Nattog forsvinn i Ulrikstunnelen av Audun Stølås

Eit nattog forsvinn sporlaust i Ulrikstunnelen med 415 passasjerer ombord. På utsida rår det stor usikkerhet til kva som har skjedd. Dette er ein gladkrim med ein god dose humor.

  • Norsk tittel: Nattog forsvinn i Ulrikstunnelen
  • Forfattar: Audun Stølås
  • Sjanger: Krim, Spenning
  • Antall sider: 145
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Fikenbladet.no

Audun Stølås (Født 1949) bur i Indre Arna i Bergen. Han har i 34 år vore journalist og høgskulelektor. Han har gitt ut ei rekkje bøker innan blant anna humor og krim. «Nattog forsvinn i Ulrikstunnelen» er hans 18. bokutgivelse.

Sara Borge har tilnærma magisk ry som elektrikar. Då hun må slutte i draumeyrket på grunn av slitasjeskader, vel ho å bli prest. Ho bruker sin kreativitet frå sitt tidlegare yrke til å lage sterke preiker, mellom anna om dommedag. Ei gruppe islamistar har bufellesskap på Åsheim i Arna. Men då ei nikab-kledd kvinne blir drepen, rømmer dei frå staden. Sara er mellom dei 415 passasjerane på nattoget som forsvinn i Ulrikstunnelen. Islamistane som står bak, vil trene dei stridsdyktige blant passasjerane opp til å bli IS-krigarar i det nye kalifatet dei vil opprette i Europa. Blant passasjerane er det også ei gruppe amerikanske konspirasjonsteoretikarar og nokre unge muslimar. Elevar på e-sportlina på Arna vidaregåande skule, ei gruppe kvistgangarar, beredskapstroppen og 100 amerikanske soldatar står på utsida og vil hjelpe.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Nattog forsvinn i Ulrikstunnelen».

På omslaget står det «gladkrim». I og med at det er terrorisme som er i fokus, ville eg kanskje hellet mot spenningssjangeren. Men innhaldet spriker i alle retninger, så «gladkrim» fungerer fint.

Dette var ei sær bok å lese. Innhaldet er mildt sagt vidt spredt frå seriøs og interessant fakta, til merkverdige handlinger og morosamme kospirasjonsteoretikarar. Boka er skrevet på nynorsk, og handlinga foregår i Bergens-området.

Dette er ei bok der det knapt er lagt noko vekt på hovedperson. Sara Borge er prest, og tidlegare eit geni innan elektriker-yrket. Ho skriv prekener, og då gjerne om dommedag som tema. Ein dag på veg heim frå eit møte, rekk ho akkurat å kaste seg på nattoget. Men i tunnelen hender det saker og ting, som skal få store fylgjer. Me fylgjer særskilt Sara videre, men me kjem aldri under huda på karakteren. Dei aller fleste av karakterene er kun navn på papiret.

Forfattar er flink til å veve inn ein del historisk korrekte opplysninger, og kjem med informasjon om blant anna kristendomen og Islam, om dommedag og dødsengelen Azrael. Me får også eit innblikk i historien til Oljefondet, og bergenssangen Nystemten, så temaene er vidt forskjellige. Det kan også vere ekstra interessant for lokalbefolkninga å lese denne boka.

Namnet Ulriken kjem av Alrek, som tyder det ruvande, i dette tilfellet det ruvande fjellet. På vestsida av fjellet låg i si tid den første kongsgarden i Bergen, Alrekstad. I vikingtida heitte garden Alrekstadir og den hadde røter attende til 400-talet.

Språket er veldig enkelt og kapitla er korte, og eg satt å lurte på kva målgruppe denne boka egentleg er for. Enkelte steder synes eg den er for voksne, mens andre steder er det skrevet meir på ungdomsspråk. Så dette er ei bok dei aller fleste kan lese, og få utbytte av.

Eg synes konspirasjonsteoretikerne var eit meget artig innslag i historia. Dei kjem med ville konspirasjoner om enkelte ting, som f.eks korleis sola kan stå høgt på himmelen i nord, midt på natta, når jorda opprinneleg er flat. Eller kva med månelandinga i 1969?
Terroristene i boka er ikkje dei barskeste, og dei har nok ikkje planlagt denne aksjonen så frykteleg nøye. Plottet er i utgongspunktet heilt greit, men gjennomføringa er lagt opp på eit meir humoristisk grunnlag, så ikkje forvent deg sitrende spenning og realistiske skildringer, men heller humring og hoderisting.

Ein meteorolog blei spurt om kva månefase det var då Neil Armstrong gjekk på månen. Ho svara at det var nymåne den dagen. Då skjøna eg straks at heile månelandinga var ein bløff frå ende til annan. Når månen er heilt borte, slik den er når det er nymåne, er det jo heilt umogeleg å lande på månen.

Handlinga startar i 2025, før ein hoppar to år fram i tid. Saka havner på eit politisk toppnivå, og her er blant anna Støre statsminister og Hans Olav Lahlum er fiskeriminister. Begge snakkar nynorsk i dialogene, og ein kan ikkje gjere anna enn å smile av diskusjonen politikerne har seg i mellom.

Ein må ta boka for det den er, nemleg gladkrim. Det varierer frå det bisarre til det morosamme og alvorlege. Forfatter er innom det å sjå dei små gledene i livet, og ikkje minst ta vare på dei. Rikdom betyr lite i den store samanhengen. Her finn ein og ei synsk kvinne som legg fram sitt syn på kva som har skjedd med nattoget. Kvifor ho spring gråtende ut av Grieghallen, får du svar på om du les boka.

«Nattog forsvinn i Ulrikstunnelen» er ei fargerik, sær og artig bok. Har du lyst på enkel og lettlest gladkrim, er denne boka eit morosamt alternativ.

TERNINGKAST: 4-

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s