Ein roman der psykisk helse og legemiddelindustrien er i fokus.
- Norsk tittel: Skjebne på resept
- Forfatter: Linda Isabell
- Sjanger: Roman
- Antall sider: 308
- Utgivelsesår: 2022
- Utgiver: LIM Forlag
Linda Isabell Mosserud Mindrebøe gav ut romanen «Skjebne på resept» i 2022.

Da Eva giftet seg, lå alt til rette for et godt liv på landet. Alt var tilsynelatende på stell. Men fortiden er sår å bære, og ensomheten synes å bli uholdbar. Og hvor ble det av barnetroen som skulle holde henne oppe? Eva blir nødt til å ta grep om livet, men løsningen skal få fatale konsekvenser. Datteren Eline er en lykkelig seksåring. Hun elsker å danse og å være rundt besteforeldrene i deres daglige gårdsarbeid. Men hun forstår at noe er i endring hos moren. Tony er nyansatt legemiddelselger. Han og forloveden har kostbare drømmer for fremtiden, og Tony er villig til å gjøre hva som helst for å oppnå dem.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Skjebne på resept».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein roman basert på virkelige hendinger, der psykisk helse og legemiddelindustrien er i fokus. Handlinga foregår hovedsaklig på 1970-talet, men ein kan trekke likhetsparalleller til dagens samfunn.
Eva er hovedkarakteren, og heilt frå starten av skjønar me at ho har ein historikk frå psykiatrisk avdeling ved Ullevål sykehus. Ho vert framstilt som utagerende og responderer ikkje på medisineringa. Eva vert ein av dei fyrste borna i landet til å prøve ut valium. Med tilbakeblikk får me eit innsyn i hennar barndom, og kva fylgjer det har fått for ho ca 10 år seinere når ho er gift og har sjølv born.
Hun tar to i slengen nå, ellers dukker spøkelsene opp. Om hun glemmer å ta dem, sørger kroppen for å minne henne på det. Voldsomme bølger av angst og mareritt slår henne over ende, verre enn noen gang, om hun roter med tidene. Gudene må vite hva som skjer om hun går tom.
Eva har to born; Eline på 6 år og William på 3 år. Ho er gift med Thor, og dei har flytta inn på garden til svigerforeldrene til Eva. Ho kjem frå byen, så overgangen til landsbygda har vert stor. Ho slit med å finne sin plass, og føler at sladrekjerringene i bygda heile tida baksnakker ho når ho entrer butikken eller er ute i andre ærend. Eva føler på ensomheten, og etterkvart vert ho deprimert. Det er ein ond ring som er vanskeleg å komma seg ut av, men Eva er nødt til å ta grep om sitt eiga og familiens liv, men som får store konsekvenser for alle involverte.
Persongalleriet er ikkje avskrekkende stort. Det meste kretser rundt familien og svigerforeldra, og på mange måter kan denne boka også sees på som ein generasjonsroman.
Eg liker måten forfatter har satt opp Eva og Gerda, som er svigermora, mot kvarandre. Det er store kontraster og kulturforskjellene er verkeleg på kollisjonskurs dei i mellom. Kva skal no hennes sønn med ei fisefin byjente? Ei byjente som i tillegg ikkje virker å vere skikkelig skrudd saman. Etterkvart som historia utspeler seg så ser me forskjellige sider ved begge desse karakterene, og det er kjekt å sjå ei dynamisk utvikling i modenhet og oppførsel.
I dialogene er det litt Toten-dialekt her og der. Forfatter har holdt seg til ord som eg vil tru dei aller fleste skjønner meininga bak, samtidig som ho har klart å holde på språket.
