Nullet av Tom Paulsen

Sær framtidsretta science-fiction roman med ein god dose humor.

  • Norsk tittel: Nullet
  • Forfatter: Tom Paulsen
  • Sjanger: Science-fiction
  • Antall sider: 68
  • Utgivelsesår: 2026
  • Utgiver: Tom Paulsen

Tom Paulsen (Født 1990) er busatt i Haugesund og jobber i Posten. Han debuterte som forfattar med fantasy-romanen «Kaffeverden» i 2022. I 2026 gav han ut science-fiction romanen «Nullet».

I en nær fremtid lever Einir Haugesund sammen med tvillingbroren sin i blokkleilighet. Trettiåringen har kun et mål for øyet. Å redde Republikken Norge fra romvesenene som styrer politikken med usynlige tråder. Et oppdrag som må fullføres før neste lokalvalg, for å unngå at menneskeheten blir fanget i slaveri. Bare ett hinder kan stoppe den dedikerte konspirasjonsteoretikeren. Mutteren hans gjør nemlig alt hun kan for å få ham ut i arbeidslivet.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Nullet».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein kort science-fiction roman som foregår i framtida.

Einir Haugesund er 30 år, og bur i ein leilighet saman med tvillingbror sin, Leif. Han legger sjela si i å redde Noreg, som no er republikk, frå romvesener som visstnok drar i tråder og styrer politikken dit dei vil. Einir er på god veg til å klare å stoppe dette, hadde det ikkje vert for at mor hans absolutt vil ha ham ut i arbeidslivet. Noko som setter ein midlertidig stopper for arbeidet hans bak ein datamaskin. Men det er berre midlertidig….

Forfatter har lagt universet til år 2130, og ting ser dermed litt annerledes ut enn det gjer i dagens samfunn. Her blir det science-fiction og ein god dose humor om ein annen. Det er nesten eit litt satirisk blikk på saker og ting. Sjølv om dette er framtidsretta, er det likevel noko menneskeleg og sårt over det heile. Faren til tvillingbrødrene stakk når moren var gravid. Etter 30 år er han tilbake i byen, og det skaper følelser og tanker hos Einir, eller Nullet som han faktisk vart døpt som.

«Ingen i hele universet kan stole på løftene til en politiker.»

Einir er ein konspirasjonsteoretiker som ser at Noreg er i ferd med å gå til grunne, viss ikkje han klarer å stoppe det. Men korleis skal ei enslig sjel klare dette? Og det attpåtil mot romvesener som er langt meir mektigere og har ein framtidsrettet teknologi som andre berre kan draume om?

Dette er ein mildt sagt sær roman som handler om ein dysfunksjonell familie, sorte hull, hemmeligheter, laservåpen og ein kamp for å overleve.

Han knapper opp skjorta si, viser frem brystkassen. Ja, øyeblikket enhver sønn har ventet på, når pappa begynner å strippe foran deg. Pervofaen får likevel frem poenget. 

Karakteroppbygginga er meir eller mindre fraværende. Ein får utdelt eit navn og to, ellers føles karakterene litt som pappfigurer. Ein kjem aldri under huda på dei. Ein skjønner at Einir er ein særing som ein kan undre seg over om han er ved sine fulle fem. Han kaller faren for Opphavsmannen, og mora for Statshora, men der stopper det egentlig.

Humoren ligg stadig og vaker i overflata av historia, og det føles befriende når ein har blitt litt forvirra av deler av innhaldet. Eg skal ærleg innrømme at det var langt fra alt eg skjønte meg på, sjølv om eg forsøkte å lese setninger og avsnitt fleire gonger.

Det er eit grovt språkbruk, og ein del merkverdige oppbygde setninger her og der. Ein vert vant til det etterkvart, men i starten føltes det forvirrende og det stopper opp lesinga og progresjonen i historia for min del.

Historia i seg sjølv er original og Paulsen skal ha kred for at han blander forskjellige sjangrar og skriv med eit glimt i auga. Det som nok er mest spennende med heile historia er kven ein kan stole på og ikkje. Er det faktisk eit problem, eller er det konspirasjonsteoretikeren som er heilt på villspor? Kan personene rundt han være til å stole på? Korleis vil ein slik roman eigentleg ende? Det er mange spørsmål som dukker opp etterkvart, og det i seg sjølv er grunn nok til å lese til siste slutt. For sjølv om eg ikkje såg heile sammenhengen eller skjønte alt, så var det noko der som var fengende på sin sære måte.

Jeg veit at kloden styres av kannibalistiske romvesener, og vil bidra i kampen mot dem. Finne beviser. Være en viktig brikke for motstandsbevegelsen. De utenomjordiske stoppes, dersom menneskeheten skal unngå å bli rævpult til slaver.

Språket er bra og historia er original på sin heilt særegne måte. På tross av sine 68 sider er det er korte kapitler med overskrifter som gjer boka ekstra lesevennlig.

«Nullet» er ein science-fiction roman som innehar ein sær og original historie med ein god dose humor og satire i bunn. Ein bør nok ha ein viss sans for science-fiction for å utbytte av denne boka, for her foregår alt over 100 år fram i tid, med alt det som fylgjer med. Språket er bra og Tom Paulsen har skapt eit univers som eg gjerne besøker fleire gonger.

TERNINGKAST: 3

Legg igjen en kommentar