Den ellevte mann av Håkon Opdal

Ein annleis dokumentar om å være sisteskanse i ein av verdas største idretter, nemlig fotball.

  • Norsk tittel: Den ellevte mann
  • Forfattar: Håkon Opdal
  • Sjanger: Sakprosa, Dokumentar
  • Antall sider: 163
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Vigmostad&Bjørke

Håkon Opdal (Født 1982) har over tjue års erfaring som keeper i blant anna Brann og Start, i tillegg til landslaget. Etter at han avsluttet fotballkarrieren har han arbeida som kommunikasjonsrådgiver. Han gav ut sakprosaen «Den ellevte mann» i 2022.

Fotball er verdens mest gjennomanalyserte sport, men det finnes en blind flekk. Selv ikke de andre spillerne på laget vet hvordan det er å være den som vokter målet, og som med bare nevene skal forhindre katastrofen for medspillerne og supporterne. Den ellevte mann er en gripende beretning om følelsen av å være siste skanse, om drivet etter å klare et umulig oppdrag, om vanvittige redninger, og om de usynlige detaljenes betydning i fotballen og i livet. Inspirert av Albert Camus’ filosofi viser Opdal at utfordringene en keeper står overfor, ikke er så ulike de vi alle møter i hverdagen. Boken er også en guide til noen av de største øyeblikkene i fotballhistorien.

Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå forlaget Vigmostad&Bjørke. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Den ellevte mann».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein dokumentar og sakprosa om det å være målmann og siste skanse i ein av verdas største idretter.

Ikkje alle kan skryte av at sjølvaste Dag Solstad har skrevet forordet i ei bok, men det kan Opdal. Berre dette i seg sjølv tyder på at det er kvalitet.

Som ein fotballidiot var eg spent på kva eg fekk servert i denne boka, og kva for innfallsvinkel forfattar har brukt. Eg vart positivt overraska over kvaliteten i språket og innhaldet. Dette er ikkje ein sjølvbiografi eller lærebok. Det er rett og slett ei bok der me får eit innblikk i kva ein keeper tenker, kva arbeidsoppgåver han/ho har og ikkje minst ein innsikt i det mentale.

Det å holde nullen er ein uoppnåelig oppgåve på sikt. Ein er dømt til å mislykkes i det oppdraget ein er satt til. Å være ein keeper vert dermed ein enorm mental prøvelse. Opdal har sett på som eit kall, eit oppdrag å beskytte målet med livet som innsats. Her skriv han masse rundt dette, og får på strålende vis fram kva som foregår på innsida til ein keeper før, under og etter ein kamp. Han klarer å setje ting i perspektiv, og kjem med mange gode betraktninger.

Det tar ett sekund å score et mål, mens det tar minst 90 minutter å holde nullen. Slik er keeperen det langsommes beskytter. Lynraske reflekser kombinert med stoisk ro er det som gir rent bur når kampen er omme, men veien dit er lang.

Forfattar skriv litt om andre keepere, på godt og vondt. Han trekker frem dei som har revolusjonert keeperarbeidet, sine store forbilder, og kor galt det kan gå når ein keeper mislykkes i sitt oppdrag, og sender ein heil nasjon inn i ein depressiv periode etter eit mesterskap. Det er ein utsatt plass på banen, og her kjem han stadig inn på det essensielle ved det å være keeper; ein feil og ein heil sesong kan gå ad undas. Det å trene opp det mentale er vèl så viktig som det å være reaksjonssterk og god i feltet.

Me er alle målmenn. Du, eg og den vanlege mannen i gata. Opdal viser gjennom metaforiske vendinger korleis ein keeper tenker og jobber, også i den private sfæren. Han setter ting i perspektiv, og leser kan assosiere seg med den umulige oppgaven keepere står overfor.

I bunn og grunn er vi alle keeperen i våre egne liv. Ingen vinner livet, men vi kjemper hele tiden for ikke å tape. Vi vil spille lengst mulig. Derfor gjør vi det uforståelige overfor andre, og derfor forblir vi fremmede for hverandre. For de fremmede ser ikke skjønnheten i våre detaljer.

Opdal har ein lang karriere bak seg, og eg er glad for at han har med seg nokre episoder frå ein suksessfull tid. Det kan være gode redninger han mimrer tilbake til, men også litt om lagkamerater og viktigheten av å ha eit godt forhold til desse og til sin keepertrener.

Det vart ein del gjentakinger gjennom boka. Ting vert tatt opp fleire gonger, riktignok med ein litt anna vinkling, men dette kunne lett vert unngått. Når det er sagt så skal det sies at det er interessante betraktninger Opdal skildrer.

Det er ingen tvil om at eg vil sjå litt annleis på keepere etter å ha lest denne boka, og det har nok også vært målet til forfattar. Eg liker metaforene som vert brukt, der han gjentatte gonger trekker inn Albert Camus og Sisyfos i sine samanlikningar for å skildre det å være den ensomme bakerst på banen. Han bruker også fluefiske som eit sammenligningsgrunnlag, der han stadig trekk likheter inn i teksten.

Sisyfos ble straffet av Zeus for sitt opprørske vesen, og straffen var av strengeste sort. Han ble dømt til å dytte en stein opp på fjellet, bare for at den skulle rulle ned igjen, til evig tid.

Ein får eit innblikk i kor dedikert ein keeper er. Ein leiter konstant etter dei små detaljene for å yte det lille ekstra. Keeperhansker er eit godt eksempel på dette, der Opdal har brukt mange kvelder med å finne det rette paret, og sy dei om slik at dei passer perfekt.

Boka handler mest om mennesket som står mellom stengene. Korleis ein keeper tenker, kva som foregår bak kameraet og korleis ein kan jobbe seg gjennom motgang og medgang.

Språket er meget bra, og viser at Håkon Opdal kan langt meir enn å være særs habil mellom stengene. Dette er eit imponerende stykke arbeid, og eg håper det kjem fleire utgivelser frå den kanten.

«Den ellevte mann» er ei annleis og intuitiv bok om det å være keeper. Me får eit innblikk i kva som foregår på innsiden av eit uoppnåelig oppdrag, nemlig å holde nullen over ein lang periode. Håkon Opdal imponerer med sitt språk og sine betraktninger. Liker du fotball og/eller fluefiske, så er dette ei bok du ikkje bør gå glipp av.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s