Tante Plante er tilbake! Saman med venene sine må ho hjelpa nissemor på Nordpolen. Klara dei å redda jula?
- Norsk tittel: Tante Plante reiser til Nordpolen
- Forfattar: Stine Heggedal
- Sjanger: Barnebok
- Antall sider: 53
- Utgivelsesår: 2020
- Utgiver: Blomsterengen Forlag
Stine Heggedal er fra Oslo. Tidlegare har ho jobba med utleige av leiligheter. «Tante Plante redder biene» er hennes forfattardebut. Heilt sida ho var ung har ho hatt lyst til å verta forfattar. Fleire «Tante Plante» bøker er planlagt framover.

Snøen er kommet og det er julafta i Poppelskogen. Tante Plante gjer sine juleforberedelser når ho plutseleg får eit brev frå nissemor. Det er kaos i julenissens verkstad på Nordpolen, sidan alvene ikkje har laga julegåvene. No treng nissemor hjelp frå Tante Plante. Ho skundar seg avgårde, og får hjelp av hennar to gode vener. Men rekk dei fram i tide, og klarar dei å redda julegåvene?
Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Tante Plante reiser til Nordpolen».
Boka startar nesten identisk slik den fyrste boka, «Tante Plante redder biene» starta. Så kan ein spørja seg om det er lurt eller dumt? Eg meiner det er eit lurt trekk. Barna gjenkjenner nok umiddelbart situasjonen og historia viss dei har lest den fyrste boka. Og for dei som ikkje har lest den fyrste boka, så startar den med ei due som bæsjer på Fru Fisefin. Det slår alltid godt an hos barna. (Og hos den barnslige delen av dei voksne).
Denne gongen har forfattar Stine Heggedal fått ein ny person til å stå for teikningane i boka. Natalia Popova frå Russland har teikna nokre fantastiske bilete. Det er rett og slett «woooow»-faktor på mange av dei.
Heggedal har tatt med seg dei same personane frå forrige bok inn i denne forteljinga óg. Barna vil umiddelbart kjenne igjen omgivnadane og navna.
«– Er du pling plong julekakebrød, eller? sier Emmy Eplesaft. – Du kan ikke avlyse julen. Da blir alle barna lei seg.»
Dette er ei julebok. Ei veldig kjekk og koseleg bok som ein kan lese på sengekanten eller i sofakroken no når det nærmar seg jul. Det er også eit lite parti i boka som kan vera bittelitt skummel for dei aller minste, men Heggedal ufarliggjer da som er skummelt veldig kjapt.
Eg liker måten forfattar drar samfunnsmessige utfordringar og problem inn i forteljinga for barn. Det er ein heilt naturleg del av historien, men når ein tenkjer etter, så er det dessverre eit faktum at mange opplev dette. (Lesar av boka vil skjønne kva eg hentyder til)
Det er litt meir tekst i denne boka, men den er veldig lettlest og kan fint lesast på ei lita kveldsstund. Teikningane vil få liten og stor til å stoppa opp og kikka nærare på, sidan dei verkeleg er eit blikkfang. Historia er koselig, spanande, og også litt trist. «Tante Plante reiser til Nordpolen» er ei flott juleforteljing for barn som kan takast fram år etter år.
TERNINGKAST: 5+