemmeligheter. Universet er lagt til vakre Mandal, men det som foregår der er langt frå like vakkert når etterforsker Renate Minde må bruke all sin kløkt. Med eit fint driv og eit godt plott er dette ein solid krimdebut av Rita Aslesen.

TERNINGKAST: 4

Legg igjen en kommentar