Mangaserie frå det verdskjente spelet Minecraft
- Norsk tittel: Minecraft – Reisen til verdens ende
- Orignal tittel: Minecraft – Sekai no hate eno tabi
- Forfattar: Kazuyoshi Seto
- Sjanger: Manga, born og unge
- Antall sider: 179 & 192
- Utgivelsesår på norsk: 2026
- Utgiver: Outland Forlag
Kazuyoshi Seto står bak mangaserien «Minecraft – Reisen til verdens ende».

Opplev det verdenskjente spillet Minecraft som manga! Her venter en verden der fantasien får utfolde seg enda frierere, med bygging som til og med overgår spillet selv. Nicos største drøm er å forlate den fredelige hjembyen og følge sin fars fotspor til verdens ende. Veien er full av zombier og andre farer, men så møter Nico en som er litt annerledes – denne zombien kan snakke!
Denne boka er eit leseeksemplar frå Outland Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Minecraft Bok 1 & 2».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein mangaserie som passar for born og unge frå 8 år og oppover.
Dei aller fleste unge har spelt eller høyrt om Minecraft. Dei vil derfor raskt kjenne att universet og innhaldet i bøkene, og få ein tilhørighet meir eller mindre frå fyrste side av.
Foran i bøkene er det ein kort introduksjon av dei viktigste karakterene. Dette utvides etterkvart som historien skrider frem. Eg nytta fleire gonger denne muligheten til å friske opp kven enkelte var. Eit strålende verkemiddel som alle slike bøker burde hatt.
Hovedkarakteren er Nico White. Han er ein 10 år gamal eventyrlysten fyr som er i overkant positiv og fryktløs. No vil han legge ut på ei reise til verdens ende for å forsøke å finne far sin. Men det tar ikkje lang tid før han møter på problemer og utfordringer. Då er det godt at han møter skapninger på sin veg som vil hjelpe han på vegen til sitt mål.
Nico har eit symbol på hånda som gir ham mod-evne, som er skaperkraft, utan at han trenger ein arbeidsbenk. Dermed treng han kun ingrediensene for å skape modder som kan ta ut motstandere. Dette kan høyres teknisk ut, men for dei som har spelt spillet, så er dette det mest naturlige og hovedpunktet i spillet.
Det er mange actionscener som oppstår undervegs. Desse kan føles litt uoversiktlige, men samtidig viser dei ikkje vald og drap gjennom det visuelle. Dette er nok eit grep forfattar har gjort for å ufarliggjøre desse intense kampene. Det fungerer utmerket, men baksiden er som sagt at det kan være litt vanskelig å sjå kva som faktisk skjer.
Me vert sakte, men sikkert introdusert for nye karakterer. Dette er eit lurt trekk av forfattar å la lesar bli kjent med karakterer før nye kjem til. Dette gjer bøkene lette å lese, og skulle ein gløyme kven ein karakter er, er det berre å ta ein kikk i starten av boka.
Seto er dyktig til å forklare kva ting er. Han er også flink til å minne på kven karakterene er. Det er ingen tvil om at forfattar har hatt målgruppa i fokus medan han har skrevet historia til dette verdskjente universet. Det ser ein gjennom fleire gode verkemidler som forenkler lesinga.
Historia er spennende og ein vert dratt rett inn i universet. Dette førte til at eg faktisk måtte børste støvet av spelet og prøve det igjen. Bøkene tar utgangspunkt i spelet, og legg til enkelte element. Men grunnmuren og store deler av byggverket kjenner ein att frå spelet.
Det er unike og herlige karakterer og ein del artige situasjoner. Nico er som nevnt overpositiv og der andre ser problemer, ser han utfordring han vil kaste seg inn i. Ein han møter på sin veg er Gray. Han er ein som er blitt forvandla til ein zombielignende form, og som kjenner att problem når dei oppstår. Men før han får analysert problemstillingen, har ofte Nico allereie kasta seg inn i det. Dette skaper artige kommentarer og situasjoner. Me vert óg kjent med Yamabuki. Han er ein ninja som er elendig til å gjemme seg, noko som vert problematisk. Dette er berre nokre få av dei karismatiske karakterene me møter på, og eg rekner med at universet utvider seg enda meir utover.

Serien kan definitivt skape leseglede blant dei unge. Berre omslagene er nok til å skape ein nysgjerrighet til innhaldet. Det er gjenkjennelig og noko dei kan assosiere seg med. Det er passelig mengde tekst i dialoger, og når ein fyrst kjem inn i rekkefølgen rutene skal leses i, så kan denne serien bli ein inngangsport til manga for veldig mange unge.
«Minecraft» bok 1&2 er ein japansk mangserie som byr på Minecraft-univers som veldig mange har eit forhold til. Historien er spennende og engasjerende og byr på mykje action og artige situasjoner. Med unike og herlige karakterer er dette ein serie som mange vil få stor glede av. Både yngre og eldre!
TERNINGKAST: 5+

Legg inn en kommentar