Ei rikt illustrert bok for born og unge som er proppfull av fakta med dyr i hovedrollen.
- Norsk tittel: Helter fra dyreriket
- Forfattar: Line Renslebråten
- Sjanger: Barn, Fakta
- Antall sider: 69
- Utgivelsesår: 2022
- Utgiver: Cappelen Damm
Line Renslebråten (Født 1980) bur i Asker. Ho er forfattar og illustratør. Renslebråten debuterte som forfattar med barneboka «Under senga» i 2013. Sidan den gong har ho gitt ut ei rekkje fagbøker og sakprosabøker for born og ungdom. Ho er veldig opptatt av natur og miljø, noko som også vises igjen i bokutgivelsene. I 2022 gav ho ut dokumentarboka «Helter fra dyreriket».

Dyr har hjulpet menneskene med de utroligste ting. Alt fra romfart til livredning og krig. Har du hørt om bjørnen som ble soldag? Visste du at de første astronautene hadde pels og poter? Eller at Norges første politihund het Mira? Det er sjelden vi hører dyrenes historier. De kan jo ikke fortelle dem selv. I denne boka får du høre virkelige historier om dyr som har brukt livet i menneskenes tjeneste.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Helter fra dyreriket».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ei sakprosabok om dyr som har hjulpet mennesker med de utruligste ting opp gjennom årene. Boka passar for born i alderen 6-10 år.
Boka innehar mange illustrasjoner. Desse er det forfattar sjølv som står bak, og dei er fantastiske. Nokre må ein studere litt for å sjå om det er ein teikning eller eit bilete. Dei lyser definitivt opp boka, og gjer den lesevennlig og meir interessant for dei unge.
Ein finn mange artige, nyttige og unyttige fakta i teksten. Her vil ein garantert lære noko, enten ein er ung eller godt vaksen. Språket er likevel skrevet slik at dei minste skal forstå innhaldet. Eg sakna ordforklaring medan eg leste, då det var ein del ord som mange unge nok ikkje har høyrt før. Når eg kom bakerst i boka, så fann eg ordforklaring. Dermed sakna eg informasjon om at dette befant seg bak i boka. Når det er sagt, så er orda der godt forklart.
Helt fra man begynte med kullgruver og frem til 1989, var kanarifugler med ned i gruvene for å varsle om man støtte på farlige gasser under gravingen. Fugler har sanser som oppdager slike gasser før menneskene.
Det er ein historie knytta til kvart spesifikt dyr som er omtalt. Dermed får ein eit godt innblikk i kva og kvifor dette dyret er ein helt frå dyreriket. Det er varierte dyr som er med, og gir boka eit stort spennvidde. Her finn ein alt frå hund, katt, ville dyr, og ein skal ikkje sjå vekk ifrå at den omhandler fugler, edderkopper, mus og rotter også.
Boka er delt inn i 4 hovedkapitler. Her finn ein kapitler om helter i arbeid, verdensrommet, krig og i kunnskapens teikn. Det er spennende, interessante og kunnskapsrike kapitler. Ein finn også nokre kjente skikkelser blant alle dyra, som f.eks hunden Laika og spekkhoggeren Keiko.
En høstdag i 1957 bjeffet en liten hund ved navn Kudrjavka gjennom radioen i de russiske hjem. Det var dette bjeffet som skulle gi henne kallenavnet Laika, som betyr bjeffer på russisk. Hun ble kjent som astronauten til romfartøyet Sputnik 2.
Medan ein les så ser ein konturene av dyremishandling opp gjennom årene. Her er eg glad for at forfattar i sitt etterord legg vekt på dette, og forsøker å forklare at tidene heldigvis har forandret seg.
Gjennom å lese denne type bøker får ein både direkte og indirekte ny kunnskap. Dette er pedagogisk læring på høgt nivå, som denne gangen omfatter dyr som har bidratt til menneskeleg utvikling i verdenssamfunnet. Dette har riktignok gått på bekostning av mange dyreliv.
Renslebråten har valgt å fylgje samme oppskrift boka gjennom. Dette fører til at boka er enkel, forståelig og lett å finne fram i. Ho er flink til å videreformidle informasjon gjennom tekst og fargerike illustrasjoner. Boka er i stort format, men med relativt få sider er den enkel å holde og lett å bla i for dei unge.
«Helter fra dyreriket» er ei kunnskapsrik faktabok for barn og unge. Det er kjekt å lære med slike bøker, og vil garantert skape interesse for heile familien, då den er rikt illustrert og innehar mange artige faktaopplysninger.
TERNINGKAST: 5