Alene – Del 2 av Bruno Gazzotti og Fabien Vehlmann

I del 2 av denne teikneserien må barna innrette seg etter andre regler og rangordning. No må dei kjempe… Alene!

  • Norsk tittel: Alene
  • Original tittel: Seuls
  • Forfattar: Bruno Gazzotti & Fabien Vehlmann
  • Sjanger: Barn og ungdom, Teikneserie
  • Antall sider: 208 sider fordelt på 4 bøker
  • Utgivelsesår: 2019-2020
  • Utgiver: QlturRebus Forlag

Bruno Gazzotti (Født 1970) er ein belgisk teikneserieforfattar. Han var med på den store suksessen med krimteikneserien «Soda» i åra 1989-2005, før han saman med Vehlmann skapte bestselgaren «Seuls», som er «Alene»-serien i Noreg.
Fabien Vehlmann (Født 1972) er ein fransk teikneserieforfattar. I 2009 fekk overtok han ansvaret for teikneserien «Sprint».

I denne serien er det dei fem barna, Ivan, Lea, Camilla, Tommy og Dodji som er hovudpersonane. Det er ein heilt vanleg kveld, dei er heime i sine respektive hus og familier. Alt er som vanleg, men i løpet av denne natta skal mystiske ting skje. Når dei våknar neste dag, har alle beboerene i byen forsvunnet sporlaust. Dei finn kvarandre gjennom ein tur i byen. No må dei begi seg ut på ei reise for å finne andre mennesker. Men fyrst må dei kunne samarbeida, for i skuggane er det eit eller anna som fylgjer med på dei. Dei må læra seg å overleva… I del 2 av denne serien er dei fem barna fortapt og omgitt av farer på alle kanter i Limbusriket. Saman har dei kjempa og holdt saman. Vil dei endeleg klara å finna sanninga på kva som har skjedd? Klarar dei å holda saman? Ein ting er hvertfall sikkert, barna må lære seg å kjempa… Alene!

Desse bøkene er leseeksemplarer frå QlturRebus Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet mi eiga subjektive vurdering av «Alene».

Del 2 i denne serien består av 4 bøker (Nr 6-9). Serien fortset ei lita stund etter der den slutta så dramatisk i del 1. I Noreg er det pr desember 2020 gitt ut 9 bøker i «Alene»-serien frå QlturRebus Forlag. Ifølge Wikipedia er det komt ut 12 bøker, og den 13’ er forventa utgitt i 2021 i Frankrike. Med andre ord kjem det fleire bøker i framtida.

Dei to klanane kjempar om territorium i byen, og dei førar nærast ein krig mot kvarandre. Men så skjer det ting som gjer at dei må byrja å samarbeida for å overleva. Og nettopp samarbeid og samhold er viktige temaer i denne serien. Alle er avhengig av kvarandre, på godt og vondt.

Del 2 syntes eg var mørkare og hadde eit meir voksent preg i innholdet. Eg sakna litt av den humoren som var i del 1. Men som nevnt, forfattarane har ein mørkare framtoning i si forteljing. Historien tar nye vendingar, og noko av forteljinga kan gå litt over hovudet på dei minste. Eg meiner at serien har blitt meir voksen, og dermed kanskje ikkje passar for barn under ungdomsalder.

Som i dei forrige bøkene finn me fortsatt banning og voldelige slåsskampar, slik at foreldre er obs på dette. Eg syntes at i enkelte av slåssescenene så var det vanskeleg å skilja kamphanene frå kvarandre på teikningane. Det var forvirrande å skjøna heilt kva som skjedde.

Zombier vert også ein del av historia. Det vert óg fleire personar å forholda seg til, og maktkampar mellom forskjellige klanar og familiar å holda styr på. Det byggjer seg opp med andre ord.

Det skjer noko stort sett heile tida i bøkene, så det er lite dødtid. Teikningane er gode, detaljerte og forklarande. Det er ein god del tekst i leseboblene, men denne gangen er ikkje skrifta så lita som den til tider var i del 1. Så det er eit pluss.

Serien er spanande, interessant og har mange dilemmaer og temaer i seg. Religion og død, venskap og kjærleik, samhold, og ikkje minst; kven kan du eigentleg stola på?

Det finnes ikkje så mange teikneseriar for ungdomar og vaksne på det norske bokmarkedet. Denne serien kjem dermed inn som ein frisk pust. Har du ungdommer i familien, eller er på jakt etter ein god teikneserie sjølv? Då vil eg anbefala «Alene»-serien.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s