Forsvinningen av Frode Granhus

Når Frode Granhus skriv krimbøker, byr han på storslått nordnorsk natur, herlege personskildringar og eit intrikat plott. Slik er det òg i «Forsvinningen».

  • Norsk tittel: Forsvinningen
  • Forfattar: Frode Granhus
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 320
  • Utgivelsesår: 2018
  • Utgiver: Vigmostad&Bjørke

Frode Granhus (1965-2017) debuterte med krimromanen «Hevneren» i 2003. Det var likevel dei 6 bøkene om etterforskar Rino Carlsen som verkeleg satte Frode Granhus på forfattarkartet både i inn og utland. Det starta med «Malstrømmen» i 2010, og avslutta med denne boka i 2018. Manuset til «Forsvinningen» var ferdigskrevet da han gjekk bort i 2017, men sjølve boka kom ut i 2018. Han var nominert til ei rekkje prisar for sine bøker.

Rino Carlsen sit og skriv på sin oppsigelse som lensmann i Reine, då han får ein telefon om ein mann som er funnen naken og fastlenka i eit nedlagt fjøs, der han har vert utan mat og drikke i 4 døgn. På veggen står det skrevet «Den som kunne ha forhindret». Ting tydar på at dette har ein samanheng med vanskjøtsel av dyr 25 år tidlegare. Så dukkar det opp fleire sakar for Rino og hans nye aspirant Curt.
Parallelt med denne saka, leitar den pensjonerte lensmannen Berger Falch etter nye spor frå ei over 40 år gamal sak han har funne fram. Den omhandlar ei 11 år gamal sjuk jente forsvann sporlaust frå sin eigen heim 17.mai i 1972. Etterforskninga konkluderte med at jenta hadde gått ned til sjøen og drukna. Ho vart aldri funnen. Dette var ei sak som hadde plaga Berger i alle år.

Frode Granhus er kjent for sine bøker der han har storslåtte naturskildringar og heftige vèrbilete frå Nord-Norge. Han skuffer heller ikkje i denne boka. Her blir me også kjent med ein politiaspirant ved navn Curt Heggelund, eller «klisje-Curt» som Rino i sitt stille sinn har kalla han. Dette er ein artig karakter som spriter opp boka med litt humor og ein haug med klisjèar.

«Curt ga ham en dult i siden. «Bedre med trøtte armer enn tomme tarmer.» Så gjorde han en ny skålebevegelse med pølsen.»

Berger Falch er også ein framtredande person i denne boka. Berger grensar til senilitet og slit med hjarteproblem. Han tar opp igjen ei sak frå 1972, som aldri har latt han få fred, sjølv om han ikkje var lensmann på den tida. Samtidig så er saknet etter kona Kristin større enn nokon gong, sjølv om det er gått 10 år sidan ho døyde. Me får glimtvis eit innblikk i kjærleiken mellom dei og det såre saknet etter ho.

Der me i tidlegare bøker har fått eit godt innblikk i Rino sitt privatliv, er det i denne boka begrensa til eit minimum. Her er det fyrst og fremst politiarbeid og etterforsking som er i fokus. Men det fungerer heilt utmerket! Dette er kanskje hans beste bok i serien om Rino Carlsen, og det seier ikkje lite.

Med korte kapittel og særdeles levande miljøskildringar frå Nord-Norge, slukte eg boka side for side i rekordfart. Etter å ha lest bøkene hans, får eg lyst til å reise nordover og oppleva denne fantastiske naturen som er skildra. Personskildringane er også meget solide. Som lesar får du eit godt forhold til dei, spesielt hovedpersonane.
Denne boka handlar om sakn, om det å verta gamal, om tøffe barndomsår og om hat. Alt dette er sjølvsagt blanda godt inn i ei fantastisk plott, som er eit av Granhus sine varemerker.

Dette vart dessverre Frode Granhus si siste bok. Han fekk aldri sjå den bli utgitt. Men det er eit verdig farvel med Rino Carlsen og med forfattar Frode Granhus.
Eg håpar at fleire får opp augo for bøkene hans. Dette er krim i absolutt TOPP klasse.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s