Rare ord av Helene Uri & Kristin Roskifte

Ei ordbok med 426 rare ord som er forklart på ein enkel og lettfattelig måte. Passer for heile familien.

  • Norsk tittel: Rare ord
  • Forfatter: Helene Uri & Kristin Roskifte
  • Sjanger: Sakprosa, Oppslagsverk
  • Antall sider: 100
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Cappelen Damm

Helene Uri (Født 1964) er forfatter og språkforsker. Ho har gitt ut ei rekkje bøker. Ho debuterte som forfatter med ungdomsromanen «Anna på fredag» i 1995. Sidan den gong har ho gitt ut blant anna romaner, barnebøker og fagbøker. Ho har vert eit fast innslag i Nitimen, og hatt spalter i Aftenposten om språk. I 2022 gav ho ut «Rare ord».
Kristin Roskifte( Født 1975) er forfatter og illustratør. Ho har medvirket med sine illustrasjoner i ei rekkje bøker, og har også sjølv utgitt fleire bildebøker for born.

Hva er en ablegøye? Eller en mukofag? Og hva betyr det å være ailurofil?
Rare ord er ikke farlige, rare ord er morsomme! I denne boka finner du 426 merkelige, morsomme og mystiske ord som pirrer nysgjerrigheten og utvider ordforrådet. Noen av dem er gammeldagse, sære ord som kanskje bestemor eller oldefar kan. Andre har røtter i gresk og latin og er vitenskapelige, men minst like morsomme og snodige. Med denne boka kan du imponere både vennene dine og de voksne!

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlaget Cappelen Damm. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Rare ord».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Her får ein 426 ord å utforske. Målgruppa er satt til 7-10 år, men denne boka passer for heile familien. Ein bør likevel ha ei viss forståing for ord og uttrykk.

Boka starter med å skildre kva ordklasser me har og ei lett og enkel innføring i desse. Dette er genialt, sidan ordklasse er nevnt under kvart ord. På denne måten veit ein enkelt om det f.eks er eit substantiv eller verb. Det har ikkje så masse å seie for å lære tydinga av ordene, men er ein artig tilleggsopplysning for å skjønne bruken av det i ein setningsoppbygging.

Orda står alfabetisk, så det er lett å finne fram. Eg trur at dette er ei bok ein ikkje les frå A til Å. Dette er meir ei bok ein berre slår tilfeldig opp på ei side og forsøker å husker kva ord tyder. I så måte er dette ei strålende familiebok, for her er det mange måter å bruke boka på. Unger og vaksne kan lære kva ord tyder på ein enkel og lettfattelig måte, samtidig som ein kan bruke den til f.eks ei spørrebok.

I denne ordboken kan du lese, eller du kan bare bla. Du kan slå opp på en tilfeldig side og se hva du finner der. Eller du kan lete etter den tegningen du liker best, og lese om ordet tegningen passer til. Du kan lære alle ordene under én av bokstavene (begynn med w, der er det færrest ord), eller du kan lese om alle ordene som begynner med samme bokstav som navnet ditt!

Frå forordet av boka.

Det er veldig mange ord ein ikkje bruker i det daglege, men som likevel kan være artig å kunne. Her kan ein verkeleg utfolde seg og utvide sitt vokabular. Så er spørsmålet om ein også burde inkludert enda fleire ord som born vil få nytte av seinere, men som er vanskelege å uttale eller forstå tydinga av. Men eg rekner med at forfatter og redaktører har gått ein del runder med kva ord ein skal ha med og ikkje. Og som tittelen tilseier; Her finn ein RARE ord.

Illustrasjonene er barnlige og enkle. Dei forklarer likevel enkelt ei billedlig tyding av eit ord. Dei er spredt utover og ikkje alle ord har illustrasjoner. Eg likte heilsiden ved kvart kapittel, eller ny bokstav om du vil. Her finn ein forskjellige illustrasjoner rundt bokstaven, der illustrasjonene av objekta byrjar med den den bokstaven. Her er det kjekt for borna å gjette kva for ord illustratør vil fram til, og det er ein og anna nøtt der også. Som f.eks kvifor tallet 144 er teikna inn ved bokstaven G…? Roskifte har fått satt sitt preg i boka, og det blendes utmerket inn i resten av innhaldet.

For dei som har høyrt på «Språkspalten» med Gunnstein Akselberg på radioen opp gjennom åra, så er eit av favorittorda frå den serien med; nemleg onomatopoetikon. Dette er eit ord som i utgangspunktet kan være vanskeleg å forklare kva tyder. Men igjen har Helene Uri dempet språket ned til barnenivå. Dette viser stor kunnskap for både språk og forfatterskap.

Et onomatopoetikon er et lydhermende ord. Suse i «Vinden suser» er et onomatopoetikon siden ordet ligner litt på den lyden vinden lager. Mø, bæ og mjau er andre onomatopoetika.

Nokre ord kan være heilt ukjente og er kanskje låneord frå andre språk, og ein kan bli usikker på korleis ordet uttales. Men det er ingen problem, for her har forfatter tenkt på alt. Uttalelsen står då i teksten under ordet. Som f.eks ordet Cendré uttales /sangdré/.

Fleire av orda overlapper kvarandre, og viser til andre ord i boka som har tilnærma samme tyding. Ein bokorm kan også være ein lesehest og bibliofil. Alle desse orda er med i boka, men her har Uri likevel forklart ordene forskjellig. På denne måten slepp ein gjentaking, og er eit godt verkemiddel.

Ordene er enkelt forklart. Nokre har artige eksempler, medan andre er korte og konsise men likevel på eit nivå der borna kan forstå. Dette er ingen lett oppgåve, men eg synes at Uri har truffet godt med sitt språk.

En eufemisme er en snill og mild måte å si noe ubehagelig på. I stedet for å si at noen er død, kan man si at hen er gått bort, er gått ut av tiden eller har sovnet inn.

Forklaring på ordet eufemisme.

Alle bokstavene i alfabetet er med, men nokre innehar logisk nok fleire ord enn andre. Ein finn ord som er i daglegtale, ein finn ord som vart mykje brukt før, og ein finn ord som ein mest sannsynleg aldri har høyrt før. Det er ein fin blanding av ord og ei bok som er lærerik og kjekk å bla i.

«Rare ord» er ei ordbok for heile familien. Med sine lette og barnlige illustrasjoner og gode og enkle eksempler på tyding av ordene, vil dette være eit morosamt og lærerik oppslagsverk. Vokabularet vil garantert bli utvidet, og ein kan få mange og artige stunder med denne boka. Her håper eg at det kjem fleire bøker i lignende format. Anbefales på det varmeste.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s