Krigsseilerdatteren av Kristin Remøe

Ein roman om kjærleik og søken etter sine røtter i vaksen alder.

  • Norsk tittel: Krigsseilerdatteren
  • Forfatter: Kristin Remøe
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 267
  • Utgivelsesår: 2025
  • Utgiver: Lyst Forlag

Kristin Remøe er opprinnelig frå Brasil, men har bodd i Noreg i mange år. Ho debuterte som forfattar i 2013 med novellesamlinga «Kjærlighetssmykke». I 2025 gav ho ut romanen «Krigsseilerdatteren».

På dødsleiet til sin tidligere barnepike, får den pensjonerte rektoren Ada vite at hun er adoptert, og at hennes egentlige far er en krigsseiler fra Norge. 
Sjokkert over nyheten, bestemmer Ada seg for å finne ut mer om krigsseilerens liv samt utforske sine egne røtter.
Underveis på denne reisen møter hun en yngre kvinne som får frem ukjente sider ved Ada. Drevet av forvirrende følelser, lar Ada seg rive med inn i et tabubelagt kjærlighetsforhold. Samtidig får hun møte sin ukjente far.

Denne boka er eit leseeksemplar frå Forlagshuset i Vestfold. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Krigsseilerdatteren».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein roman som handler om kjærleik og jakten på ein ukjent far som var krigsseiler.

Me møter Ada. Ho er 74 år og ein pensjonert rektor som får vite ein hemmelighet som setter livet hennes på hovudet. Ho får veta at ho er adoptert, og at far hennar var ein krigsseiler. Ho begir seg ut på ei reise for å forsøke å finne ut meir om denne mannen som skal være hennes far. På reisa oppdager ho også at kjærleik og følelser kan oppstå når ein minst venter det.

Forsvarsmekanismene var nede, hemningene ble til skjøre papirark som smuldret opp, og de rullet seg sakte rundt. De kunne simpelten ikke komme hverandre nær nok. Til slutt ga de seg hen og omfavnet hverandre fullt og helt. Det hadde tatt tid, men nå var de blitt ett.

Det handler også om familieliv. Ada har ei dotter som bur i Frankrike som ho ikkje har så godt forhold til. Men kan opplysningene om at Ada sitt liv er basert på løgner, føre dei tettere saman att?

Forfatter har med enkelte episoder frå andre verdskrig, som f.eks lønnsutbetalinger fra Nortraship som vert holdt tilbake osv, som også er korrekte faktaopplysninger. Me får også eit lite innblikk i krigsseilerens liv og leven frå denne tida.

Selv da Nortraship reduserte lønnen til de norske krigsseilerne på nivå med engelskmenn for at engelske sjøfolk ikke skulle føle seg underbetalt, fortsatte de norske sjøfolkene å seile. Lønnen ble holdt tilbake med lovnader om at den skulle bli utbetalt når krigen var over. Men det skjedde ikke.

Dette er fyrst og fremst ein roman om kjærleiksforhold som har store aldersforskjeller, og om søken etter ein far. Men det handler også om å lære å bli kjent med seg sjølv på ny. Når alt som ein har vekst opp med viser seg å være eit luftslott, så blir jo spørsmålet; Kven er eg eigentleg? Og det spørsmålet må Ada stille seg sjølv i ein alder av 74 år.

Ein anna karakter som speler ein viktig rolle i boka, er 35 år gamle Kaitlyne. Ho slit med sitt, men vert kjent med Ada og forsøker å hjelpe ho med å finne informasjon om faren. Dei utvikler ein form for vennskap, men kva er formålet med dette vennskapet? Ein fin bi-historie som lever sitt heilt eiga liv boka gjennom.

Det er nokre overraskende vendinger og ting vert meir interessant og spennende når ein trur at Remøe har malt seg sjølv og historia inn i eit hjørne. Det er òg ein godt oppbygd historie der fortid møter fremtid. Likevel er det ikkje alt som heng heilt saman i mine auge, og eg trudde ikkje på alt eg fekk servert. Noko virker ikkje heilt gjennomtenkt, og dermed ikkje lika truverdig som resten av historia. Då faller ein litt ut medan ein les, og ein vert kanskje litt meir kritisk til hendingar som skjer seinare i boka også.

Me får servert bruddstykker av livet til krigsseileren. Eg fant bokas store styrke når nettopp livet frå krigens dager vert eit tema. Her synes eg at forfattar kjem til sin rett når ho har faktaopplysninger å lene seg på og spinn videre på dette.

Stormen raste fortsatt kvelden 9. mars 1942. Det var stupende mørkt. Jeg satt i telegrafistlugaren og forsøkte å ta inn noe. Hva som helst. Et lysglimt, en advarsel. Nervene lå konstant utenpå huden mens jeg ventet på angrepet. Det første, store, dunkle smellet. Det som med stor sannsynlighet kunne ende med døden for meg selv og resten av mannskapet. Klokken var ti over ti på kvelden da jeg hørte et svakt dus som fór gjennom dypet et sted.

Me vert kjent med hovedkarakterene og får servert deira positive og negative sider. Følelseslivet er ein del av historia, der tankespinn og overveldande følelser treff dei med full styrke. Mange spørsmål reiser seg etterkvart som historia utspeler seg, og eg synes at forfattar klarar å holde tritt med si eiga historie og kjem godt ut av det.

«Krigsseilerdatteren» er ein roman som handler om å finne sine nye røtter i vaksen alder, om kjærleik og søken etter svar. Dette er ei bok som fylgjer karakterer gjennom tøffe perioder, og viser at livet byr på mange opp- og nedturer, men det er korleis ein takler det som betyr noko. Kristin Remøe har skrevet ein innhaldsrik roman som har eit litt variert innhald, men alt i alt er dette ei bok som er vél verdt å lese.

TERNINGKAST: 4

Legg igjen en kommentar