Hagelivet av Solveig Søderholm

Ei inspirerende bok om å skape ein frodig og blomstrende hage, gjerne inndelt i soner med sansehage, urtehage og meditasjonshage. Her finn du tips, råd og inspirasjon.

  • Norsk tittel: Hagelivet
  • Forfattar: Solveig Søderholm
  • Sjanger: Hobby
  • Antall sider: 170
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Yogahagen Forlag

Solveig Søderholm er en stor hageentusiast, yogalærer, fotograf og skribent. Ho har tidlegare jobba som hageskribent og hagefotograf for ulike magasiner. I 2022 gav ho ut boka «Hagelivet».

Bli med Solveig ut i hagen, der hun har skapt en fruktbar og naturnær plass. Her forteller hun om gledene ved å dyrke sin egen mat og hvordan hagen brukes som en kilde til å motvirke stress og finne overskudd og velvære.
Dette er en herlig fortelling om å stelle i hagen med tilstedeværelse og sanseopplevelser, om oppmerksom spising og om å utøve yoga og meditasjon i hagen mellom blomster, urter og grønnsaker dyrket med mye kjærlighet.
Solveig viser deg hvordan en vidunderlig hage kan være, med konkrete tips om alt fra hagestell og yoga til matoppskrifter og nydelige bilder.
Hagelivet bugner over av inspirasjon og tips til hvordan du enkelt kan plante en økologisk og insektsvennlig hage og en frodig kjøkkenhage for matauk, og hvordan du kan safte og sylte hagens grøde. Bli med inn i Solveigs hage og se hvordan du kan skape din egen meditasjonshage, en romantisk sansehage og et fredelig rom for yoga i hagen. Denne boken er for deg, enten du er hageentusiast, yogautøver, begge deler eller ingen av de to.

Denne boka er eit leseeksemplar på pdf frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Hagelivet».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

I denne boka finn ein gode tips, råd og inspirasjon om korleis ein kan plante og finne roen i sin eigen hage. Alt frå økologisk dyrking til meditasjon og yogahage.

Boka inneheld 5 kapitler med underkapitler, der forfatter blant anna tar for seg å lage ein blomsterrik hage med eit vell av insekter, egendyrking i kjøkkenhage, dyrke ein hage for alle sanser, og det å skape ein meditasjonshage og å drive yoga i eigen hage.

Søderholm viser i denne boka at ho brenn for sin store lidenskap, nemlig hagelivet. Ho skriv med innlevelse og deler villig frå sin erfaring.

Ein hage er langt meir enn berre blomster og insekter. Ein hage kan også være eit uterom for å få tilbake balansen i ein travel kvardag og skape ein indre ro i sjelen. Det handler også om å leve i pakt med naturen, og å hauste av det naturen produserer.

Å dyrke maten selv, høste inn ferske råvarer, tilberede og lage et måltid i kjærlighet, med nærvær og omtanke for mine kjære og meg selv, gir en god og naturlig følelse av å ta del i hagens grøde og årstider.

Det er ein god del bilete i boka, mange av henne sjølv og nokre nærbilete av blomster og hageliv. Her sakna eg bildetekst og litt informasjon rundt bileta.

Ho tar utgongspunkt i sin eiga hage, og skildrer korleis ho og mannen har dyrka denne til å verta ein frodig og mangfoldig hage. Den er delt inn i fleire soner, men ingenting er tilfeldig plantet eller plassert. Mitt fyrste inntrykk var at dette må være på ein stor eigedom, og at alle ikkje har dette til rådighet. Men heldigvis så tar Søderholm høyde for dette utover i boka, og kjem med gode og inspirerende tips om korleis ein kan gjere det beste ut av ein begrenset plass.

Sansehager inkluderer egenskaper, overflater, gjenstander og planter som stimulerer sansene våre gjennom berøring, syn, duft, smak og hørsel. Enten du har stor plass eller liten balkong, er det mange ideer du kan utforske for å gjøre hagen din til en sanseopplevelse.

Det er mange tips og råd om hvilke planter ein kan plante, kva som tiltrekker seg insekter, korleis skape soner og dyrke urtehage, og kva bunntekstur som er å anbefale. Mangfoldet i boka er stor, og vil treffe bredt blant lesere. Det er ingen tvil om at ein vil bli inspirert, sjølv om enkelte ting kan verte vanskeleg å utføre i praksis på grunn av plassmangel, beliggenhet osv.

