Lysvaken av Birgitte Wærstad

Ein god, intens og spennende fortsettelse i Oria-serien.

  • Norsk tittel: Lysvaken
  • Forfatter: Birgitte Wærstad
  • Sjanger: Barn, Unge, Fantasy
  • Antall sider: 373
  • Utgivelsesår: 2024
  • Utgiver: Lønn Forlag

Birgitte Wærstad er utdanna sykepleier, aromaterapeut og agronom. Ho debuterte som forfatter med fantasyromanen «Glimmersvippen» i 2022. Oppfølgeren «Lysvaken» vart utgitt i 2024.

Julen nærmer seg på Blåveisåsen, men for Myra Grasdalen er det lite som lokker fram julestemningen. Vinterhåret og de røde øynene får henne til å skille seg ut overalt. Rosella tok med seg Myras mamma til Oria i et desperat forsøk på å redde henne fra døden, men nå har det gått flere uker uten livstegn. Et dødelig stoff fra Oria sprer seg i menneskenes verden, farlige krefter jakter på Myra, og snart banker barnevernet på døren. Myra innser at hun ikke lenger kan vente. Sammen med Frans bestemmer hun seg for å dra tilbake til Oria. Men hvordan skal de komme seg dit når Gamle-Tor har stengt alle glimmersvippene?

Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Lysvaken».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er bok nr. 2 i fantasy-serien om Oria. Bøkene bør leses kronologisk. Den fyrste boka i serien, «Glimmersvippen», vart utgitt i 2022. Boka anbefales for barn og unge frå 9 år og oppover.

Myra er tilbake i Blåveisåsen, men det er mykje som ikkje er som det skal. Moren er forsvunnet etter at Rosella tok ho med seg for å forsøke å få ho frisk. No bur Myra åleine i leiligheten, noko barnevernet har oppdaga. Dei står plutseleg på døra ein dag, og Myra innser at ho ikkje kan bli værende der. Ho må reise tilbake til Oria for å leite etter moren. Men der venter også vesener som vil gjere alt for å få tak i ho. Saman med Frans må ho likevel gjere eit forsøk. Eit forsøk som skal få store følger…

Det er kart over Oria og ein karakteroversikt foran i boka. Dette er definitivt positivt, og vert nytta titt og ofte.

Boka starter meir eller mindre der den forrige sluttet. Me blir kasta rett inn i det, og i så måte starter spenninga allereie frå starten av. Ein kjem raskt inn i kva som hendte på slutten av forrige bok, utan at det er noko form for resyme.

Også denne gongen er det parallelle historier og gode cliffhangere. Det er også tidvis ein fin spenningskurve, med korte og effektive kapitler. Karakterutviklinga er dynamisk og eg synes at Wærstad klarer å få lesar med på notene på ein heilt anna måte i denne boka. Idéer ho har frå tanker til nedskriving på papir og ut til lesar er meir presis og forståelig i denne boka, og dermed er det enklare å fylgje historia.

Det er like mykje magi og trolldom i skjønn forening i denne boka som i den forrige. Og det er ein av styrkene til serien. Det er noko velkjent med tusser, troll og alver, samtidig som det er noko nytt med moderne fantasy-historie og utvikling.

Snø slo ned i nakken hans. Hvor kom det fra? Da han snudde seg haglet snøklatter mot dem. Han kvelte et skrik da han så opp. Ei gråblek hånd på størrelse me en mare feide over kanten på vei mot dem. Eieren var umulig å se. Uansett måtte armene være utrolig lange. Beinete fingre krafset og grov på jakt etter noe.

Det er fortsatt mykje å setja seg inn i. Då tenker eg særskilt på kven som er ven og fiende. Kven som er på hvilken side, navn og relasjoner. Men med bok nr. 1 i beltet, så vert det enklere i denne boka. Likevel krever det litt av lesar for å få med seg alle sammenhenger.

I Oria er det meir eller mindre to fronter mot kvarandre, og i midten står Myra. Kven er egentlig ven og kven er fiende? Finnes det ein overløper frå den eine eller andre sida? Eller har ein kontroll på vesenene? Fleire slike spørsmål dukker opp undervegs, og fører til nokre tvister og overraskelser undervegs.

Det var bare et par skritt igjen til han ville få tak i henne. Selvfølgelig, dusøren kunne få hvem som helst til å bytte side.

Det er eit stort univers Wærstad har laga. Eller rettere sagt, to univers. Det hoppes litt mellom desse to verdenene, men sidan den eine er vår eiga, så kan ein relatere seg til den på ein heilt anna måte enn Oria. Likevel er Oria eit univers ein kan krype inn i, og bli ein del av over lengre tid. Her finnes mange forskjellige vesener og trusler. Men det er også skapninger som er vennlige og som dei kan skjule seg hos. Men faremomenta er aldri langt unna, og tryggheten er lagt på is.

Historia er god, men fortsatt er det litt uoversiktlig når det skjer mykje på ein gong. Men det er fin progresjon i forfatterskapet, og det er gledelig at det er dynamisk utvikling blant karakterer, univers og ikkje minst i språket.

Forfattar har nytta tida godt mellom desse to utgivelsene, og har videreutvikla universet sitt. Det føles meir mottakelig for lesar, er lettare å sjå for seg omgivnadene og eg synes det generelt er betre skildringer, noko som hever lesegleden og interessen for både områder dei beveger seg i, og sjølve historien.

«Lysvaken» er ein spennende fortsettelse av «Glimmersvippen», og er lettlest med sine over 100 kapitler. Innhaldet treff målgruppa godt, og lesar har nokre intense timer foran seg med denne boka. Birgitte Wærstad står med dette med begge bein godt planta inne i fantasy-sjangeren på ein god og positiv måte.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar