Sterk og interessant biografi om Amanda Sofie Stangeland
- Norsk tittel: Amanda fra Haugesund
- Forfatter: Eirin Marthinussen
- Sjanger: Biografi
- Antall sider: 191
- Utgivelsesår: 2026
- Utgiver: Marthinussen Bøker
Eirin Marthinussen (Født 1981) jobber i bokhandel og gav ut biografien «Amanda fra Haugesund» i 2026.

I 1985 ble Norges filmpris delt ut for første gang. Amandaprisens design kom fra visen «Amanda fra Haugesund», men få kjenner til inspirasjonen til sangen. Hvem var Amanda? For første gang er det laget en biografi om Amanda Sofie Stangeland. Hun gikk fra å være en helt vanlig husmor i 1922 til å trosse både hjemby og lovens lange arm i sin kamp for å beskytte sine fem døtre i en tid med ekstrem fattigdom, krig og brennevinsforbud. Over årene har hennes legende blitt stadig mer fargerik, nå er det tid for sannheten.
Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Amanda fra Haugesund».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein biografi om Amanda Sofie Stangeland, betre kjent som Amanda fra Haugesund.
Amanda Sofie Stangeland vart fødd 9.Juli 1894. Ho kom fra ein storfamilie med ein søskenflokk på sju; fire guter og tre jenter. Kven var denne Amanda som har fått både revyvise og Noregs Filmpris oppkalt etter seg? Forfattar skildrer ei kvinne som har levd eit tøft og innhaldsrikt liv.
Marthinussen har verkeleg gått Amanda etter i sømmene. Det er detaljerte skildringer og hendingar me får ta del i, og når boka er ferdiglest så føles det som eg som lesar har blitt godt kjend med hovedpersonen.
Me får eit inngående innblikk i familiehistorien, som består av mykje død og fordervelse. Ikkje uvanlig på denne tida, då blant anna spanskesyken, tuberkulose og meslinger herjet landet. Det er likevel sterkt å lese om alle tapene Amanda måtte lide seg gjennom. For ein kjem verkeleg tett på personene i denne biografien. Tidvis føltes det som å lese ein roman, for språket er så levende og ein blir dratt inn og involvert i historia på ein naturleg måte.
Etter kvart som livshistorien trer frem, får Amanda fem born på seks år, og når ektemannen Anders Bertin Stangeland dør i tidleg alder, sit Amanda att med ungene og knapt tak over hovudet. Ho må ty til hjelp fra Fattigstyret for å få endene til å møtes. Ho vert så desperat at ho óg havner på kant med loven, og gjer ulovlege ting. Dette er godt dokumentert, men samtidig har forfattar valgt ein vinkling som viser kvifor Amanda gjer dette, og på denne måten har ein forståelse for hennes val, sjølv om dei i utgangspunktet er ulovlege. Eg liker denne måten å fremstille denne heroiske kvinnen på. Kven ville ikkje gå langt for at borna skal ha det bra?
Kloggene var som å gå med et digert skilt om fattigdom, og følelsen av denne skammen skulle hjemsøke dem langt opp i voksen alder. I tillegg var kloggene særdeles upraktiske og holdt ikke på et snev av varme når barna måtte vasse gjennom snø og slaps til skolen vinterstid.
Marthinussen har klart å skrive ein heilhetlig historie. Dette er eit imponerende stykke arbeid, og har nok krevet mykje research for å få til dette. Men resultatet er verdt sin vekt i gull.
Dei fleste har høyrt om Amandautdelinga i Haugesund og sett bilete av Amandastatuetten vinnerne får utdelt, men veldig få, om nokon, har visst kven denne kvinna var og kva liv ho har levd. Gjennom denne biografien får me eit gjennomtenkt bilete av Amanda som berører meg som lesar. Dette er ei dame som hadde bein i nasa og var standhaftig, noko som óg var heilt nødvendig for å oppretthalde ein viss levestandard for seg sjølv og sine born.
Forfattar skriv også litt om personene rundt Amanda medan ho levde, men også etter at ho er gått bort. Det er ein interessant og spennende fortelling om legenden og etterkvart myten Amanda Sofie Stangeland har fått opp gjennom årene.
En mektig skikkelse var ikke lenger. Amandas kamp var over. Hele familien var lammet av sjokk. Ingen hadde vel trodd at hun noen gang kom til å bli borte. Hun var for sterk til det. Hun overlevde jo alt; sorg, sykdom og selv to verdenskriger.
Her og der er det så detaljert info som kanskje kan bikke litt over til å bli for mykje av det gode, men alt i alt er dette ein biografi som ein verkeleg får utbytte av å lese i form av ein livshistorie som er like spennende som ein god roman.
Denne jenta var oppkalt etter Amandas eller Bertins søster, eller kanskje etter dem begge? Selv om hun ble født med dårlige hofter, var Anna aldeles perfekt i Amandas øyne. Her ble Andreas, Amandas eldste bror, og hans kone Ingeborg utpekt som faddere.
Det er ein god del bilete frå hennes liv og leven som dukker opp med ujevne mellomrom. Dette er med på å skape liv til historia og samtidig knagger å henge det visuelle på.
Dette er ein biografi som fint kan leses av alle. Ein treng ikkje ha noko kjennskap til personen frå før av for å ha glede av boka.
«Amanda fra Haugesund» er ein sterk biografi som viser eit levd liv som bestod av død og fordervelse, men også mot, standhaftighet og viljen til å bryte loven for at borna ikkje skulle lide under fattigdommen. Eirin Marthinussen har skildra Amanda på ein verdig og fin måte, og trukket fram dei viktigste hendingane frå hennes liv. Dette har ført til at eg som lesar får eit heilhetlig bilete av hennes innhaldsrike liv. Ein solid biografi som går i dybden.
TERNINGKAST: 5

Legg inn en kommentar