Døden bryr seg ikke av Anne-Marie Schjetlein

Fyrste bok i ein svensk psykologisk spenningsserie.

  • Norsk tittel: Døden bryr seg ikke
  • Original tittel: Döden kvittar det lika
  • Forfatter: Anne-Marie Schjetlein
  • Sjanger: Spenning, Psykologisk
  • Antall sider: 303
  • Utgivelsesår: 2026
  • Utgiver: Cappelen Damm

Anne-Marie Schjetlein er svensk forfattar og har gjort stor suksess med Halmstad-serien. Ho er utdanna sjukepleier og har lang erfaring innan helsevesenet. «Døden bryr seg ikke» er Schjetlein sin debutroman i spenningsserien frå Halmstad.

Andreas Nylund jobber som lege på Halmstad sykehus og bor i en flott villa sammen med sin kone og deres to barn. Som kirurg har han sett det meste, men når en bevisstløs kvinne kommer inn på akutten, og Andreas ser de røde krøllene som henger ut over kanten på båren, stopper nesten hjertet hans. På båren foran ham ligger hans elskerinne, hans livs kjærlighet.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlaget Cappelen Damm. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Døden bryr seg ikke».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein psykologisk spenningsserie og er fyrste bok i ein serie på seks bøker om kirurgen Andreas Nylund. Boka vart utgitt på svensk i 2022.

Andreas Nylund er kirurg og lege på Halmstad sjukehus. Han har kone og to born, men jobben tar opp det meste av tida hans. Og på jobben har han funnet kjærleiken på nytt i Tess. Dette har ført til at avstanden mellom ham og kona har økt, og når kona får mistanker om kva som foregår, må ho ta nokre viktige og store val som vil påvirke fleire. For Andreas sin del så er han lykkelig med sin elskerinne, og kaller ho sin livs kjærleik. Ting snues på hovudet når Tess kjemper for livet på operasjonsbordet foran Andreas…

Forfattar rusher ingenting i denne fyrste boka i serien. Dei fyrste 100+ sidene er meir eller mindre ein forholdsroman, der me får eit innblikk i livet til Andreas og kva følelser og tanker han har for sin kone, Katrin, og sin elskerinne, Tess, eller Therese som ho eigentleg heiter. Han bur heime med kone og born, men lengter etter Tess heile tida. Kva får ein mann til å ta det steget, og samtidig lyve for kone og mor til hans to born? Kor langt vil det gå? Etterkvart som historia utvikler seg og ting byrjar å skje, så skifter boka karakter og me blir dratt inn i eit psykologisk spel med fleire spenningstopper.

Det er fleire parallelle historier og karakterer me fylger samtidig. Den eine er om eit born som vert haldt innestengt i ei hytte i ein skog av mor si. Her er det mykje som skurrer og ein har med psykisk sjuke personer å gjere. Eg liker måten dette er bygget opp på, og korleis forfattar fletter det inn i sjølve historia om Andreas og hans liv.

Klumpen av forlatthet i magen lot seg ikke kaste opp. Hun hadde prøvd, men den vokste som en gjærdeig. Rollen hennes her i hytta var å ikke bli sett eller hørt. Å ikke eksistere.

Kona til Andreas, Katrin, er ein kompleks karakter som verkeleg er spennende å fylgje. Me får vite nok til at me får danna eit bilete av ho, men likevel for lite til å forstå ho fullt ut. Lider ho av OCD eller har ho tvangstanker? Kva vil skje mellom ho og Andreas? Vil ho pakke sakene sine og reise, eller vil ho kjempe for ekteskapet?

På forsida av boka står det «svensk sykehuskrim». Denne krimdelen er i beste fall vag. Ja, det er kriminelle handlinger inne i biletet, men det er ikkje det dette handler om. Her er det forhold og det psykologiske aspektet som tar opp det meste av innhaldet.

Krimdelen inneheld handlinger som fører til drap, men me får ikkje ta del i etterforskning eller noko sånt. Dermed blir det ein litt sær oppbygging når det plutselig oppstår ein episode eller drap, og så er det kvardag att i neste øyeblikk, men me får likevel vite kva og kven på sikt. Eg anbefaler med andre ord å ikkje sitte å vente på krimdelen, for då vil du nok bli skuffa. Det er heller ikkje dèt Schjetlein har lagt vekt på i denne serien, noko som raskt lyser gjennom i teksten.

Det er mykje skildringer mellom dialogføringer. Dette kan slå ut begge veier. Det kan dra unødvendig ned tempoet, men det kan også sette oss på sporet av ting, og som lesar kan ein føle seg meir «inkludert» i det som skjer.

De to mennene klappet hverandre tafatt på skulderen før svigerfaren gjorde en innbydende gest mot sofagruppen i midten av rommet. Bert var som vanlig ulastelig kledd i en nålestripet dress. Selv om den sannsynligvis var skreddersydd, la Andreas merke til at den hang løst på skuldrene og hoftene. En rynkete hals stakk opp fra skjortekragen over et gult silkeslips. Ansiktet var furet og kinnene innsunkne.

Det aller meste kretser rundt Andreas og hans liv gjennom jobb og privatliv. Me vert kjent med personer rundt ham, og nokre av dei speler ein meir markant rolle enn andre. Ein kan undre seg over kvifor me får enkeltes perspektiv på saker og og ting, men når boka er ferdiglest ser ein at det har vert ein god plan frå forfattar si side frå start av. Komponeringen av historia er strålende bygd opp, og den som venter på noko godt, venter ikkje forgjeves. Det er ein oppslukende andre halvdel når ein kjem skikkelig i gang, noko som lover godt for dei kommende bøkene i serien.

Det er eit mørkt innhald med hint om overgrep og psykisk sjuke personer som ikkje virker å ha grenser for kva dei kan finne på. Når ein i tillegg får det psykologiske spelet mellom personer, så får romanen enda eit aspekt ein må forholde seg til.

Ein kan sjå at dette er debutromanen til Schjetlein, for det er nokre verkemiddel og grep som ein erfaren forfattar nok ikkje ville gjort. Men det er likevel ein solid og velskrevet roman. Å skrive psykologisk spenningsroman er ein utakknemlig jobb, for det er kanskje ein av dei vanskeligste sjangrene. Eg synes at Annne-Marie Schjetlein kjem godt ut av det, og ein ser glimt av kva me har i vente.

Blodet frøs til is under huden hans. Han syntes han skimtet noe der inne. En skygge som beveget seg. Han nølte. Kroppen adlød ham ikke. Han ville løpe, men ble stående. Ut av frykten steg sinnet over at noen hadde tatt seg inn i huset. Inn i hjemmet deres. Vreden hjalp ham. Kroppen begynte å lystre og førte ham sakte framover.

Boka har eit godt språk og er særs lesevennlig med sine over hundre kapitler. Dette fører ofte til at ein «berre» må lese eit kapittel til før ein legg boka vekk for dagen.

«Døden bryr seg ikke» er fyrste bok i ein svensk psykologisk spenningsserie frå eit sjukehusmiljø. Forfattar skynder seg langsomt og lar lesar få satt seg grundig inn i historia, noko Schjetlein vil dra nytte av videre i serien. Det vert etterkvart spennende og oppslukende, og ein ser glimt av kva me har i vente frå både serie og forfattar. Ein solid debutroman i ein vanskeleg sjanger. Det er berre å glede seg til fortsettelsen.

TERNINGKAST: 5-

Kommentarer

Legg inn en kommentar

Oppdag mer fra Bokblogger

Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

Fortsett å lese