3 steiner til nøkken av Kjell-Vidar Åhman Teig

Sju historiar om Robert Baastads liv og død vert servert i denne dystre grøsserboka, som også inneheld lun humor og alvorsprega situasjonar.

  • Norsk tittel: 3 steiner til nøkken
  • Forfattar: Kjell-Vidar Åhman Teig
  • Sjanger: Grøsser (Spenning)
  • Antall sider: 196
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Music Is Everywhere

Kjell-Vidar Åhman Teig er oppvokst i bygda Båstad i Indre Østfold, men bur no utanfor Stockholm. Han jobber som Creative-/Art Director, samt at han er rockemusiker. Han gav ut albumet «Bare noen minner» i 2018 og «Bag og Bones» i 2019. Som forfattar debuterar han med boka «3 steiner til nøkken» i 2020.

Robert Baastad bur i Øyerstad i Indre Østfold. Foreldra skilde seg tidleg på 90-talet, så her bur han saman med sin far og to brødre. Gjennom sju forskjellige historiar tar Robert oss med på ei reise som omhandlar alt frå kumøkk i eit spann, demoner og nøkken, til det overnaturlege og møte med døden. Nokre av historiane er basert på verkelege hendingar frå forfattarens liv i denne grøsserboka.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «3 steiner til nøkken».

Robert bur saman med sin far og brødrene Anders og Fredrik i den litle bygda Øyerstad. Foreldra er skilde, og faren har hovedomsorgen. Han er asfaltarbeidar, og er masse på jobb. Dermed er det nabokona Karianne som er innom om morgonen og vekkjer ungane og ser til at dei står opp, og kjem seg tidsnok til skulen. Faren gjer da han kan for at dei skal ha det så bra som mogleg, men da er ofte dei er rufsete i håret, og har hullete klér når dei kjem til skulen. Dei tre brødrene trur sjølv at dei er nokon tøffe gutar. Dei betalar ikkje billett på buss, og set seg bakerst i bussen og er høglytte og frekke. Me fylgjer Robert og brødrene gjennom sju historiar med grøss og gru, men også god humor og alvorsprega situasjonar.

«Den ene armen hadde en lei vinkel, hun manglet en sko, og en edderkopp voktet hullet der det ene øyet hadde vært. Jeg kunne se for meg hvordan det pulserte der inne i øyesokkelen, millioner av edderkoppegg.»

Her får me servert fleire historiar i ei bok. Dei er uavhengig av kvarandre, men mange av historiane linkes saman på eit vis likavel. Dette er fyrst og fremst ei grøsser-bok, der me får servert diverse grøss og makabre skildringar. Eg synes at nokre av desse grøsserskildringane blir litt klisjéaktige. Men Teig skal ha ros for å flette inn familielivet til Robert, der eg som lesar får eit nærare forhold til det som skjer når f.eks ein demon kviskrar ein kjær person i øyra, eller følelsen ei mor må ha når ei kråke stirar på deg med to små kullsvarte auge frå munnen på sin eiga son. Eg sit igjen med følelsen av at boka er på sitt beste når forfattar skriv om det «daglegdagse».

Nokre av historiane er strålande, medan andre er meir på det jevne. Hovedårsaken til det er at eg ikkje heilt hang med på enkelte av grøsserskildringane. Språket er veldig bra, med enkelte lokale dialektord. Det gav det eit meir realitetsorientert bilete av at hendinga faktisk foregår i Indre Østfold.

Boka innheld ikkje berre spenning og grøss. Her finn me morosame påfunn frå brødrene. Som f.eks når dei skal samla kumøkk i ei bøtta og setja på ein buss, for å sjå om folk reagerer meir på den lukta enn lukta av fjertane til Fredrik. Det er også alvor i boka, der me får vera vitne til livets siste fase, på godt og vondt. Ein veldig sterk historie, som er særs godt skildret og skrevet. Det må også nevnes at epilogen er skrevet i diktform på ein strålande måte.

Alt i alt ein meget god forfattardebut frå Kjell-Vidar Åhman Teig. Han skriv i forordet at han har lagt tidlegare bokprosjekt på ei hylla. Eg håpar han tar desse fram igjen, børster støvet av dei og jobbar med nye utgivingar, for han visar med denne boka at han har masse å bidra med som forfattar. «3 steiner til nøkken» er ei annleis og spanande bok, som eg håpar mange vil lesa.

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s