Forklarelsens øyeblikk av Bjørn Bakken

Ein knakende god krimroman og bok nr. 2 om drapsetterforsker Renate Gundersen.

  • Norsk tittel: Forklarelsens øyeblikk
  • Forfattar: Bjørn Bakken
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 305
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Bjørn Bakken

Bjørn Bakken (Født 1956) har bakgrunn som lærer, kulturkonsulent, kinosjef og rektor. Bakken er også mannen bak bokbloggen Bjørnebok. Han debuterte med «Lang lang rekke» som kom ut i 2020, og fylgde opp med «Forklarelsens øyeblikk» i 2022.

Renate har besøkt Tiiu, Carl Fredrik og Lone i Aarhus. Livet smiler.
Tilbake på politihuset i Kristiansand får hun ansvaret for sin første drapssak. Profilert forretningsmann funnet drept.
Saken virker opplagt, bevisene er overveldende, etterforskningen går på skinner. Et nytt drap endevender alt. Mørke hemmeligheter presser seg mot overflaten, gamle synder kaster lange skygger. Og Renate må ut i et kappløp hun ikke kan tape.

Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Forklarelsens øyeblikk».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er bok nr. 2 om drapsetterforsker Renate Gundersen, og denne boka fortsetter nokre måneder etter der «Lang lang rekke» slutter. Det er store forgreininger til bok nr. 1, så eg vil anbefale å lese den fyrst.

Handlinga foregår i november og desember 2019, og hovedsaklig på Sørlandet, nærere bestemt i Kristiansand. Eg fekk riktignok aldri heilt følelsen av å vere på det «blide Sørland», men det har nok meir med det dystre innhaldet og årstida å gjere.

Me møter igjen Renate, Tiiu og Carl Fredrik frå fyrste bok, og etter å ha landet frå dei rystende hendingene som skjedde der, skal dei fort oppdage at fortida allerede er i ferd med å innhente dei.

Eg følte at dialogene i starten av boka var litt hakkete, men det skulle fort forandre seg, for det tok ikkje lang tid før eg var hekta på den oppslukende historien, og dialogene flyter strålende utover.

«Med denne handlingen starter veien mot oppreisning og rettferdighet. Nå fjerner jeg hetta om et lite øyeblikk. Da vil du få se hvordan du skal dø, du som elsket lystene høyere enn Gud, Herren, som så at menneskets ondskap er stor på jorden!» Lyset er som en eksplosjon og det går noen sekunder før øynene klarer å fokusere. Når hjernen oppfatter hva han ser, skriker han. Lydløse skrik som ingen kan høre.

Boka er mørk og dyster. Det er overgrep, fornedrelse, smerte, redsel og hevngjerrighet som er eit gjennomgående tema. Renate, som er hovedkarakteren, må kjempe på fleire fronter. Ho får ansvaret for ei drapssak som i utgangspunktet ser ut som ein grei skuring, men det skal fort forandre seg. Samtidig er det nokon eller nokre som vil avsløre kva som eigentleg skjedde i den forrige saken ho var invovlert i, og ho må holde maska og tankene under kontroll på fleire plan. Som om ikkje det var nok, så er hennes mor i ferd med å svinne heilt bort frå ho på sykehjemmet. Det er dermed duket for interessante bi-historier som blendes mesterlig inn i historia.

Som i den forrige boka til Bakken, fylgjer me gjerningsperson og politietterforskning parallelt. Eg synes dette er ein glimrende måte å fortelje ei historie på, og det vert enklere for leser å fylgje med på utviklinga og hypotesene til etterforskningsteamet.

Plottet ser i utgangspunktet litt enkelt ut, men med stadige overraskelser og vendinger viser det seg at plottet er langt meir innfløkt enn det ser ut som i starten. Nok eit meget godt trekk av forfatter.

Persongalleriet er godt og variert. Det er ein del personer som er nevnt, men ein får aldri følelsen av å bli bombadert med navn sidan forfattar sprer det utover. Eg følte at eg fekk eit betre bilete av kven som skjuler seg bak personen Renate er i denne romanen, noko som er eit pluss. Ho er ei psykisk sterk kvinne, som likevel har sine svakheter som kjem godt fram i boka. Ho gleder seg til julen, for da skal hennes kvinnelige kjæreste og hennes dotter flytta inn hos ho, og endelig skal dei verte samboere. Men i skyggene trues ho frå fleire kanter, og det er mange ting som etterkvart står på spel.

Det er ei lettlest bok med eit mørkt innhald. Det vert ein del drap, men forfatter har unngått bestialske skildringer og dempet desse drapa ein del. Likevel er det ein gjerningsperson som elsker å sjå sine ofre bli pint til døde, og det kan bli enkelte sterke inntrykk. Måten Bakken skildrer desse hendingane er stor forteljarkunst.

Mannen er naken, og det første hun legger merke til er fingrene, hvor kjøttet henger i laser etter å ha utkjempet en håpløs kamp. Blitzlampen flerrer opp nattemørket og avslører et ansikt forvridd i en grotesk maske av bunnløs redsel. Renate kjenner kvalmen velte seg når hun oppdager sårene rundt mannens munn, som kan tyde på at han har forsøkt å bite seg ut av fellen.

Kapitlene er korte men samtidig inneheld dei mykje. Om det er litt stillstand ein plass, er det noke som skjer ein anna plass, så drivet er der heile tida. Romanen blir etterkvart så spennende at eg berre «måtte» lese eit kapittel til.. Og før ein veit ordet av det er det mørkt utenfor stovevinduet og resten av husstanden har lagt seg.
Viss ein er interessert i å kjøpe desse bøkene, så kan ein trykke på linken ved «Utgiver» lengre oppe i teksten. Då kjem ein direkte til nettsida til forfattar.

«Forklarelsens øyeblikk» er ein knakende god krimroman. Den overrasker med sitt innhald og sitt kløktige plott. Dette er utan tvil ein dark horse innen krimsjangeren som fort kan bli ein reell utfordrar til eliten. Anbefales på det varmeste.

TERNINGKAST: 5+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s