Det lille vi vet om mamma av Anne Kyong-Sook Øfsti

Dette er ein oppvekstroman frå Sør-Korea.

  • Norsk tittel: Det lille vi vet om mamma
  • Forfatter: Anne Kyong-Sook Øfsti
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 170
  • Utgivelsesår: 2023
  • Utgiver: Pansori Forlag

Anne Kyong-Sook Øfsti (Født 1962) er familieterapeut og forfatter. Ho gav ut fagboka «Parterapi» i 2010 og romanen «Si at vi har hele dagen» i 2014. I 2023 kom ho ut med romanen «Det lille vi vet om mamma».

Romanen Det lille vi vet om mamma handler om relasjonen mellom en mor og datter – om det å vokse opp hos en mor som bærer på store hemmeligheter og skam. Historien er både vakker og brutal, både trist og veldig morsom. Fortellerstemmen er datterens fra hun er førskolebarn og til hun er en voksen kvinne. Handlingen foregår i Sør-Korea.

Denne boka er eit leseeksemplar frå Pansori Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Det lille vi vet om mamma».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein lettlest oppvekstroman der handlinga foregår i Sør-Korea.

Me møter Min-Ja Kim. Moren ligger på dødsleie, og dottera ser tilbake på livet sitt og hennes forhold til moren. Gjennom hennes tilbakeblikk får me ta del i livshistorien til både mor og dotter.

Historia kretser rundt mor og dotter. Her får me eit innblikk i ein annleis kultur og eit strengt oppdragelsesregime. Moren truer Min-Ja med all slags fordervelse og trollskap kva gong ho tråkker feil. Til og med når ho lærer seg å lese, så truer moren henne med all slags styggaskap. Moren er særs overbeskyttende og vil ikkje slippe andre personer innpå livet deira. Dette fører til eit tett, men særs ruskete bånd mellom dei to. Likevel er det ein person som får lov å bidra. Men kven er eigentleg denne personen, og kva for motiver har vedkommende? Eit interessant karaktertrekk som skaper meir liv til romanen.

Min-Ja, om du fortsetter å gråte, vil hårete frosker hoppe ut av munnen din , og hvis du tisser på deg igjen, vil forfedrene gjøre deg blind og døv!

Siden dette er minnene til Min-Ja så får me eit skeivfordelt bilete på oppvekstvilkåra. Samtidig er det eit ærleg tilbakeblikk, der hovedkarakteren ikkje husker alt, og logisk nok hopper over ein del situasjoner og år som har forsvunnet fra minnet. Det gir likevel eit bilete på ein røff oppvekst, der moren tar meir og meir avstand frå dotter si.

Forfatter har valgt å ha få karaktertrekk med. Øfsti prioriterer historia framfor å fremheve karaktene, og det sjølv om karakterene ER historia. Her kjem det trivielle fram, kvardagen og oppveksten som er fletta inn i hemmeligheter, menneskesinn og eit elsk/hat forhold.

Ein legg tidleg merke til språket og skildringene. Det er eit forførerisk språk forfatter serverer leser, på grensa til det poetiske.

For slik må det ha vært for mamma, hun ville helst eksistert som et furutre, fri for indre konflikter, fri for savn etter ingenting. Et tre med røtter som passivt suger til seg vann og næring, som av og til ruskes av vinden, og lyses på av sol og måne.

Det er ein roman som innehar heile følelsesregisteret innlemmet i historia. Den er trist, opprørende og melankolsk på den eine sida, så er den lystig, morosam og håpefull på den andre sida. Med andre ord ein fin balansegang boka gjennom.

Enkelte overflødige skildringer følte eg det vart, og dermed også nokre kjedelige partier i mine auge. Likevel er det ein god historie me får servert. Romanen er lettlest og relativt kort med sine 170 sider. Den er delt inn i tre deler, og har ikkje noko kapitler utover dette. Derimot er det gode avsnitt og luftige sider.

Det er ein fin raud tråd i boka. Når boka var ferdiglest så leste eg starten på nytt for å skjønne omfanget av historien. Det viser ein godt oppbygd historie som avrundes der den startet. Og det er ingen tvil om at forfatter skriv med stor innsikt og følelser for emnet.

Kor godt kjenner ein eigentleg eit menneske? Også den som står ein nærmest? Øfsti tar utgangspunkt i det dottera opplever og det ho ser. Men kva med det som mora aldri snakker om? Den tause hemmeligheten og skammen ho lever med, som aldri når overflata. Det som spiser ein opp på innsida og som lar det gå ut over omgivnadene. Oppklaringa ligg i teksten, men ikkje nødvendigvis så innlysende ved fyrste augekast.

«Det lille vi vet om mamma» er ein roman som speler på heile følelsesregisteret. Anne Kyong-Sook Øfsti skriv med innlevelse, innsikt og har eit særegent språk som fengsler lesar. Dette er ein historie som ein ikkje gløymer med det fyrste.

TERNINGKAST: 4

Legg igjen en kommentar