Ein roman som er basert på faktiske hendingar, og som tar for seg vald i ekteskap og kva det fører med seg på sikt.
- Norsk tittel: Skumringsmannen
- Forfattar: Ragna Dahl
- Sjanger: Roman
- Antall sider: 317
- Utgivelsesår: 2022
- Utgiver: Lyst Forlag
Ragna Dahl (Født 1955) er utdanna sjukepleiar med vidareutdanning innan administrasjon og ledelse.
Ho har tidlegare skrevet dikt og små noveller. Ho har òg skrevet sanglåtar som har blitt framført på diverse kulturarrangement. Ho debuterte som romanforfattar med «Kameleonjenta» i 2019. I 2022 gav ho ut den frittstående oppfølgeren «Skumringsmannen».

Anna har endelig klart å redde seg selv og datteren Gabriella ut av et voldelig ekteskap. Hun har møtt en ny mann og forsøker å leve et normalt liv. Men en dag holder ikke lenger fasaden, fortiden og angsten innhenter henne og slår sprekker i livet hun har forsøkt å bygge. Anna søker hjelp, men desto mer hun går i terapi, desto mer usikker blir hun. Er det noen som forfølger henne? Eller er det traumene som trekker henne lenger og lenger ned i mørket?
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Skumringsmannen».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein roman, og ein frittstående oppfølger til Kameleonjenta, som kom ut i 2019. Begge bøkene er inspirert av faktiske hendingar. Denne boka kan fint leses frittstående, men ein vil kanskje forstå meir av det Anna opplevde i dette voldelige forholdet ved å lese Kameleonjenta fyrst.
Handlinga i denne romanen er lagt til 1981-82. Anna har lagt det voldelige forholdet bak seg, i den grad det lar seg gjere, har funnet ny samboer, og har skaffet seg og dottera trygge rammer inn mot ein normal kvardag. Men ein dag føler ho nærværet til eksmannen Alexander. Dette vert starten på eit nytt mareritt for Anna og hennar lille familie.
Anna er hovedpersonen og jeg-personen i romanen. Ho har ei dotter på 6 år, som ho lever i ein konstant redsel for at eksmannen skal komme og skade ho. Difor vert Anna overbeskyttende og skaper mange fiktive hendingar i sitt sinn, som ho er livredd for skal utspille seg. Sjeldan har eg lest om ein karakter som me kjem så nært innpå. Ein lever og ånder med Anna, og ein kjenner på frykten og smerten. Og dessverre finnes det mange som Anna der ute, som lever i dette tankespinnet og redselen 24/7. Denne boka gir eit unikt innblikk i korleis det er å vere på «flukt» frå eit valdeleg ekteskap og eksmann.
Dahl skildrer ei kvinne som slit voldsomt psykisk. Ho innser tidleg at ho treng hjelp, og oppsøker psykolog. Men også her er ho redd for å snakke åpent. Redd for at psykologen skal verte sint på ho. Redd for at han ikkje vil tru på det ho fortel. Så ho held inne mange følelser og redsler for det ho både ser og opplever, både overfor psykolog og samboer.
Miljøskildringene er gode, og det meste foregår i Arendal. Ein kan føle på den intense spenninga når skumringen siger innover, og Anna oppdager skikkelser bevege seg rundt hushjørner og i naturen. Også inne i huset til samboeren føler ho på nærværet til eksmannen. Dahl har klart å mane fram gode bilete og situasjoner som vekker frykten både i Anna, og meg som leser.
Den svarte strengen av redsel legger seg i kroppen. Med det samme tenker jeg på skyggen i kjøkkenvinduet. Var det Alexander jeg fornemmet. Har han fulgt etter meg. Er han der i skyggen av trærne, kommer han nå og tar meg? Hvorfor i all verden sjekket jeg ikke huset og låste døren før jeg dro? Hvorfor kan jeg aldri lære å være smart. Den uhyggelige fornemmelsen forsterker seg idet regnet stilner.
Heile vegen får Anna flashback frå tida med eksmannen som ho assosierer med i kvardagslivet. Her er forfatter meget dyktig på å skrive setninger, som forøvrig er skrevet i kursiv, som viser kvifor ho tenker på akkurat dette i dei forskjellige øyeblikka. På denne måten vert også nye og gamle lesarar oppdatert med kva som skjedde gjennom den fyrste boka. Eit godt verkemiddel som fungerer utmerket.
Det er til tider detaljrikt språk. Normalt er dette noko som kan hemme progresjonen og gjere til at ein kjeder seg litt medan ein les. Men i og med at innhaldet er som det er, føles det naturleg å følge Anna meir intensivt enn det ellers vil være.
Skinnvesken slenges ved siden av førersetet. Setter meg fort inn, retter ryggen i bilsetet, skrur på fjernlyset og lar bilen trille langsomt ut fra parkeringsplassen. Møter mitt eget blikk i bakspeilet, jeg burde ha sminket meg mer, tenker jeg. Hendene kniper om rattet, og jeg setter opp farten mot sykehuskomplekset.
Forfatter skriv ein del rundt dette med PTSD, medisinering og ringvirkninger av ein slik lidelse. Korleis det går utover ein sjølv og dei som er rundt, og kva ein psykolog setter i fokus i sine samtaler. Hovedkarakteren kjemper konstant og ein innbitt kamp med seg sjølv og sine tanker. Ingen trur på ho når ho seier at eksmannen følger etter ho. Litt av spenninga er om dette faktisk er reelt, eller om ho bruker traumatiske minner til å mane frem synet av eksmannen.
Sjølv om dette er ein roman, riktignok basert på faktiske hendingar, så er det gode betraktninger rundt psykisk helse. Det som imponerte meg aller mest med romanen er den konstante følelsen hovedkarakteren har av å verte forfulgt, av alle minna som dukker opp, og alle følelsene og tankene som raser gjennom ho. Alt dette vert spelt om igjen og om igjen, men utan gjentaking. Det er progresjon heile tida, og Dahl kjem heila tida med nye skildringer og nye tanker. Det er meisterleg gjort, og viser stor språklig kunnskap.
– Det som er vitsen, er å skille person og problem. Problemet definerer deg ikke som person, men noe en person har. Målet er ikke å endre hvem du er, men å endre den effekten problemet har på livet, sier han.
Det er til tider intenst og få pusterom. Det psykologiske aspektet er der heile tida, og gjer noko med meg som leser. Ein føler med Anna, og det som ho går gjennom, fordi me kjem under huda og inn i hovudet på ho. Det er ein fascinerende skrivemåte og det fungerer strålende.
«Skumringsmannen» er ein meget solid og god roman om ettervirkninger av å ha levd i eit voldelig ekteskap. Det finnes mange Anna’er der ute, og gjennom denne boka har desse fått eit ansikt. Romanen er sterk, intens og ikkje minst truverdig. Ragna Dahl er eit forfattarnavn du bør merke deg. Denne boka er god. Verkeleg god.
TERNINGKAST: 5