Ei ung kvinnelig blogger vert meldt sakna. Dette blir starten på ei vanskeleg og stor sak for politispaner Johnny Abrahamsen.
- Norsk tittel: Fem dager i mai
- Forfattar: Ole Asbjørn Ness
- Sjanger: Krim
- Antall sider: 336
- Utgivelsesår: 2021
- Utgiver: Vigmostad&Bjørke
Ole Asbjørn Ness (Født 1974) er bosatt i Asker. Han har arbeida som journalist, råvaremegler, stuer, kommunikasjonsrådgjevar og gründer. I 2004 vant han Tarjei Vesaas’ debutantpris for romanen «Det er natt». I 2018 gav han ut romanen «Aftenlandet». «Fem dager i mai» kom ut i 2021.

Ei ung, kvinneleg blogger forsvinner etter ein joggetur i nærmiljøet. Kun politispaner Johnny Abrahamsen tar den bekymra moren alvorleg.
Mens Noreg feirar den fyrste nasjonaldagen etter pandemien, befinn han seg i eit kappløp med ein forskrudd gjerningsmann som jaktar etter fleire kvinner.
Gjennom fem dager i mai som ingen nordmann vil gløyma, erfarer Abrahamsen at all ekstremisme forenes i kvinnehat, og at han er sin egen verste fiende.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forlaget Vigmostad&Bjørke. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Fem dager i mai».
Denne romanen er eit kinderegg av ei bok. Her finn ein krim, skjønnlitteratur og thriller forent hånd i hånd boka gjennom, men med hovudvekt på krim.
Johnny Abrahamsen er ein politispaner i Sandvika, som bur saman med Camilla og dottera Elsa. Ein mann som elsker sin familie, men som er glad i kvinnfolk. Eit «klassisk» hovedkaraktertrekk i krimbøker. Han er også ein «rambo-type» som utfører ein gjerning før han tenker. Johnny er også ofte i klammeri med politiledelsen. Dette gjer at det vert nok av konflikter gjennom denne romanen, på godt og vondt.
Plottet og historia finn stad året etter at pandemien er over, noko som gjer den dagsaktuell. Dette er noko som kunne skjedd, og forfattar har skrevet ein truverdig og realistisk krimroman.
Me fylgjer offer og gjerningsmann parallelt med politietterforskninga. Samtidig vert me kjent med ein mann «som snart vert ein morder». Da store spørsmålet for min del var om dette var gjerningsmannen, eller om dette var ein bi-historie som vert fletta inn i boka. Spennande var det hvertfall….
Eg følte det vart litt start og stopp i spenningsnivået. Da bygger seg opp til noko, før forfattar tar da ned på eit normalt nivå igjen ved å fortelja litt om barndom og oppvekst til nokre av personane.
Frå midten av romanen og til slutt klarte eg ikkje å legga frå meg boka. Så nattesøvnen fekk seg ein liten smell på slutten, men da var da absolutt verdt.
Eg syntes at forholdet mellom Johnny og leiarane vart forbausende enkelt forandra på slutten. Her kunne ein kanskje med fordel ha nyansert det litt meir.
Johnny samanliknar politiets arbeid og respons fleire gongar med 22 Juli. Manifestet til Breivik vert nevnt, og islam får ein framtredende rolle. Media er óg ein viktig del av denne romanen.
Me les om ein maktsjuk gjerningsmann som har eit forskrudd kvinnesyn. Er han ein sosiopat eller terrorist?
«Fem dager i mai» har 50 kapitler. Nokon små, nokre litt lenger. Men det er eit så godt driv over boka, at det er uvesentlig. Ein berre «må» lesa for å sjå korleis da ender. Språket kan vere litt røft, og nokre scener og synspunkt kan fort bli støtende for enkelte.
«Han slår henne igjen.
«Ligg stille,» sier han.
Han finner frem en stor saks og begynner å klippe av henne klærne.
Hun gråter.
«Så, så, bare du gjør som jeg sier, vil du snart se mamma igjen. Du vil vel se mamma igjen?»»
Personskildringene er strålande samansett. Her er det ein salig blanding av karakterer, og sjølv om ein person har ein moral som for mange er forkastelig, så får ein vondt av personen likevel. Ein slites mellom å fnyse av vedkommande, og synes synd på personen. Dette er mesterleg arbeid frå Ole Asbjørn Ness.
Da store høydepunktet for min del, var eit kapittel om korleis Johnny fekk Camilla. Ho var egentleg uoppnåelig, men da vart dei to til slutt. Og måten Ness skildrar dette på, er berre å ta av seg hatten for. Rett og slett fabelaktig. Her snakker me litterært høg klasse over språk og uttrykk.
Når eg trudde eg hadde fått dei svara eg hadde forventa, så måtte eg bøye meg ned til golvet for å løfte opp haka mi. Sjeldan har eg fått ein sånn i fleisen som eg fekk her.
Dette er ein krim som verkeleg satte meg på plass, ikkje berre overraskelsesmessig, men også med sitt språklege innhold. I da eina øyeblikket les ein om forhold, sakn og anger, for så å få sitrende spenning og bestialske skildringar.
«Fem dager i mai» er ei bok eg verkeleg kan anbefala. For å bruke ein gammel klisje; Den er kriminelt god. Eg håper at Ole Asbjørn Ness kjem med fleire Johnny Abrahamsen-bøker i åra som kjem!
TERNINGKAST: 5+