Kurt Hammer er tilbake, og denne gangen må han forsøke å oppklare eit drap i Lima. Dette er bok nr. 2 i denne serien.
- Norsk tittel: Mord i Lima
- Forfattar: Mats Vederhus
- Sjanger: Krim
- Antall sider: 204
- Utgivelsesår: 2019
- Utgiver: Mats Vederhus
Mats Vederhus (Født 1988) er journalist og forfatter. Han debuterte som forfatter med kriminalromanen «Trøbbel i Trondheim» i 2016. I 2019 kom oppfølgeren, «Mord i Lima».

Journalist Kurt Hammer er i Lima, Peru for å unnslippe sine egne demoner og få bukt med alkoholismen. Ferien tar plutselig en uventet vending når han blir vitne til det brutale drapet på en gammel venn.
Ansikt til ansikt med den vanskeligste saken i sin karriere – kan Kurt løse saken og unngå å bli et offer for egne demoner?
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Mord i Lima».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein kriminalroman i Agatha Christie-format, og er bok nr. 2 i serien om Kurt Hammer. Den kan fint leses frittstående, men har koblinger tilbake til den fyrste boka, «Trøbbel i Trondheim».
Dette er mitt fyrste møte med Kurt Hammer, så eg har ingen sammenligningsgrunnlag med den fyrste boka i serien.
Handlinga starter i slutten av Juli 2014, og foregår stort sett i Lima i Peru. Boka starter med ei nyhetssak om at ein norsk milliardær har kjøpt opp russisk kunst for mange hundre millioner kroner på ein auksjon fremfor nesa på ein russisk kjøper. Ein skjønner med dette at kunstverka vil ha ein fremtredende rolle i romanen.
Persongalleriet er bra. Kurt Hammer er hovedpersonen utan at eg følte eg vart veldig kjent med han, men det vart ein kanskje i bok nr. 1? Me får eit bilete av at han har slitt, og sliter fortsatt med alkoholproblem. Det samme kan sies om den andre fremtredende personen, Frank Hansen. Begge er journalister, og begge sliter på kvar sin kant i privatlivet. Ellers møter me ein del karakterer på vegen, og ein får etterkvart eit bilete på kven dei er, og kvifor dei gjer som dei gjer.
Eit mord vert begått og Kurt Hammer som er til stede når det skjer, får i oppdrag av familien å løyse saken. Han går inn med hud og hår for å løyse drapet, og starter sin etterforskning med å avhøyre og sjå etter detaljer. Til slutt samler han alle involverte for å avsløre morderen(e), i rein Agatha Christie-stil.
Boka er i eit relativt lite format, og er på rett i overkant av 200 sider. Den er lettlest, men innehar ein del småfeil. Det er til tider eit merkelig sideoppsett som gjer at det vert unødvendige orddelinger og litt forvirring. Det skal også sies at ein kjem inn i det utover i boka, men likevel verdt å nevne.
Deler av handlinga vert fortalt gjennom nyhetsartikler skrevet av journalistkollegaer av Hammer hjemme i Noreg. Dette er ein snerten vri, og fungerer utmerket i denne boka. Eit og anna hopp tilbake i tid er det også, men kapitlene er godt merket med dato og årstall som gjer det oversiktlig.
Miljøskildringene i Lima er meget gode. Enten har forfatter sjølv vert på plassene, eller har han gjort ein særs godt research. Det er troverdige steder og inntrykk ein får av Peru. Personskildringene er også godt beskrevet, og viser at det er lagt ned eit betydelig arbeid i dette.
Han var nærmere to meter høy, og hadde Johns krøllete hår, men denne mannens hår var blondt, fettete, og vokste i alle mulige retninger. Øynene var små og blå. Blikket flakket. Føttene var stukket ned i sorte sko, tilsynelatende av krokodilleskinn. Hadde han gått i en sort t-skjorte og hullete jeans hadde han minnet om en rockestjerne fra midten av åttitallet med en kokainavhengighet, tenkte Frank.
Plottet er ikkje av det djupeste slaget, men inneheld likevel momenter som gjer at ein er usikker på kven som er morderen(e), frem til avsløringa på slutten, så her held forfatter kortene tett til brystet, samtidig som han legg ut nokre hint undervegs. Når ein fyrst får løysinga på mordgåta, forklarer også karakterene kva som avslørte den eller dei som gjorde det. Det gjer til at ein får nokre aha-opplevelser, og er godt utført av Vederhus.
Ein del av det som skjedde og nokre valg enkelte personer gjer, vart for meg urealistisk og lite troverdig. Men som ein røverhistorie er det ei god bok. Ein må lese den for det den er, og leve seg inn i handlinga ut fra det.
Alkoholmisbruk og problem rundt dette er eit av temaene i boka. Her synes eg forfatter skriv med ein fin penn og med verdighet rundt eit samfunnsproblem som mange er ein del av. Siden boka er såpass kort er det vanskelig å gå djupt inn i materien, men eg synes Vederhus har skrevet ein god bi-historie rundt dette, og kortet det ned til å få med de viktigste momenta.
Dette er ei bok som ikkje innehar den store spenningskurven, dei storslåtte og brutale drapene og heftige actionscenene. Det er meir ei bok ein kan kose seg med ute i solveggen eller mellom tyngre bøker. Forfatter har skrevet ein krimroman der ein må prøve å bruke litt tid på å tenke og gjerne lese ein setning og to fleire ganger for å forsøke å sjå sammenhengen og finne ut kven som står bak. Likevel kan du verta overraska på slutten….
«Mord i Lima» er skrevet etter god gammeldags Agatha Christie-oppskrift, og innehar ein blanding av fiksjon og realisme. Den er lettlest og er eit flott alternativ til den «tyngre» krimlitteraturen på markedet. Eg håper det kjem fleire bøker om Kurt Hammer.
TERNINGKAST: 4-