Forfattar kjem i denne boka med dikt, eigne malerier og kloke ord og betraktningar rundt kunstens virkning på oss mennesker.
- Norsk tittel: Kunstens virkning på oss
- Forfattar: Elisabeth Naustdal Stormark
- Sjanger: Poesi & Lyrikk
- Antall sider: 102
- Utgivelsesår: 2021
- Utgiver: Tekst Forlag
Elisabeth Naustdal Stormark (Født 1963) bur på Sotra utanfor Bergen. Ho kom ut med bøkene «Sjelebilde», « Poesi fra sjelen» og «Poesi om havet» i 2020. Ho gav óg ut «Kunstens virkning på oss» i 2021. Ho har tidlegare arbeida som medisinsk sektretær, og driv no med maling, skriving, musikk og healing. Ho driv Galleri Stormark Everything in Nature.

Forfattar vil med denne boka at orda og maleriene kan gi deg som lesar noko av verdi og utbytte. Refleksjon og ettertanke. Kanskje får du eit lite pusterom i ein travel kvardag ved å lese og reflektere over kunstens virkning på oss mennesker. Elisabeth Naustdal Stormark har med denne boka skrevet dikt og viser fram sine flotte malerier, i kombinasjon med forklaringar og kloke ord og betrakningar.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Kunstens virkning på oss».
I likhet med dei andre bøkene til Stormark, er det også i denne bilete av hennes flotte og kreative malerier. For mange av hennes malerier tar utgongspunkt frå naturen. Ho kan bruka f.eks blader og steiner til å mala med, noko som skapar eit mønster og inntrykk ulikt alt anna. Dei er fargerike og står i kontrast til dikta. Maleria kan forandra seg etter å ha lese dikta, for her er det rom for tolkning, men det ligger eit bilete og ein tanke bak kvart av maleria.
Jeg
blomstrer
når
jeg
er
trygg i meg selv.
Denne boka skil seg litt ut frå dei andre utgivelsene frå forfattaren. Dette er ikkje ei rein dikt og poesi bok. Stormark har óg skrevet ned forklaringa bak maleria. Dette var spennende lesning. Me får ei lita innføring om kvifor og kva som ligg til grunn for biletet ho har malt. Dette gjer at ein ser maleriet i eit nytt lys.
Ho har óg skildra kva kunstens virkning på oss er, og me får høyra om hennes vei og korleis ho fann att seg sjølv gjennom kunsten, og sakte men sikkert har ho kjempa seg tilbake til å vere ein versjon av seg sjølv som ho er fornøyd med. Med andre ord så er det ei lita sjelelig reise i sinn gjennom ord og fargar. Kanskje kan nettopp dette vere den lille dråpen som skal til for at nettopp du som lesar kan gjere det samme, nemlig å vere bevisst ditt indre.
Da er mange kloke ord og betraktningar rundt da å finna seg sjølv att. Språket kan vere lett filosofisk, og da er skrevet med sjel og eit oppriktig ynskje om at nokon kan ta lærdom av da, og vere til nytte for lesaren. Også i denne boka er det litt om chakra, healing og eit indre sinn.
Det er ikkje bilete til alle dikta. Nokre har ei blank side foran seg, men det kan vere virkningsfullt det også. Dikta viser spor etter ein person som har slitt og som aldri har følt seg god nok, men som kjempar seg tilbake og får ein ny begynnelse på livet. Eg som lesar kan med andre ord gjennom dikta lesa om hennes indre kamp og vegen ho har tatt. På denne måten kjem me nær forfattaren på ein heilt annleis måte enn ved ein vanleg artikkel.
Med «Kunstens virkning på oss» er forfatters ynskje å oppmuntra personar som slit med å finna seg sjølv, og som ikkje trur dei er gode eller viktige nok for samfunnet eller menneska rundt seg. Med kloke ord og flotte dikt og malerier, samt energien frå naturen, kan denne boka hjelpa deg på riktig vei.
TERNINGKAST: 5