Knokkelstøv av Anders Moe

Tommy har levd eit hardt liv som pengeinnkrever. Nå er kona død, og tilbake står han og hans 16 år gamle dotter. Tommy vil reparere forholdet til dottera, men fortida innhentar han.

  • Norsk tittel: Knokkelstøv
  • Forfattar: Anders Moe
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 208
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Vigmostad&Bjørke

Anders Moe (Født 1981) jobbar som dagleg leiar i Agenturhuset og er boksetrener i Ski Kampsportklubb. «Knokkelstøv» som kom ut i 2021 er hans fyrste roman.

Tommy Rem har levd eit hardt og tøft liv. Rolla som pengeinnkrevar leda raskt til enda verre oppdrag. Når kona dør i ei ulykke, vil han bryte med volden og komma seg ut av dette miljøet og reparera forholdet til si seksten år gamle dotter. Men vegen ut av mørket er lang, og med dottera som innsats, må Tommy ut på eit siste oppdrag. Ei reise som krever at han tar eit oppgjer med sine eigne demoner.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlaget Vigmostad&Bjørke. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Knokkelstøv».

Dette er ein relativt kort krimroman frå eit dystert og røft miljø. Romanen er på rett over 200 sider, men med eit slikt innhold er den akkurat passe lang. Dette er ingen tradisjonell politikrim. Her fylgjer me fyrst og fremst dei som utfører dei kriminelle handlingane. Språket er godt og flytende, noko som gjer boka til ein lettlest affære.

Handlinga startar sommaren 2012, der kona, Lise, vert gravlagt. Tilbake står Tommy Rem saman med tenåringsdottera Tina. Svigerforeldra hater fyren, og vil ikkje at Tina skal dra heim med faren. Men ho vert med, og dette er starten på ei historie der ein far kjempar for å reparera eit havarert forhold til si eiga dotter.

«Folk er på vei fra kjøpesenteret med handleposene under armene. De enser ikke oss. Verden stanser ikke selv om noen dør. Det er bare de berørte som får livet ødelagt. For alle andre er det en vanlig dag. Tina går med bøyd hode. Stille. Apatisk. Det var bedre da hun gråt.»

Tommy, som er «jeg-personen» i romanen, har levd eit liv utan følelser og empati for andre. Han har sett på dette som ein jobb. Kald og kynisk. Men dette forandrer seg når han no står åleine att med dottera. Han må passe på ho og sørge for at ho har da best mogleg. Men kor skal han byrja, og kva skal han gjera når hans eiga dotter seier at ho hatar han?

Pavel Djorovan, også kalt «Onkelen» har bygd eit kriminelt nettverk basert på pengeutpressing, og det er i dette miljøet Tommy nå må finne ein vei ut av. Men Onkelen er ein av Oslos tøffeste og verste, og lar han ikkje sleppe billeg unna. Skildringane i dette miljøet er barskt og røft i kantane. Dette er den kriminelle undergrunnen som styrer livet til Tommy, og me får vere med på ei reise som kanskje ikkje passar for den sarte lesar.

Av og til vart det litt vanskeleg å skjøna kva som faktisk foregår i det verkelege livet til Tommy, og kva han ser som bilete og tankar i hovudet. Eg falt litt ut innimellom, og måtte lesa setningar opp igjen for å få med meg alt.

Dette er ein roman om ein mann som rives og slites mellom det gode og det onde. Fortida vender alltid tilbake, uansett kvar han snur seg i denne dystre fortellinga frå forfattar Anders Moe.

Handlinga går over ein 10-års periode og foregår hovudsakleg i Oslo-traktene. Karakterane utviklar seg i denne perioden, og dei er dynamiske og står støtt boka gjennom. Her har Moe gjort ein fremragende jobb med å skildre og skape dei forskjellige personlegheitane.

Hovedkarakteren Tommy Rem er meisterleg skildra. Me fylgjer han tett både i ord og handlingar. Me vert kjent med hans tankegong, og me får nokre tilbakeblikk frå oppveksten. Tilbakeblikk som er såpass vage at ein sit og undrar på om det er årsaken til at han havna i feil miljø, eller om det er han sjølv som har tatt desse valga bevisst. Samtidig så får ein litt sympati med fyren.
Miljøet er som nevnt dystert, og forfattar har verkeleg levd seg inn i dette, og klarar å male eit fryktinngytende bilete av personer og handlingar.

Moe har på ein strålende måte forklart kva Tommy eigentleg har gått glipp av som familiefar og ektemann, og kva han har måtte holda skjult for familien. Den emosjonelle reisa til hovedkarakteren er ei reise som åleine er er verdt å få med seg.

Dette er ein roman som skiller seg litt ut. Det er ei mørk bok, men samtidig finn ein stråler av lys innimellom, lys som vert sterkere og sterkere utover i boka, samtidig som skyggene ligger som eit ullent bakteppe. Det store spørsmålet til slutt blir om lyset vinn over mørket. Dette er ei debutbok som verkeleg sett spor etter seg.

TERNINGKAST: 5

2 kommentarer om “Knokkelstøv av Anders Moe

  1. Tine 14/03/2021 kl. 13:04

    Glimrende skrevet! Det ser ut som alle som leser lander på en solid 5`er 🙂

    Liker

    • bokbloggeren 14/03/2021 kl. 13:11

      Takk. 😊 Ja, da er tydeligvis ei bok som treffer eit bredt spekter av lesarar.

      Liker

Legg igjen en kommentar til bokbloggeren Avbryt svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s