Parallelt med livet på gården, fylgjer me også legemiddelindustrien gjennom Tony’s auge. Han er ein fremadstormende selger, og viser ingen nåde for å nå sine mål. Her kjem den kyniske og korrupte delen av legemiddelindustrien frem, og kanskje var det slik i startfasen på 70-talet? Valium gjer sitt inntog på det norske og internasjonale markedet, og vert starten på eit salgseventyr uten sidestykke for industrien. Men alt har sin pris. Spørsmålet er kor langt ein er villig til å gå for å nå sine oppsatte mål.
Eva slit med mareritt. Desse får me også ta del i, og her føler eg at forfatter vil meir enn ho klarer å formidle. Det er usammenhengende og eg stusser litt over kva meininga bak desse mareritta er. Ein får eit meir kompleks bilete av karakteren, men når det egentlig berre er oppspinn, så hjelp det lite.
Hun kaster seg mot kanten av stupet, der håpet forsvant. For langt der nede ligger en grunnmur av hele henne, rast sammen. Den stygge latteren runger på nytt, og bølger av mørkt ekko slynger gjennom kroppen. Hemningsløst rister skuldrene i gråt.
Eg føler at Linda Isabell går litt rundt grauten i starten. Det tar tid før ein kjem til kjernen av bodskapet. Kall det gjerne omstendelig oppbygging av historien. Etterkvart får me eit innblikk i både legemiddelindustrien og brukere av denne. På godt og vondt.
Psykisk helse står i fokus, og her føler eg at forfatter er på sitt beste når ho skildrer livet til Eva. Ein kan kjenne på den indre smerten ho lever med, men samtidig bruker ho alt av krefter og energi på å holde den ytre fasaden. Og kva med borna? Merker dei noko til at moren går meir og meir inn i ein form for depresjon der angstanfallene kjem stadig oftere? Og ikkje minst svigerforeldra som får borna rekende på dørene tidleg og seint. Kva tanker gjer dei seg?
Å fylgje kvardagen til dei to borna er trist, men også veldig fint innimellom. Moren vert stadig mindre og mindre involvert i livene deira, samtidig som unnskyldningene er mange og fasaden opprettholdt. Då er det godt å ha kvarandre og besteforeldre i nærleiken. Det er likevel sårt å lese om kva dei må gå gjennom.
Enkelte stader i romanen følte eg det vart unødvendig detaljerte skildringer. Når det vipper over så føles det meir ut som fyllstoff framfor det å vie leseren eit visuelt blikk inn i universet. Slutten vart for min del litt forvirrende, utan at eg kan gå nærere inn på det i fare for å avsløre noko.
Innenfor et gjerde skimter hun folk som sitter inntil små hagebord, under stripete parasoller. Det er bare voksne mennesker, hun kan ikke se noen barn. En eldre dame hever et stort glass og tar en god slurk. Skum renner over og ned på hånden hennes. Mens hun fortsetter å drikke, slipper skummet seg tungt ned i fanget.
Kristendommen er også godt representert i boka. Gudstroen er det som gjer at enkelte klarer å holda hovudet over vatnet. Gjennom engler og det guddommelige finn ein håp og trøyst i ei vanskeleg tid. Men er det lenger håp når heile levesettet ditt vert rykka vekk under beina dine og du er i fritt fall? Det er då ein får testa ut kor stor gudstroen er. Forfatter kjem med gode betraktninger og skildringer rundt dette.
Forfatter har eit godt språk og sett fokus på eit viktig samfunnsrelatert tema. Kvifor vert eigentleg mennesker satt på avhengighetsskapende medisiner? Og er brukeren av desse godt nok informert om faremomenta ved dette? Linda Isabell stiller kritiske spørsmål utan å eigentleg stilla dei. Ho lar handlinga og menneskers skjebner tala for seg, og det kjem ho godt ut av.
«Skjebne på resept» innehar ein viktig tematikk og gode betraktninger rundt psykisk helse og legemiddelindustrien. På godt og vondt. Med utgangspunkt i heimeværende husmødres ensomme kamp på 70-talet, har forfatter skildret psykisk helse som er like dagsaktuell den dag i dag.
TERNINGKAST: 4+