Eit verdig punktum for bokserien om krigsseilere fra nord.
- Norsk tittel: Krigsseilere fra nord – Nordland
- Forfattar: Roger Albrigtsen
- Sjanger: Dokumentar, 2. verdskrig
- Antall sider: 225
- Utgivelsesår: 2022
- Utgiver: Forlaget Kristiansen
Roger Albrigtsen (Født 1971) kjem frå Evenes i Nordland. Han bur no i Porsanger, Finnmark. Han har skrevet ein rekkje bøker om norsk krigshistorie, særskilt frå Nord-Norge. I 2020 gav han ut ‘Krigsseilere fra nord – Finnmark», den fyrste boken er om finnmarkinger, de to kommende er om henholdsvis tromsværinger og nordlendinger. I 2021 gav han ut «Krigsseilere fra nord – Troms», og i 2022 kom den tredje og siste boka ut i denne serien; «Krigsseilere fra nord – Nordland».

«Krigsseilere fra nord» er ein serie på tre bøker som omhandlar krigsseilaser i perioden 1939-1945. Denne tredje og siste boka omhandler Nordland. Med utgongspunkt i personlege historiar, dokument og bilete, samt sjøforklaringar og tyske ubåtlogger får me ei sterk skildring på den brutale verkelegheita krigsseilarane levde under.
Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Krigsseilere fra nord – Nordland».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er tredje og siste bok i serien om krigsseilere fra nord. Denne gongen tar forfatter for seg Nordland.
Her får me servert 24 dramatiske historier frå den andre verdskrig med personer fra Nordland i aksjon. Oppsettet er det samme enkle og oversiktelige frå dei to foregående bøkene, Troms og Finnmark.
Nok ein gong har forfatter tatt utgongspunkt i intervjuer, personlige historier, sjøforklaringer, vitner, logger og dokumenter, og skrevet oversiktlige og særs sterke historier rundt desse hendingene.
Det som ein kanskje legg ekstra merke til med denne serien er at forfatter klarer å personifisere menneskene både før, under og etter dei dramatiske hendingene. Det er ikkje berre eit namn, men det er ein far eller mor, sønn eller dotter, tante eller onkel, bror eller søster. Det er i tillegg veldig mange opplysninger som smeltes inn i teksten utan at ein får følelsen av oppramsing.
Den største forskjellen frå denne boka og dei to andre, er at det er fleire historier der personer overlever krigen. Det er til og med ein person som ikkje vert våt på beina eingong. Men felles for dei alle, er at dei har vert krigsseilere og opplevd episoder som fort kan øydelegge psyken til eit menneske. Mange sleit også med posttraumatisk stressyndrom etter krigen. Sjølv om dei overlevde krigsdagene, vart dei aller fleste aldri den samme att.
Det er mange gode og dramatiske bilete med i boka. Portrett av dei aller fleste involverte og bilete av båter og u-båter. Dette gjer at leser kan setje eit ansikt til personen det handler om. Ein ser også raskt at krigen ikkje tar hensyn til alder på sine ofre.
Me får eit godt innblikk i ein krigsseilers kvardag ombord på eit fartøy. Personer som ikkje får sove i redsel for tyske torpedoer, den konstante angsten for at det skal ramme nettopp dette fartøyet ligg der 24 timer i døgnet. Fleire har vert med på torpedering og overlevd, og dei berre kaster seg opp på hesten igjen og fortsetter på nytt fartøy. Det står det enorm respekt av, og dermed gjer desse historiene at ein sit att med ein stor takknemlighet for alt dei gjorde for landet og dei allierte.
Martin slappet av når de gikk med ammunisjon og høyeksplosiver. Da kunne han legge seg ned og sove ordentlig. Da tok han pysjamasen på. For ble de torpedert var det slutt. Med ordinær last var det mange påkledde, søvnløse frivakter, og under ubåtalarm var det på med gummidrakt og redningsvest gang på gang.
Historiene er varierte. Nokre var med på reisen til Omaha Beach, andre reiste nesten verda rundt, nokre reiste langs vår langstrakte kyst, og ein historie omhandler krigsfangenskap i Japan. Det vert dermed aldri gjentaking eller kjedelige punkt i boka.
Det er ikkje berre krigsøyeblikka som er tatt med i beretningene. Véret kunne óg spele ein rolle og være forskjell på liv og død. Her synes eg forfatter har klart å mane fram eit godt bilete på korleis dei opplevde eit opprørt hav medan u-båter og krigsskip kretser rundt dei i nattemørket.
Det blåste opp til vestlig storm. Tåken kom sigende. Det tetnet til. Bølgene gikk høye gjennom natten, og det begynte å snø. Stadig flere skip forsvant i løpet av natten. Sterk storm. Livbåt nummer 1 ble knust av bølgene og forsvant. Den 9. januar var stormen fortsatt sterk. Dagen etter var det bare seks skip igjen av rundt 60, ingen visste hvor de andre hadde blitt av. Natt til 11. januar blåste det like kraftig. Stormen økte på til orkan styrke. I grålysningen seilte Fernmoor alene, men i løpet av dagen fant de igjen noen skip. Orkan. Et av skipene knustes og forsvant i bølgene.
Bak i boka er det register av omkomne frå Nordland, med navn, fødselsdato, årsak til dødsfall og dato. Dette må ha vert eit møysommelig arbeid, som mange vil ha stor glede av.
Kvar einaste historie i serien er skrevet med verdighet og med ein stor informasjonsflyt. Eg trur alle dei involverte ville vert stolt av den historien som vert fortalt, og ikkje minst fordi den nå ikkje blir gløymt. Eg tar av meg hatten for det forfatter har klart å få ned på papiret og det enorme arbeidet som ligg bak. Desse bøkene er ekstremt viktige for ettertida og for norsk krigshistorie. Bøkene er like leseverdige enten ein bur i Arendal eller Finnmark, så ikkje nøl med å sjekke ut denne serien. Den er virkelig bra!
«Krigsseilere fra nord – Nordland» setter eit verdig punktum for serien. Det er ein særs viktig historie om krigsseilere som Roger Albrigtsen har skrevet ned mellom to permer. Les bøkene og få eit unikt innblikk av dramaet, redselen og motet til desse karene som seilte rundt. Albrigtsen har gjort ein kjempejobb med å gjenfortelle historiene, og eg håper enda fleire får opp augene for denne serien.
TERNINGKAST: 5+
Tusen takk for grundig og god omtale.
LikerLiker