Sjølv om forfattar skriv om meditasjon og yoga, og har med øvelser og teknikker, så er alt hagerelatert. Dette er ein fin vinkling og ganske så unikt. For mange vil denne boka bli ein døråpner for ein ny og forbedret hage, samtidig som den kan skape ein sinnsro og ein plass der ein kan trekke seg tilbake og slappe av. Alt det grunnleggende til å komme i gang står i boka, så er det berre fantasien som kan stoppe deg fra å utføre draumehagen din.

Både hagearbeid og yoga handler om å knytte seg til naturen, legge merke til ting akkurat som de er, og erfare vår sanne, indre natur. Å gjøre hagearbeid og yoga ute i frisk luft, og nyte duften av blomster fra hagen, bidrar til å redusere stress. Når du gjør yoga i hagen din, konsentrerer deg om følelsen av kroppen din i posituren, sollyset du kjenner mot ryggen, og duften av de voksende plantene rundt deg.

Eg følte eg kunne lese mellom linjene i boka at det ligg eit enormt arbeid bak å holde denne type hager som er beskrevet ved like. For dei som har ein travel kvardag fylt opp med møter og avtaler, kjøring og henting frå morgon til kveld, føler eg fell litt mellom to stoler i denne boka. Å ha ein sansehage krev luking og vedlikehold meir eller mindre kvar dag for å trives. Å ha ein plass å meditere og drive yoga treng å vere organisert og ryddig. Det er ikkje lett å slappe av når det er ugras, løv og visne blomster og greiner i nærleiken av der du sit. Ein urtehage kan derimot vere mindre tidkrevende, sjølv om også denne treng dagleg kjærleik og omsyn.

Det er litt gjentaking her og der, og det vart litt masse oppramsing og skildringer frå forfatters eigen hage for min del. Eg skjønner bodskapet bak, men det vart litt kjedelig i lengden når ein får ein detaljert skildring av ein hage, når alle hager er forskjellige i utforming og størrelse. Her kunne ein i mine auge brukt meir generelle beskrivelser frå ein hage. På ein annen side hadde teksten kanskje ikkje vert like lidenskapelig skrevet viss forfatter skulle skildret ein annen hage enn sin eigen..

Dekorer hagen med gamle, rustne håndkjerrer, eiketønner og sinkbaljer som bugner med delikate blomster og forsterker inntrykket av romantikk og nostalgi. Blomstrende stauder er et flott alternativ, for da trenger du ikke å plante hagen på nytt hvert år.

Dyrking av eigen mat, sylting og safting og lagring av dette er også godt beskrevet. Det er også ein del oppskrifter som virker spennende, og som eg nok må prøve ein gong.

Det er også lagt vekt på kroppen, og korleis den responderer på mat. Det er faktisk tips om korleis ein skal ete maten. Eg smilte litt når eg byrja på det avsnittet, men etter å ha lest det ferdig gav det faktisk meining, og det er heilt sikkert noko i det. Så ein får stadige tips og råd boka gjennom, enten det er blomster, hageliv, insekter, meditasjon, urtehage, yoga eller korleis du skal angripe maten ved matbordet.

Lyder er eit effektivt verkemiddel når ein skal slappe av. Om du bur på landet eller nær ein trafikkert veg, så har Søderholm tips til korleis du kan skape deg ein eigen liten plass for avslapping. Enten ved beplanting eller ved å tilføre hagen rolege og avslappende lydeffekter. Det virker så enkelt når det står nedskrevet, og er kanskje ikkje slik ein tenker over ellers. Så her er det mange gode tips å ta med seg ut i hagen, uten at det koster all verden. Litt planlegging og litt effekter er nok til for at om ikkje utestenge uønsket støy heilt, så hvertfall dempe den nok til å kunne nyte freden.

Søderholm har skrevet ei balansert bok som inneheld alt frå plantetips til konkrete yoga og meditasjonsøvelser. Boka er strukturert og har ein raud tråd heile vegen. Det er ikkje lett å klare å skildre og gi tips og råd samtidig, men her synes eg at forfatter har lykkes godt. Det er skrevet på ein lettfattelig måte, og også steg for steg. Ein finn også lett fram i boka, og kan derfor bli sett på som eit oppslagsverk.

«Hagelivet» handler om å finne tilhørighet og leve i ett med naturen i sin eigen hage. Det er mange konkrete og gode tips, råd og ikkje minst inspirasjon til å skape ein hage der ein kan slappe av og finne roen, gjerne gjennom meditasjon og yoga, men også gjennom økologisk dyrking av matvarer og å skape ein sansehage. Solveig Søderholm har med dette skrevet om sin lidenskap og hobby på ein meget god og oversiktlig måte. Denne boka kjem til å glede mange lesere, og vil inspirere til mange flotte hager i fremtida.

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s