Sort gryte av Lene Lauritsen Kjølner

Eit medlem av deathmetal-bandet Frityricon vert funnen drept i ei jettegryte på Ankersholmen. Olivia byrjar å nøsta i saken. I den syvende boka om privatetterforskar Olivia Henriksen vert me tatt med til eit hardbarka musikkmiljø.

  • Norsk tittel: Sort gryte
  • Forfattar: Lene Lauritsen Kjølner
  • Sjanger: Krimroman
  • Antall sider: 303
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Fagervik Forlag

Lene Lauritsen Kjølner (Født 1962) er skribent og forfattar. Ho debuterte som forfattar med novella «Armer og Bein» i 2013. I 2014 kom den fyrste av til no sju bøker (2020) om privatetterforskar Olivia Henriksen. Med «Høyt henger de» vann ho Nytt blod-prisen for beste krimdebut. Ho har også gitt ut ei rekkje noveller.

Frontfiguren i deathmetal-bandet Frityricon vert funnen drept og stappa ned i ei jettegryte på Ankerholmen. Dette bandet bur for tida på Havnehotellet, der Olivias gode vennine Mona styrer og steller. Dermed kjem Olivia tett på, og byrjar å snusa i mordgåta. Ho er også engasjert i ei sak, der ein mann blir beskyldt for seksuell trakassering i det samme miljøet. Olivia besøker «Mørk Natt»-festivalen som pågår i Tønsberg, i håp om å finna nokre spor etter motiv og mistenkte. Ho befinn seg snart i eit miljø omgitt av voldelige og farlege bandmedlemmer.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Sort gryte».

Burleskdanserinna Leonora kjem til Olivia med ynskje om at ho skal engasjera seg i ei sak om seksuell trakassering i musikkmiljøet. Olivia tar saken, men ho skal få meir å gjera, for frontfiguren i deathmetal-bandet Frityricon vert funnen drept. Geir Svendsen vert funnen i ei jettegryte på Ankerholmen, og Olivias samboer, politimannen Torstein, byrjar å etterforska drapet. Mona jobbar på Havnehotellet der Frityricon bur under festivalen og Olivia involverar ho i privatetterforskninga i begge sakene. Dei finn fort ut at det skortar ikkje på mistenkte i drapssaka, og Mona gjer da ho kan for å sjå om det verkeleg er noko #metoo sak.

Dette er bok nr 7 i serien om privatetterforskar Olivia Henriksen. Bøkene bør lesast kronologisk. Sjølv om dei fint kan lesast frittståande, er det likevel ein samanhengande historie i privatlivet som gjer at ein får meir utbytte av å byrja frå starten.

Forfattaren tar oss denne gangen med inn i eit hardbarka musikkmiljø. Me vert kjent med forskjellige deathmetalband, der medlemmane har vidt forskjellige personlegheitar og hobbyar som ein ikkje hadde forventa i dette miljøet. Det er også ein #metoo sak på gang som opprinneleg er årsaken til at ho havnar midt oppi drapsgåta. Denne saken føler eg havnar litt i skyggen etterkvart, men det er vel naturleg at eit drapsmysterium får størst prioritering.

Kjølner har eit heilt særegent språk. Med mange morosamme karakterar omgitt av eit idyllisk skjærgårdsmiljø på Ankersholmen, ligg alt til rette for nok ei god krimbok. Og ho sviktar ikkje i denne boka. Plottet er nok litt enkelt, men veldig bra på samme tid. Når forfattaren skriv på den måten som ho gjer, så sit ein ikkje å tenkjer så masse på realisme medan ein les. Her er det rein underholdning og mange smil undervegs.

«Genser over skuldrene ble ansett som like gangbart i rockekretser som en plastbåt under trebåtfestivalen. Det visste jeg med sikkerhet.»

Kjølner skapar mange morosamme bilete med sine fantastiske metaforer. Det ligg eit par bilete på netthinna som eg går rundt og humrer til lenge etter at boka er lest.

Eg kan verkeleg anbefala serien om privatetterforskar Olivia Henriksen. Dette er ei lystbetont og lettlest krimserie som eg vert meir og meir glad i for kvar bok eg les.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s