Chris flyttar til storbyen for å studera, men merkelege ting byrjar å skje. Han kjem i kontakt med Lisa, den vakraste jenta han har sett. Dette møtet skal snu opp-ned på hans tilværelse og liv. «Storbynetter» er ein fantasyroman.
- Norsk tittel: Storbynetter
- Forfattar: Pål-Erik Winther
- Sjanger: Fantasyroman
- Antall sider: 318
- Utgivelsesår: 2016
- Utgiver: Umbrella Forlag
Pål-Erik Winther (Født i 1973) er IT-konsulent, og er bosatt i Lysefjorden. I 2016 kom han ut med sin første bok, «Storbynetter», som er ein fantasyroman. I 2019 kom han ut med «Sebastian&Isabelle – Den tredje portal».

Chris har flytta inn til byen for å studera. Endeleg skal storbydraumen hans gå i oppfyllelse. Men han finn fort ut at det ikkje vil bli som han hadde sett for seg. På nattestid foregår da merkelege hendingar ved universitetet der han studerar, og fleire av hans medstudentar forsvinn sporlaust. Han treff på ei vakker jente, som trekk han inn i ei verd han aldri ville trudd eksisterte. Dette blir starten på nye bekjentskaper, venskap og kjærleik. Men også eit mørke som overgår alt anna. Ingenting vil verta det samme att.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Storbynetter».
Chris har flytta inn til ein storby. Her deler han ein leilighet saman med William. Chris sliter med fryktelege mareritt. Dei kjem til han nesten kvar einaste natt, og ofte våknar han av at han skrike høgt og er gjennomsvett. Han går på Carver universitetet der sju studentar har forsvunnet sporlaust på kort tid. Den siste var ei jente som budde i det samme hybelbygget som han sjølv. William har advart han om å ikkje gå åleina rundt i utkanten av byen, men ein dag William er på fest, sit han i leiligheten og bestem seg for å ta seg ein tur ut. Han blir dratt mot utkanten av byen, og går inn på eit utested som heiter Credo. Her treff han på den vakre Lisa som sit ved eit bord saman med venene sine. Bartenderen på stedet advarer Chris mot å snakka med dei, men Chris overser han. Resten av kvelden er han oppslukt av Lisa, og dei sit og snakkar saman til langt på kveld. Dette blir starten på eit heilt nytt liv, og ei ny verd utfoldar seg rundt han.
«Blod dryppet mot bakken. Først bare dråper, men så begynte det å renne. T-skjorten hans var gjennomtrukket av blod. Han kjente en skarp, stikkende smerte, og så våknet han. Han reiste seg raskt opp og slo på lyset. Han var våt av svette, skalv voldsomt og pustet tungt som om han hadde løpt. Det hadde føltes så virkelig.»
Dette er debutboka til forfattar Pål-Erik Winther, som er ein fantasyroman som vart gitt ut i 2016.
Det var enkelte partier som gjorde meg lettare forvirra, og eg fekk ikkje tak i kva forfattaren ville formidla. Eg synes også det var ein del gjentakande setningar, som f.eks «klapping på skulderen». Savnet også litt meir informasjon om karakterane i boka, då eg følte eg ikkje vart så veldig godt kjent med hovedkarakterane som eg skulle ynskja.
Dette er den andre boka eg les av Winther, og eg er imponert over måten han skriv på. Sjølv om den ikkje er feilfri, så drar han meg med inn i det underfundige fantasyuniverset sitt, og eg trur på det han skildrar for meg. Det er sjølvsagt eit stort pluss, og den er ungdommelig skrevet med voksent innhold.
Det er ingenting å seia på historia som blir skapt. Hovedkarakteren utviklar seg gjennom boka, og eg synes forfattaren veks i takt med Chris si utvikling. Boka vert med andre ord betre og betre utover og Winther visar med denne boka at han verkeleg har ei framtid som forfattar, som han også viste med «Sebastian & Isabelle – Den tredje portal.
Sjølv med sine småfeil her og der, er denne boka ein god leseopplevelse. Språket er lett og progresjonen i forteljinga er veldig bra. Eg likar måten Winther skildrar omgivelsane i bøkene sine, og håpar det kjem fleire utgjevingar frå den kanten, og at fleire oppdagar bøkene hans.
TERNINGKAST: 4