Lær å tegne monstre & fantasiskapninger med H. L. Phoenix

Steg for steg og proffe tips om korleis ein teiknar vesener og skapninger.

  • Norsk tittel: Lær å tegne monstre & fantasiskapninger
  • Forfatter: H. L. Phoenix
  • Sjanger: Læring, Teikning
  • Antall sider: 200
  • Utgivelsesår: 2023
  • Utgiver: Egmont Kids Media

H. L. Phoenix (Født 1982) er eit pseudonym for ein prisvinnende forfattar og serieskaper. Han har vunnet fleire nasjonale og internasjonale teikne- og designkonkurranser. Han er nok mest kjent for sin fantasyserie Arkin.

Lær å tegne-boken er en tegneskole med og av den prisbelønte illustratøren H. L. Phoenix. I denne boken får du en grundig gjennomgang i hvordan tegne monstre og fantasiskapninger og hvordan få dem til å skinne, gløde, ja – komme til liv mellom fingrene dine.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Lær å tegne monstre & fantasiskapninger».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ei lærebok der illustratøren H. L. Phoenix kjem med steg for steg og proffe tips om korleis ein kan teikne monstre og fantasiskapninger.

Boka er delt inn i fire vanskelighetsgrader og har ein fin og oversiktlig innhaldsliste. Det er lett, middels, middels + og vanskelig, men kvar vanskelighetsgrad er likevel utfordrande. Ein bør absolutt ha teikna ei stund før ein gir seg i kast med denne boka, for sjølv på det letteste så møter ein på utfordringer.

Eg syntes hoppet frå lett til middels var rimelig høgt. Men som nevnt så har forfatter lagt opp til utfordringer heile vegen gjennom øving, øving og øving. Samtidig skal ein ha det kjekt mens ein utfordrer seg sjølv, noko som denne boka også har lagt opp til. Enkelte steg for steg er meir utfyllende og detaljerte enn andre, men det kjem også på bakgrunn av kompleksiteten av teikninga.

Boka er lagt opp til at ein har ein Apple Ipad Pro, appen Procreate og ein Apple pencil. Det skal sies at det sjølvsagt ikkje er noko i vegen for å bruke penn og papir, men særskilt fargelegging og lys/skygge virker å ta utgangspunkt frå appen. Her er det også viktig å sjekke om din Ipad eventuelt er kompatibel med appen før ein byrjar å gå til innkjøp, for det er begrensa funksjoner i appen viss ein ikkje har den riktige Ipaden. Likevel må eg understreke at ein får meget god utbytte av boka uansett om ein går for digital løysing eller teikning på papir.

Alle har sine uttrykksformer i sine illustrasjoner, så denne boka er på ingen måte ein fasit, men snarere ei inspirasjonskjelde og inneheld mange gode råd og tips til korleis ein kan bygge opp eit vesen eller ein skapning frå grunnen av og til den står ferdig designet med farger og skygger.

Alle kan tegne en hest, men alle kan ikke tegne en bra hest. For å gjøre det, må man se på hvordan en hest ser ut. Derfor bruker vi bilder som referansegrunnlag.

Phoenix viser blant anna viktigheten av anatomi og at ein har referanser og inspirasjonskjelder gjennom gjenstander ein har eller finn rundt om i naturen. Å ha eit godt utgangspunkt til å bruke fantasien er eit godt grunnlag for å lykkes.

Gjennom steg for steg viser forfatter korleis han går frem for å skape strålende illustrasjoner. Han viser riktignok ikkje steg for steg i appen og korleis den er bygget opp, men bakerst i boka finn ein tips og triks til å få mest utbytte av Procreate. I denne boka vises kun teiknestegene og det er likt oppsett i alle eksemplene, men med forskjellige vanskelighetsgrader.

Denne boka ser eg for meg er veldig nyttig for ein habil teiknar, mens for ein nybyrjar kan den bli frustrerende vanskelig. Men som Phoenix skriv innledningsvis; vit at du må trene hardt for å bli best. Men du vil få det til med disiplin og fokus. Har du den rette innstillinga, så er alt mogleg, sjølv for ein mindre erfaren teiknar.

I tillegg til å vise steg for steg gjennom skisser og teikninger, kjem Phoenix også med gode råd og innimellom utfyllende informasjon om vegen videre.

Det å tegne med tusj oppå skisser er en veldig tilfredsstillende jobb. Her får du nemlig forankret designet skikkelig. Ofte er det fint med tykk kontur og tynnere strek på innsiden.

I denne boka er det fyrst og fremst spøkelser, fantasifigurer og monstre som det vises fremgangsmåter for å teikne. Med eit grunnprinsipp i botn, så er det ingen grenser for kva ein kan teikne ved å fylgje desse proffe tipsene som Phoenix kjem med. Sky is the limit.

«Lær å tegne monstre & fantasiskapninger» er ein fin stad å byrja viss ein har litt erfaring frå før innan teikning og illustrasjon. Med sine fire vanskelighetsgrader så er dette ei bok som treff bredt, og som er til stor inspirasjon og eit godt supplement til det ein teiknar i det daglege.

TERNINGKAST: 4

Legg igjen en kommentar