Ny serie som er underholdende og lærerik.
- Norsk tittel: Drageviking
- Forfatter: Odin Helgheim
- Sjanger: Teikneserie, Born og ungdom
- Antall sider: 106
- Utgivelsesår: 2025
- Utgiver: Bonnier Norsk Forlag
Odin Helgheim (Født 1996) er forfatter og illustratør. Han debuterte med «Ragnarok – Fenrisulven» i 2020, som er ein teikneserieroman, og fyrste bok i ein serie. I 2025 kom bok nr. 6 og dermed siste bok i serien ut, nemlig «Ragnarok – Valhall». Serien er oversatt til seks språk, og har hausta gode kritikker. I 2025 kom han ut med fyrste bok i ein ny serie, nemlig «Drageviking».

Drageviking er en fargerik fantasy basert på norrøn mytologi og vikinghistorie. Trellen Ormøye, dragen Fafnir, jarlesønnen Stein Steinsson og gullsvinet Gulli skal finne de åtte magiske runesteinene som er spredd utover hele vikingverdenen. På veien møter de farer, gudeskikkelser og nye venner. Med runesteinene skal de beseire alle dragene og deretter belønnes med skatter, makt og ære. Hva mer kan en viking ønske seg?
Denne boka er eit leseeksemplar frå Bonnier Norsk Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Drageviking».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er fyrste bok i ein fargerik fantasy-teikneserie som er basert på norrøn mytologi og vikinghistorie. Boka passer for born og unge frå 9 år og oppover.
Ein liten gjeng legger ut på ei farefull ferd for å finne åtte magiske runesteiner som er spredd rundt om i verda. Her møter dei på drager, gudeskikkelser og andre vikinger som dei må kjempe med og mot. Men belønninga for å lykkes er større enn frykten for å tape. Vil dei bli overmodige?
Ein kjenner raskt att teikneteknikken til Helgheim frå Ragnarok og Edelmot-serien. Den store skilnaden frå denne og dei andre seriene, er at Helgheim denne gongen har lekt seg med humor. Det er mange morosamme situasjoner og hendinger som gjer til at ein drar på smilebåndet.

Foran i boka er det eit lite karakterregister. Dette er noko eg ofte savner i denne type bøker, så her er det eit ekstra pluss til Helgheim. Me møter fyrst og fremst på trellen Sigurd Ormøye og vikingsonen Stein Steinsson. Desse to karakterene består av rake motsetninger, men samtidig lærer dei mykje av kvarandre. Stein passer på landsbyen medan faren er på tokt, og Ormøye er ein av fleire treller i landsbyen som må innrette seg etter det Stein befaler. Allereie her oppstår det små artige konflikter og situasjoner. Når eit gedigent gullsvin og ein drage invaderer landsbyen, så er galskapen satt i system.
Boka starter på dramatisk vis. Me får eit lite innblikk i barndommen til Ormøye, som er traumatisk og legg grunnlaget for kvifor han reagerer som han gjer utover i boka. Ein sterk start som også viser at det er alvor i bunn av historia.
Forfatter har snudd om på dei stereotypiske rollene. Her finn me ein modig og sterk trell, ein livredd viking og ein svak drage. I tillegg til eit gullsvin som blir liten etterkvart. Saman skal denne gjengen ut i verda å kjempe mot store, sterke og guddommelige krefter. Det seier seg sjølv at her er det duket for mange morosamme opplevinger….
Helgheim slår seg verkeleg laus i denne boka. Det oser av teikne- og forteljarglede på kvar einaste side. Det er uttrykksfulle og forklarende teikningar som ofte har fokus på ansiktsmimikken. Særtrekk i ansiktene er ein av dei mange morosamme små tinga som gjer til at forfatter stikk seg litt ut av mengden frå resten av feltet.

Det er ein fin blanding av tekst og sjølvforklarende illustrasjoner. Med store, klare snakkebobler er det ingen problem å hverken lese eller skjønne rekkefølgen. Dermed passer boka like godt for ein ung og uerfaren leser, som for den erfarne som berre vil la seg underholde.
Det oppstår actionfylte scener innimellom, og her kjenner me definitivt att uttrykksformen til forfatter. Det er store, fargerike illustrasjoner som zoomer inn på kampscener, og levner ingen tvil om at ein nærkamp er i gang.
Sjølv om det er lagt opp til humor og artige situasjoner, så er det likevel ein god del faktabasert innhald. Norrøn mytologi og vikinghistorie står sterkt, og ein kan få noko nyttig ut av boka også. Her finn ein blant anna Midgard og mytologiske vesener som dragen Fafnir og jotnen/æsen Mimir, som vart rekna som ein av dei klokeste av alle.
Det er planlagt åtte bøker i serien, og det passer godt med at dei må finne åtte forskjellige magiske runestener. Med denne boka i ryggen, så er det berre å glede seg til det som skal komme.
«Drageviking» er ein herleg og morosam start på ein ny actionfylt serie om norrøn mytologi og vikinghistorie. Odin Helgheim har slått seg laus og det oser teikne- og forteljarglede på kvar side. Dette er ein serie som med sin humor vil slå godt an. Den er lærerik og underholdende på ein gong, og det er berre å glede seg til resten. Ein strååålende start på ein ny serie.
TERNINGKAST: 5
Hei. Jeg ser at denne ser mer «leken» ut enn en del tilsvarende serier (f.eks. Ragnarok). Allikevel ser jeg at det sies «passer for unge fra 9 år». Hva er det ev. som gjør at dette ikke skal kunne passe for yngre, f.eks. 6 år? Er det noe ufint språk, eller voldsom vold (blod e.l.) i den? Tenker da for yngre, der foreldre leser til de.
LikerLiker
Hei.
Det er verken ufint språk eller voldsom vold. Det er derimot enkelte visuelle effekter og ei bakgrunnshistorie om ein ung gutt som mister far sin under eit angrep som nok kan få dei minste til å kanskje bli redd..? Men dette er opp til kvar enkelt forelder å bedømme om deira barn er moden nok.
Men eg går ut fra at det er visse retningslinjer når dei setter målgrupper for bøkene..
LikerLiker