Ein stillferdig roman som plutseleg vert ein spenningsroman med glimt av mørk humor.
- Norsk tittel: Vinterpuls
- Forfattar: Tore Sivertsen
- Sjanger: Roman, Spenning
- Antall sider: 208
- Utgivelsesår: 2022
- Utgiver: Lyst Forlag
Tore Sivertsen er fra Narvik. Han er komponist, sanger og gitarist og har gitt ut ei rekke plater og låter. Han debuterte som forfatter med spenningsromanen «Vinterpuls» i 2022.

Vinteren er i ferd med å feste grepet på det lille, nord-norske tettstedet. Gode mennesker møter hverandre, og pulsen stiger mens snøen laver ned. Men ondskapen kommer til bygda, og de to parallelle virkelighetene kolliderer brutalt. Midt imellom står Petter Savio som mener å vite forskjellen på rett og galt …
Denne boka er eit leseeksemplar frå Forlagshuset i Vestfold. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Vinterpuls».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein lettlest spenningsroman med eit snev av mørk humor.
Boka starter med ein episode frå 1980, før den hopper frem til «nåtid» som er 2015. Eg undra lenge på kvifor denne episoden var med, men svaret kjem seint, men godt.
Dette var ei litt merkverdig bok. Lenge følte eg at dette var ein avslappende roman om kvardagsliv og personer som møter kvarandre og det oppstår søt musikk mellom nokre av dei. Så plutseleg, ut av det blå, vart heile historia snudd på hovudet og alt forandra karakter.
Han måtte lete litt, men snart fant han noe passende. En hjulnøkkel. Han veide den i hånda. Den var førti centimeter lang og hadde en koppnøkkel i nitti graders vinkel i enden. Godt håndvåpen, tenkte han. Han mente å huske å ha brukt en slik en gang tidligere, men han var ikke sikker. Kanskje hadde det vært et kubein den gangen? Uansett, han husket tydelig skriket på mannen han hadde brukt den på.
Handlinga foregår i eit lite navnlaus tettsted utenfor Narvik. Her er det puben som er samlingspunktet i bygda, og den ligg tvers overfor lensmannskontoret. Her er samfunnet generelt godt dekket med blant anna politi, prest, småkriminelle, musikere og ein aldrende og karismatisk hovedperson.
Me fylgjer eit knippe utvalgte i kvardagen og dets små og store problemer. Det er ein stillferdig roman som etterkvart forandrer seg til ein form for spenningsroman. Med eit godt språk, korte kapitler med overskrifter og enkle dialoger gjer dette til ei lettlest bok. Enkelte av dialogene inneheld lett nordnorsk dialekt.
Hovedkarakterene er sympatiske og det er god stemning mellom dei. Forfatter er meget dyktig til å fortelja små glimt av personligheten deira, utan at ein eigentleg legg merke til det. Plutseleg er ein kjent med vedkommende. Det var fascinerende og eit godt stykke arbeid.
For min del så syntes eg presten i bygda var ein artig karakter. Ho er ein prest i 30-åra som drikk masse rødvin, mest for å forsøke å gløyme mørket som ho bærer på. Ho er godt likt av innbyggerne, og ho skal få ein del å hanskes med. Særskilt er det moralske val ho vert stilt overfor.
«Jeg har levd en god stund nå, og har fått kjenne på alle sider ved livet. I mitt liv har det vært varme, lyse sommerdager. Dager så lyseblå at de har brent seg inn i minnet mitt. Men også mørke og fortvilelse. Både tvil og tro. Sorg og tap av nære og kjære mennesker. Også disse dagene bærer jeg med meg».
Plottet er enkelt og litt rett frem. Det er dermed alt rundt som er så bra skrevet. Måten forfatter skaper liv i karakterene sine, dialogene som utspiller seg, og dei små, men viktige valgene personer må ta og som vil forandre eit liv for alltid. Det er dette som driver forteljinga framover og er krydret med eit lett og godt språk.
Ein fylgjer fleire personer parallelt, og ein sit å undrar seg om alle faktisk har ein viktig og aktiv part i hovedplottet. Eg var spent på å sjå korleis forfatter eventuelt ville løyse dette med å smelte bi-historiene inn i historia. Med ein del tvister og humoristiske betraktninger klarer han å fullføre det på ein original måte.
Det er ingen storslåtte scener eller ekstravagant språk og skildringer, men det fungerer heilt utmerket akkurat slik den er. Eg likte stemninga, snøen som faller, kulden som biter, nordlyset som kveiler seg over nattehimmelen, og midt i sentrum av historien står samen og reinsdyreigeren Petter Savio. Det meste kretser rundt Petter, og eg følte at alt er bygd opp rundt han, og at det er han som setter stemningen i boka.
«Vinterpuls» overrasket meg med sitt innhald og enkle språk. Den er særs lettlest og innehar strålende karakterer og personligheter. Tore Sivertsen har skrevet ein stillferdig og solid roman som raskt blir omgjort til ein spenningsroman med eit glimt av mørk humor. Dette var ein meget god debutbok frå forfatter.
TERNINGKAST: 5-