Nullpunkt av Jørn Lier Horst & Thomas Enger

Ein kjendis blir meldt sakna. Politet leitar med full styrke. Men dette er berre starten på eit mareritt for etterforskningsleiar Alexander Blix og resten av hans team.
Actionfylt krim om ein etterforskningsleiar og ein kjendisbloggar/journalist. Få kan meir om desse to jobbane enn suksessforfattarane Horst og Enger.

  • Norsk tittel: Nullpunkt
  • Forfattarar: Jørn Lier Horst & Thomas Enger
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 431
  • Utgivelsesår: 2018
  • Utgiver: Capitana

Jørn Lier Horst (Født i 1970) er ein anerkjent norsk forfattar og tidlegare etterforskningsleiar i Oslo. Han har gitt ut fjorten krimbøker i William Wisting serien (pr mai 2020), men er også blitt ein profilert barne og ungdomsforfattar med bøker i Detektivbyrå nr 2 og CLUE seriane.
Han har vunnet ein rekkje prisar for sine bøker.

Thomas Enger (født i 1973) er utdanna journalist. Han debuterte med krimboka «Skinndød» i 2010. Dette var den første av fem krimbøker om journalisten Henning Juul. (Pr mai 2020). Han har også gitt ut nokre ungdomsbøker som han har vunnet UPrisen med. Bøkene hans er solgt til over 30 land.

I «Nullpunkt» startar boka med ein episode som skjedde i 1999. Den nyutdanna politimannen Alexander Blix rykkjer ut på melding om husbråk, saman med sin makker Gard Fosse. Der Fosse følgjer boka og ventar på backup, går Blix inn i huset og endar opp med å skyte og drepe faren til ei 5 år gamal jente etter ein gisselsituasjon.

19 år seinare er Alexander Blix etterforskningsleiar, når den tidlegare langdistansedronninga Sonja Nordstrøm aldri dukker opp til intervjuer rundt lanseringa av hennar kontroversielle sjølvbiografi. Kjendisblogger og journalist Emma Ramm oppsøkjer boligen til Nordstrøm. Her finn ho spor etter eit basketak. Dette er starten på eit kappløp med tida, der ein kjendisblogger og ein etterforskningsleiar må samarbeida for å finna svaret på forsvinninga. Samtidig går ein nådelaus drapsmann laus i gatene.

Blix slit med ettervirkningane etter det som skjedde for 19 år sidan. Han har óg eit litt anstrengt forhold til ekskona si, og har lite kontakt med si eiga dotter. Dottera er med i eit realityshow som streames live på internett, og som har direkesendte tv-sendingar i studio. Dette er noko Blix følgjer med på, og som utgjer eit viktig avbrekk frå den hektiske kvardagen hans.

Blix får ein ny kollega med på laget når han skal forsøke å komme til bunns i saken. Sofia Kovic, 26 år og halvt kroatisk. Han er skeptisk til denne kvinna i starten, men finn etterkvart ut at da er bein i nesa på ho.

Emma Ramm blir me godt kjent med. Kjendisbloggar som fort blir oppgradert til krimjournalist for news.no, sidan ho allereie er innblanda i saken. Samarbeidet med Blix gjer at ho får masse insideinformasjon og blir ein leiande journalist i saken, til andres misunnelse og irritasjon.

«Hun hadde funnet frem nøkkelknippet, da hun stoppet og snudde seg. En stemme hadde ropt på henne, men hun så ikke hvor lyden kom fra. Alt hun hørte, var sko mot asfalt. Så steg personen halvveis fram fra mørket.»

Her kjem samarbeidet til Horst og Enger til sin rett. Horst med sin bakgrunn frå politiet, og Enger som er utdanna journalist, så blir det fagleg tyngde når de skriv om radarparet Alexander Blix og Emma Ramm.

Denne boka har mange likhetstrekk med Wisting-bøkene til Jørn Lier Horst. Etterforskningsleiar William Wisting og journalistdottera Line Wisting er nærliggjande å tenkje på når ein les denne boka. Line Wisting blir faktisk også nevnt i boka.

Ei solid bok, med ein del overraskelsesmomentar og action til nesten aller siste side. Det einaste eg saknar er å bli betre kjent med hovedpersonane i boka. Særskilt etterforskar Sofia Kovic er det veldig sparsomt med opplysningar om. Men dette er ein actionfylt krim som fangar lesaren frå fyrste side. Denne boka kan varmt anbefalast til alle krimelskarar der ute.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s