Fra den dagen sluttet han å gråte av Siri Løvås Severinsen

Ein strålende roman om ein manns liv der minner og følelser blomstrer opp i møte med ei ung jente.

  • Norsk tittel: Fra den dagen sluttet han å gråte
  • Forfatter: Siri Løvås Severinsen
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 302
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Mars Forlag

Siri Løvås Severinsen (Født 1962) er busatt i Kristiansand. Ho debuterte som romanforfatter med boka «Fra den dagen sluttet han å gråte» i 2022.

Laila har sett den gamle mannen flere ganger på butikken. Det er nesten umulig å ikke legge merke til han. En dag, snubler han bokstavelig talt inn i livet hennes. Mannen heter Oskar. Han bor alene i sin avdøde mors aldersbolig. Han er nest eldst av en søskenflokk på 13, men har helt andre barndomsminner enn dem. Oskar holder seg for seg selv. Helt til han treffer ungjenta Laila. Vennskapet mellom dem får frem opplevelser, følelser og minner som Oskar har brukt hele sitt liv på å glemme.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Fra den dagen sluttet han å gråte».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein roman der me fylgjer Oskar i nåtid og i fortid i ein blanding av fakta og fiksjon.

Oskar, som er hovedkarakteren, er ein enslig mann i slutten av 60-åra. Han er nest eldst i ein søskenflokk på 13. Men til tross for sin store familie, er han ein einstøing som har lite kontakt med resten av familien. Helsetilstanden hans er nedadgående og han kjem seg sjeldnere ut av aldersboligen som han har overtatt etter moren. Men ein dag treff han den 18 år gamle Laila, som hjelper han hjem etter eit fall, og eit vennskap oppstår. Dette vennskapet bringer fram mange følelser og minner hos Oskar, men ein får også eit innblikk i Laila si fortid.

Romanen er sakte oppbygget, der forfatter kjem med detaljerte skildringer. Eg fekk i starten assosiasjoner til «En mann ved navn Ove» som Fredrik Backman har hatt stor suksess med. Men Oskar viser etterkvart fleire sider av seg sjølv, og me får eit meget grundig innblikk i hans liv opp gjennom årene.

Handlinga er lagt til 1981, så her finnes det ikkje mobiler eller internett. Severinsen har ikkje gjort noko nummer ut av tidsperioden, men ho skildrer blant anna respatex-innredning og den gode gamle fasttelefonen på ein god måte.

Historia er skrevet i «han»-format, og bruken av metaforer er intet mindre enn strålende. Boka startet solid, men så var det ein kort periode der eg følte framdrifta manglet. Men dette er noko forfattar tar igjen utover i romanen.

Han var usikker på om det var drømmene eller det begynnende hosteanfallet som til slutt vekket ham. Støtvise og harde som vindkast herjet de rundt i kroppen, og det furete nettverket i pannen så ut som en skogbunn dekket av røtter.

Oskar er ein mann veldig mange nok kan assosiere seg med. I utgangspunktet er han ein mystisk mann, som er lite sosial og held seg mest for seg sjølv. Men på innsiden av kroppen bærer han på minnene frå eit langt levd liv. Eit liv som inneheld traumatiske og dramatiske hendinger og historier, der forfattar skreller av lag på lag og til slutt blottlegg livet hans for leseren. Ein sit att med ein følelse av at dette er ein mann som me kjenner, og der ein skulle ynskje at boka ikkje tok slutt så fort.

Boka er i utgangspunktet ikkje så lesevennlig, med sine lange kapitler og knapt avsnitt å oppspore. Eg veit mange lesere liker å stoppe og starte ved eit nytt kapittel, og dermed vil nok enkelte vegre seg for å «berre lese eit kapittel til». Her skulle eg gjerne sett at det var lagt inn fleire kapitler, og/eller luftige avsnitt.

Forfatter tar leseren med på heile følelsesaspektet. Det er ein del triste hendingar, nokre gjer ein berre opprørt, andre er dramatiske, medan nokre er hjertevarme og veldig fine. Felles for dei alle bunner i eit langt levd liv, som er ein fornøyelse å få ta del i.

Det var som om han gikk i oppløsning og stod vektløs i uendeligheten. Han kjente ingenting lenger. Fra den dagen sluttet han å gråte.

Romanen hopper att og fram i tid og minner. Men ein er aldri i tvil om kva tidsperiode ting skjer i. Oskar er den som me fylgjer, men også nokre søsken av han, og hans nye vennskap i Laila vert me godt kjent med. Det er så kjekt å sjå korleis Oskar er før og etter møtet med Laila, og viser kor masse det betyr å bli sett, enten ein er ung eller gammel.

Det er mange spørsmål som dukker opp undervegs, som kvifor han ikkje har noko særleg kontakt med familien sin, og dei intrigene som fins innenfor familien. Dette kjem fram etterkvart, der forfatter bruker gode skildringer og metaforer. Eg likte særlig historiene frå krigens dager. Her kjem dei dramatiske hendingene som har vert med på å forme han som menneske. Men dette er langt frå det eineste grufulle han har vert gjennom. Oskar er ein mann med mange skjebner, og ein karakter ein får ganske tidleg sansen og medkjensle for. Noko som berre vert forsterket utover i boka. Men har han nokre svin på skogen sjølv også?

Han klamret seg fast til det han fant og prøvde desperat å komme seg opp av maskinrommet før skipet sank. De måtte bare kaste seg ut i det brennende havet. Varmen var uutholdelig. Våte klær brant seg fast i huden og oljen sved i øynene. Men skrikene! Skrikene var verst. De redselsfulle, hjerteskjærende skrikene fra døende unge gutter og menn.

Språket er solid, og dialogene vert betre og betre utover i romanen. Samspelet mellom ung og gammel er dynamisk og ektefølt. Eg liker måten Severinsen gjentar enkelte ting for å skape ein egenartet karakter. Rulletobakk, hostekuler, kaffi og rullekake vert aldri det samme etter å ha lest denne boka.

«Fra den dagen sluttet han å gråte» er ein fantastisk roman, der forfatter skriv inngående om Oskar sitt liv på godt og vondt. Det finnes mange skjebner der ute, som altfor mange tar med seg i grava. Sjølv om Oskar er ein oppdiktet person, er eg veldig glad for å ha fått tatt del i hans historie og liv. Denne boka anbefaler eg på det varmeste.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s