Mannen som forsvant av Petrus Jensen

Tre born oppdagar at ein person har forsvunnet på mystisk vis, og når dei i tillegg finn eit trusselbrev startar jakta på sanninga. Dette er bok nr 1 i krimserien for barn og unge om «De Tre Lykter».

  • Norsk tittel: Mannen som forsvant
  • Forfattar: Petrus Jensen
  • Sjanger: Barn og Unge, Krim
  • Antall sider: 219
  • Utgivelsesår: 2017
  • Utgiver: Baryton Bokforlag

Petrus Jensen (Født 1957) er utdanna journalist. Han har lang erfaring frå arbeid med språk og informasjon i Noreg og Sverige. Jensen har drevet eige firma, og forfatta petitartiklar, songar, dikt, eventyr og noveller. I 2013 var han ghostwriter for den svenske boka «Alla Dörrer Var Inte Stängda». Mest kjent er han nok for sine krimbøker for barn. Mange har etterkvart fått opp augene for serien «De Tre Lykter» her i Noreg. Pr April 2021 er det utgitt tre bøker i denne serien.

Lissi, Luta og Fyrstikken oppdagar at Pettersen på Blesserud har forsvunnet. Døra står på vidt gap og sauene breker som gale i fjøset. Har han blitt kidnappa? Fordi han visste ting han ikkje burde visst?
Bli revet med når trekløveret finn eit trusselbrev og detektivklubben De Tre Lykter ser dagens ljos. For med lommelykter, mot og oppfinnsomhet er de fast bestemte på at dei skal avsløra mørkets urettferdigheter! Opplev det ubegripelige når dei treff «mannen drå den andre sida», og heng på når dei spionerer i mørket på ein forlatt herregård, når dei vert oppdaga, når dei vert innesperra, når dei flykter og når dei vert jaga…

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Mannen som forsvant». Eg må óg legge til at eg har lest 2.utgåve av boka som kom ut i 2017.

Da fyrsta som slår meg når eg ser på det fantastiske omslaget, er nostalgien frå barndommens bøker. Og da er nettopp bakover i tid me skal, nærare bestemt til midten av 1960-talet. Dette er bok nr 1 i denne serien, der bøkene er frittståande. Bøkene passar for barn i alderen 9-14 år.

Eg fant det befriende å sleppe å lesa om PC’er, mobiltelefoner og internett. Morsomt å lesa at foreldra gav beskjed om at ungane måtte vera inne til ei bestemt tid på kvelden, uten å ana kva eller kor dei skulle. Men slik var det før i tida..Ein visste ikkje nødvendigvis kor ungene befant seg til einkvar tid. Jensen har skapt eit godt bilete av 60-talet med sine skildringar om gjenstandar og omgivnadar.

Boka har teikning av kart foran og bak i boka. Desse fekk eg bruk for fleire gongar. Jensen har og laga ei oversikt over personar som er med foran i boka. Dette er óg eit smart valg for denne målgruppa. Handlinga foregår ved svenskegrensa sør i Noreg.

Jensen varierer mellom å skriva kallenavn og da verkelege navnet på personane. Her kunne han gjerne vert konsekvent og holdt seg til eit av navna boka gjennom.
Eg vart litt forvirra når dei skulle undersøkja plassar og bygningar. Her følte eg at forfattar ville skildra mange ting på ein gong, men at da for min del vart litt uklart og rotete. Kanskje han kunne forenkla da litt her med tanke på målgruppa.

Da er gode og morosamme dialogar, med mange artige uttrykk frå barna. Plottet er bra og barna opplev mange spennande og skumle situasjonar i mørket. Her vert óg vennskap satt på ein prøve når dei har danna klubben sin. Ellers vert det litt kjærleik, misunnelse, overnaturlege moment, og at familie er viktig for barna.

«Luta hadde bare tatt det første spranget i sin desperate flukt da flere digre hunder svarte bak låven. Det lynte, det smalt. Han gled og datt, for opp og sprang igjen. Bikkjene halset nærmere. Og nærmere…»

«Jeg»-personen er forfattar si eiga stemme. Dette var eit meget godt verkemiddel i starten av boka, men så forsvant den stemma utover. Skulle gjerne hatt meir av den innimellom i romanen, for den passa flott inn i historia.

Kapitlene er passeleg korte, og har overskrift. Språket er veldig bra i forhold til aldersgruppa, og samspelet og dynamikken blant hovedkarakterene føltes ekte og naturleg.
Innholdet vil nok vekke interessen blant mange born, då det handlar om å lage ein hemmeleg klubb, spionere og drøyma om å bli heltar.

Petrus Jensen har lagt eit veldig godt grunnlag for denne krimserien. Barn og unge bør absolutt gjeres oppmerksom på serien om detektivklubben «De Tre Lykter». Den kan óg vere verdt å få med seg for dei vaksne, gjerne i samlesing med dei yngste barna i målgruppa.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar